2 Forslag om endringar
Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer faste og variable lønsutgifter, samt lønsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar og øvrige ordinære driftsutgifter.
Finnmarkskommisjonen blei oppnemnd ved kongeleg resolusjon 14.03.2008 og er operativ frå hausten 2008. Oppnemninga av Utmarksdomstolen vil utstå noko sidan det ikkje vil vere høve til å reise sak inn for domstolen før kommisjonen har avslutta kartlegginga av eksisterande rettar i det første utreiingsfeltet. På grunn av forseinkinga foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 410, post 01 med 4 mill. kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er medrekna i rettsgebyret. Forbruket på posten er knytt til talet på og omfanget av saker og er derfor ikkje styrbar.
På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 410, post 21 med 4 mill. kr.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, skjønn, skifte, konkurs m.m. Inntektene er regelstyrte.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3410, post 01 med 30 mill. kr.
Kap. 3412 Tinglysingsprosjektet
Post 02 Gebyrinntekter, tinglysing i fast eigedom
Posten er nyoppretta i 2008 og skal dekkje inntekter frå tinglysing i fast eigedom ved Statens kartverk. Inntektene har tidlegare blitt ført på kap. 3410, post 01.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3412, post 02 med 57 mill. kr.
Kap. 413 Jordskifterettane
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer sideutgifter som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker.
Justisdepartementet har fått meirinntektsfullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413, post 02. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 413, post 21 med 1 mill. kr ettersom inntektene på kap. 3413, post 02 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, jf. omtale under kap. 3413, post 02.
Kap. 3413 Jordskifterettane
Post 02 Sideutgifter
Løyvinga på posten dekkjer inntektene som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413, post 02. Inntektene på posten er venta å bli 1 mill. kr lågare enn gjeldande løyving for 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 3413, post 02 med 1 mill. kr, jf. omtale under kap. 413, post 21.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne og rettsvitne og reiseutgifter til desse. Posten dekkjer også utgifter til vitne som møter eller på anna måte forklarar seg for Kommisjonen for begjæring om gjenopptaking av straffesaker samt nødvendige blodprøver/DNA-testar i kommisjonen sitt arbeid.
På bakgrunn av rekneskapstal, erfaringstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 414, post 01 med 18 mill. kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga dekkjer utgifter til godtgjering til medlemmer av forliksråda og kompetansehevande tiltak i form av kurs.
På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auka løyvinga på kap. 414, post 21 med 3 mill. kr.
Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eigedomsinformasjon as
Post 85 Utbytte
Gjeldande løyving på posten i 2008 er 8,1 mill. kr. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon våren 2008 blei det vedteke eit utbytte på 12,64 mill. kr for rekneskapsåret 2007. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 5630, post 85 med 4,54 mill. kr.
Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter (løn, varer og tenester) i kriminalomsorga.
Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 2,4 mill. kr mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 430, post 21, jf. omtale under kap. 430, post 21.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03. Ettersom inntekter frå sal og tilskot i 2008 er venta å bli høgare enn lagt til grunn for løyvinga i 2008, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 6,765 mill. kr, jf. omtale under kap. 3430, post 03.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 04. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2008 er lågare enn lagt til grunn for løyvinga for 2008, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 med 108 000 kr, jf. omtale under kap. 3430, post 04.
Oppsummering
Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 9,057 mill. kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar utgifter arbeidsdrifta har til materiale, vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr, kursing av tilsette retta mot hjelpemiddel brukt i arbeidsdrifta, samt vedlikehald og drift av maskinparken. Arbeidspengar til dei innsette inngår også i løyvinga.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 02. Inntektene under kap. 3430, post 02 er venta å bli 5,894 mill. kr høgare enn lagt til grunn for løyvinga for 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 430, post 21 med 5,894 mill. kr, jf. omtale under kap. 3430, post 02.
Meirutgiftene i samband med arbeidsdrifta på kap. 430, post 21 er venta å bli lågare enn meirinntekta på kap. 3430, post 02. Justisdepartementet foreslår derfor å omdisponere 2,4 mill. kr frå kap. 430, post 21 til kap 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.
