St.prp. nr. 22 (1998-99)

Om endringar på statsbudsjettet for 1998 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Til innhaldsliste

1

Kap 0210 Tilskott til trussamfunn o a og privateigde skole- og kyrkjebygg

Post 70 Tilskott til registrerte trussamfunn, omlagløyving

Post 71 Tilskott til uregistrerte trussamfunn, omlagløyving

Post 72 Tilskott til livssynssamfunn, omlagløyving

På grunn av auke i satsane per medlem og auke i medlemstalet for livssynssamfunn og trussamfunn utanfor Den norske kyrkja er det behov for å auke løyvingane på desse postane. Departementet foreslår å auke løyvinga med 5,7 mill kroner på post 70, med 1,7 mill kroner på post 71 og med 1,8 mill kroner på post 72.

Post 75 Tilskott til privateigde skole- og kyrkjebygg

Omfanget av søknader som gir grunnlag for tilskott frå posten er aukande. Det har til no i 1998 kome inn søknader som gir grunnlag for tilskott på om lag 6 mill kroner ut over den summen som er løyvd på posten. Departementet foreslår å auke løyvinga med 6 mill kroner, slik at ein ikkje får eit etterslep til 1999.

Kap 0221 Tilskott til grunnskolen

Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 10 mill kroner. Årsaka til at behovet for tilskott i 1998 blir mindre enn det ein rekna med då budsjettet vart lagt fram, ligg i den gamle verkemiddelordninga som gjaldt fram til sommaren 1998. Utbetalinga for våren gjaldt tilskott knytte til den gamle ordninga. Mange av lærarane som hadde rett til å velje studiepermisjon med lønn, valte i staden lønnstillegg, medan det i budsjettforslaget var rekna med at dei ville velje studiepermisjon. Vidare har det vorte færre verkemiddelskolar i skoleåret 1997-98 enn det ein rekna med.

Post 63 Tilskott til skolefritidsordningar, kan overførast

Det er venta eit meirforbruk i høve til løyvinga på posten. Hovudårsaka til meirforbruket er at talet på elevar i skolefritidsordningar er høgre enn føresett. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 5 mill kroner.

Post 65 Tilskott til undervisning for framandspråklege elevar

Det er venta eit mindrebehov i høve til løyvinga på posten. Årsaka til mindrebehovet er i hovudsak at ein i budsjettet har lagt til grunn eit for høgt tal på elevar som får denne undervisninga, og talet på undervisningstimar for desse elevane. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 38 mill kroner.

Post 67 Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, omlagløyving

Ein ventar eit mindrebehov i høve til løyvinga på posten. Årsaka til dette er at det ikkje har vore slik vekst i timetalet i musikk- og kulturskolane som ein har lagt til grunn i budsjettet. Ein foreslår å redusere løyvinga på posten med 5 mill kroner.

Kap 0229 Andre formål i grunnskolen

Post 61 Tilskott til investeringar i skolebygg for 6-åringar.

Det er overført om lag 49 mill kroner på posten frå 1997. Det er ikkje behov for desse midlane, i og med at denne tilskottsordninga er avslutta. Den overførte løyvinga vil derfor ikkje bli nytta.

Kap 0231 Tilskott til vidaregåande opplæring

Post 65 Tilskott til ekstra språkopplæring for framandspråklege elevar/lærlingar

Talet på elevar og lærlingar som kjem inn under ordninga med ekstra språkopplæring er lågare enn det som er lagt til grunn i budsjettet. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 4 mill kroner.

Kap 0232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå

Post 21 Tryggleiksopplæring for fiskarar

Løyvinga skal dekkje kostnader knytte til dei grunnleggjande tryggleikskursa og repetisjonskursa for fiskarar, som er pålagde gjennom forskrifter. På grunn av at færre fiskarar har delteke på kursa enn det som er lagt til grunn i budsjettet, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill kroner i 1998.

Kap 0234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar

Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar

I 1998 går det første kullet med reformlærlingar opp til fag- eller svenneprøve. Kvalitetssikringstilskottet blir utbetalt for lærlingar som består den praktiske delen av fag- og svenneprøven. Utbetalinga av tilskottet skjer to