Oppsummering
Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 430, post 21 med 3,494 mill. kr.
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a., kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og oppdatert prognose foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 430, post 60 med 7 mill. kr i 2008. Dette skuldast forseinkingar i enkeltsaker som gir utsetjing i utbetaling av refusjonar.
Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 02. Basert på rekneskapstal og prognosar er inntektene på kap. 3430, post 02 venta å bli 5,894 mill. kr høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430, post 02 med 5,894 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 21.
Post 03 Andre inntekter
Løyvinga på posten dekkjer bl.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03. Inntektene frå sal og tilskot på kap. 3430, post 03 er venta å bli 6,765 mill. kr høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430, post 03 med 6,765 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 01.
Løyvinga på posten vart auka med 11 mill. kr i 2008 pga. venta inntekt ved eigedomssal i Østensjøvegen. Netto salsinntekt blei 7,799 mill. kr noko som medførar at salet har gitt ei mindreinntekt på 3,201 mill. kr. Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 3430, post 03 med 3,201 mill. kr.
Oppsummering
Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3430, post 03 med 3,564 mill. kr.
Post 04 Tilskot
Løyvinga dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 04. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga i 2008, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3430, post 04 med 108 000 kr, jf. omtale under kap. 430, post 01.
Kap. 432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer lønsutgifter til skulens personale, løn til aspirantar og utgifter til drift og husleige til skulebygningen.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 432, post 01 med 770 000 kr på grunn av at inntektene på kap. 3432, post 03 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2008, jf. omtale under kap. 3432, post 03.
Kap. 3432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter
Post 03 Andre inntekter
Løyvinga omfattar mellom anna inntekter frå aspirantane sin del av skulebøker og studietur. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Basert på rekneskapstal og prognosar er inntektene på kap. 3432, post 03 venta å bli 770 000 kr lågare enn det som er lagt til grunn i løyvinga for 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 3432, post 03 med 770 000 kr, jf. omtale under kap. 432, post 01.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01
Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).
Det er venta ei auke i talet på produserte pass på 60 000 stk. Dette vil gje auka utgifter på til saman 16,5 mill. kr basert på ein einingspris på 275 kr. På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 14,3 mill. kr, jf. omtale under kap. 441, post 01 og kap. 3440, post 01.
Drift og investeringar
I juni 2008 leverte Politidirektoratet rapporten «Politiet mot 2020 – Bemannings- og kompetansebehov i politiet.» Rapporten foreslår ei bemanningsauke i politi- og lensmannsetaten med 2 700 polititenestemenn og 1 000 sivile stillingar innan år 2020. I St.prp. nr 1 (2008-2009) for Justisdepartementet har Regjeringa følgd opp dette forslaget ved at opptaket ved Politihøgskolen er auka til 552 studentar. Det er også foreslått å auke talet på sivilt tilsette. På grunn av at opptaket på Politihøgskolen har vore lågt i mange år, er det ikkje mogeleg å auke talet på polititenestemenn på kort sikt. Det er derfor viktig at driftsbudsjetta til politidistrikta mellom anna gjev rom for å tilsetje sivile slik at politiutdanna tenestemenn kan frigjerast til operativt politiarbeid.
Budsjettet til politi- og lensmannsetaten dekkjer all drift i politidistrikta. I tillegg skal og investeringar og utviklingsutgifter dekkjast innanfor budsjettramma. Når budsjettet skal fordelast, held Politidirektoratet attende løyvingar til utvikling av til dømes valdsalarmar og utstyr til produksjon av pass med biometri. I 2008 har utgiftene til desse oppgåvene blitt høgare enn budsjettert.
Politidirektoratet oppgjev eit meirforbruk på 3,7 mill. kr til drift av eksisterande valdsalarmar samt ein kostnad på 7 mill. kr til anskaffing og forbetring av nye alarmar. Samla meirbehov er såleis 10,7 mill. kr. I tillegg er utgiftene til biometri og utvikling av eit operativsystem for den elektriske brikka i passet blitt høgare enn budsjettert. Meirutgiftene er på 19,4 mill. kr. Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 30,1 mill. kr til drift og investering.
Under kap. 440 og kap. 441 foreslår Justisdepartementet samla ei tilleggsløyving på 46,6 mill. kr. Løyvinga dekkjer i utgangspunktet ugifter til produksjon av pass, valdsalarmar og produksjon av pass med biometri. Dette vil føre til at politidistrikta får auka løyvingane til drift i 2008. Politidirektoratet vil frigjere reservar som ellers skulle ha blitt brukt til desse investeringane, og fordele dette til distrikta. I den seinare tid har det vore ei stor utfordring for bemanninga i politiet at polititenestemenn i større grad enn tidlegare uttrykkjer eit ønskje om å verne om fritida si. Politimeistrane melder om ein vanskeleg driftssituasjon. Tilleggsløyvinga vil betre denne situasjonen.
Oppsummering
Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 44,4 mill. kr i 2008.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.
Gjeldande løyving på posten er 74,9 mill. kr. Rekneskapen på posten viser eit forbruk på 35,2 mill. kr pr. 31.08.2008. Forbruket har vore lågt 1. halvår 2008. Forbruket 2. halvår er venta å bli ein del høgare, mellom anna som følgje av fleire transportar utanfor Europa, auke i arbeidet med ID-fastsetting samt meir bruk av tvang ved uttransporteringar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 21 med 5 mill. kr.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr
Posten dekkjer inntekter frå gebyr for pass og våpenløyvingar.
Det vert vist til omtale under kap. 440, post 01 om auka passproduksjon med 60 000 pass. Rekneskapstal viser også ei svak auke i inntektene frå våpengebyr. Samla viser prognosane bygd på produksjons- og rekneskapstal ei auke på 24,2 mill. kr samanlikna med saldert budsjett 2008. Justisdepartementet foreslår såleis å auke løyvinga på kap. 3440, post 01 med 24,2 mill. kr, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 06 Gebyr - utlendingssaker
Posten dekkjer gebyr ifm. statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, busettings- og utdanningsløyver.
På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 06 med 20 mill. kr i 2008.
Post 07 Gebyr - Sivile gjeremål
Posten skal dekkje gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet - dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.
På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga med 75 mill. kr i 2008. Reduksjonen i inntektene skuldast i første rekkje nedgang i talet på saker i forliksrådet.
Kap. 441 Oslo politidistrikt
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter i Oslo politidistrikt.
Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 441, post 01 med 2,2 mill. kr på grunn av ei venta auke i talet på produserte pass, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Kap. 455 Redningstenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter og investeringar for hovudredningssentralen, redningshelikoptertenesta og anskaffingsprosjektet for nye redningshelikopter.
Den døgnkontinuerlige vaktordninga i redningshelikoptertenesta vert frå 01.07.2008 utvida til også å omfatte Rygge og Ørland. Kostnadane knytt til legeberedskapen blir finansiert av Justisdepartementet. I 2008 blir det foreslått å overføre 3,84 mill. kr frå kap. 455, post 01 til Helse- og omsorgsdepartementet. I samband med dette blir det foreslått å auke kap. 732, post 72 med 2,04 mill. kr og kap. 732, post 74 med 1,8 mill. kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterorganisasjonar i det enkelte redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av materiell m.m. Det er opp til den enkelte hovudredningssentral å vurdere behovet og omfanget for bistand frå frivillige organisasjonar og private selskap. Kostnadane blir refundert i tråd med retningslinjer frå Justisdepartementet. Forbruket på posten er vanskelig å berekne, då utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.
Gjeldande løyving på posten er 7,517 mill. kr i 2008. Prognosar for 2008 tilseier eit forbruk på 11 mill. kr, dvs. eit meirbehov på 3,5 mill. kr i forhold til gjeldande løyving. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 455, post 21 med 3,5 mill. kr.
Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon
I St.prp. nr. 1 (2008-2009) blei det gjort greie for at leverandøren er forseinka i sin leveranse av Nødnett. I St.prp. nr. 1 (2007-2008) orienterte Justisdepartementet om at enkelte meirutgifter for etatane som følgje av forseinkingar hjå leverandøren kunne kompenserast både på post 01 og post 45 under kap. 456. Utgiftene kunne og bli kompensert under kap. 440, post 01, kap. 451, post 01, kap. 720, post 01 og kap. 732, post 72. Alle etatar har hatt meirutgifter i forbindelse med sine delprosjekt som følgje av leverandøren si forseinking.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer staten sine kostnader til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og kostnader til drift til leverandør for dei områder som blir bygd ut og satt i drift i 2007 og 2008. Løyvinga inkluderar og kostnader til leige av datalinjer og innplassering av nytt utstyr i noverande radiostasjonar. Justisdepartementet har i 2008 budsjettert med inntil 17,5 mill. kr på kap. 456, post 01 til å dekkje delar av meirkostnadene knytt til forseinkinga, jf. omtale under kap. 456. Det blei bestemt at midlane skulle delast likt mellom etatane, dvs. 5,833 mill. kr til kvar etat. Politietaten vil nytte sin del av refusjonen til dekning av meirutgifter til drift i sitt delprosjekt. Brannetaten vil nytte 4,355 mill. kr på post 01 og 1,478 mill. kr på post 45. Helseetaten vil nytte heile sin del av beløpet på post 45. Etatane sine ønskje om å nytte refusjonar på post 45 blir forklart med at dei ønskjer å nytte midlane til nødvendige endringar i kommunikasjonssentralar for eigen etat som del av tilleggskontrakten inngått med leverandør i sommar.
På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å omdisponere 7,311 mill. kr frå kap. 456, post 01 til kap. 456, post 21.
Post 45 Større utstyrinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje investeringar i radionett, utstyr til nødetatane sine kommunikasjonssentralar og terminalar for første utbyggingsområde.
Med bakgrunn i leverandøren sine forseinkingar på om lag eit år og endringane i kontrakten, foreslår Justisdepartementet ein reduksjon av løyvinga på kap. 456, post 45. Løyvinga på posten relatert til Nødnett blir foreslått redusert med totalt 273,561 mill. kr. Dette skuldast utsett betaling for radionettverk (240,970 mill. kr), kommunikasjonssentralar (27,591 mill. kr), samt utsette refusjonar frå leverandøren (5 mill. kr).
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 456, post 45 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3456, post 02. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 456, post 45 med 5 mill. kr på grunn av utsette refusjonar frå leverandøren, jf. omtale over og omtale under kap. 3456, post 02.
DNK har varsla at dei i samband med dekning av deler av meirutgiftene til nødetatane har behov for å nedjustere løyvinga på kap. 456, post 01 med ei samanfallande oppjustering av kap. 456, post 45, jf. omtale under kap. 456, post 01. Justisdepartementet foreslår derfor å omdisponere 7,311 mill. kr frå kap. 456, post 01 til kap. 456, post 45.
Oppsummering
Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 456, post 45 med 266,25 mill. kr i 2008.
Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon
Post 02 Refusjonar
I samband med første utbyggingsområde av Nødnett vil det oppstå utgifter for DNK som skal bli refundert av leverandøren.
Basert på forseinkinga i utbygginga reknar DNK med refusjonar i 2008 på 16,253 mill. kr. Gjeldande løyving under kap. 3456, post 02 er 21,253 mill. kr noko som utgjer eit mindrebehov på 5 mill. kr.
Justisdepartementet har fått meirinntektsfullmakt til å overskride løyvinga på kap. 456, post 45 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3456, post 02. På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3456, post 02 med 5 mill. kr i 2008, jf. omtale under kap. 456, post 45.
Kap. 461 Særskilde ulykkeskommisjonar
Post 01 Driftsutgifter
Stortinget har gjort vedtak om å oppnemne ein undersøkingskommisjon etter fiskefartøyet «Western» sitt forlis 06.02.1981 og å løyve 7 mill. kr til dekning av utgifter knytt til kommisjonen sitt arbeid, jf. St.prp. nr. 41 (2005-2006) og Innst. S. nr 129 (2005-2006). På denne bakgrunn blei Undersøkingskommisjonen etter Western sitt forlis oppnemnd 08.05.2006. Løyvinga fekk stikkordet «kan overførast» og ubrukt løyving er overført til 2007 og 2008. Arbeidet har blitt meir omfattande enn ein rekna med, særleg knytt til undersøkingar av delar av vraket. Dette har også ført til høgare utgifter til arbeidet i kommisjonen. Det er derfor behov for ytterlegare midlar utover løyvinga som blei sett av til kommisjonen på 7 mill. kr. Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 461, post 01 med 0,5 mill. kr i 2008. Eventuelt behov for tilleggsmidlar utover dette blir dekt innanfor rammene av posten, mellom anna frå gjenståande løyving til Ålesundsutvalet.
Undersøkingskommisjonen leverer sin sluttrapport 17.11.2008. Justisdepartementet vurderer innhaldet i rapporten og vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte på eit seinare tidspunkt.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvarar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten i den enkelte sak eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekkjer også tapt arbeidsforteneste til ikkje-salærberettiga tolkar og sakkunnige i straffesaker. Løyvinga dekkjer dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, enkelte utgifter i sivile saker og utgifter i Justisdepartementet til oversetting i rettsoppmodning og utleveringssaker. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 466, post 01 med 95 mill. kr.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri saksførsel.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 470, post 01 med 0,5 mill. kr.
Post 70 Fri saksførsel
Løyvinga på posten skal gå til å dekkje utgifter til advokat i saker der det er gitt heil eller delvis fri saksførsel.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 470, post 70 med 6 mill. kr.
Post 71 Fritt rettsråd
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470, post 71 med 5 mill. kr.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
Post 01 Tilkjende saksomkostningar m.m.
Saksomkostningar tilkjent staten i benefiserte saker blir førte under posten.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å nedjustere løyvinga på kap. 3470, post 01 med 1,5 mill. kr.
Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
Post 72 Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving
Etter straffeprosesslova kap. 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter urettkomen straffeforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreisning etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkomande blir frifunne, forfølginga mot vedkomande blir innstilt, eller vedkomande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 471, post 72 med 6 mill. kr
Kap. 475 Bubehandling
Post 21 Spesiell driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til gransking av konkurs- og tvangsavviklingsbo iht. Justisdepartementet si særskilte garantiordning og utgifter til drift av Konkursrådet.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 475, post 21 med 0,5 mill. kr.
Andre saker
Avhending av vegareal vederlagsfritt frå Staten v/Justisdepartementet til Ullensaker kommune.
Justisdepartementet har fått førespurnad frå Sletta Burettslag v/Kriminalomsorga region nordaust om avhending av veggrunn frå Staten v/Justisdepartementet til Ullensaker kommune. Vegen blir nytta av Sletta burettslag ved Ullersmo fengsel, og tilhøyrer staten. Vegen har gnr. 29 og bnr. 268, det same som fengselet. Sletta Burettslag fester tomt av staten, men er skilt ut med eige gnr. og bnr.
Fengselet og burettslaget har i dag alt vedlikehald av vegen. Kommunen vil overta vedlikehaldet mot at eigedomen blir overført vederlagsfritt til dei. Vegarealet er 1 740 kvadratmeter og har ein marknadsverdi på 350 000 kr. Vedlikehaldskostnadane for vegen er berekna til omtrent 10 000 kr pr. år. Snøbrøyting kjem i tillegg til dette. Kommunen er ikkje villig til å overta vedlikehaldet med mindre eigedomen blir overdratt til dei.
På bakgrunn av at eigedomen er av liten verdi samt at vedlikehald fører til årlige kostnader, foreslår Justisdepartementet følgjande romertalsvedtak:
«Stortinget samtykkjer i at deler av staten sin eigedom, gnr. 29, bnr. 268 blir overdratt vederlagsfritt til Ullensaker kommune»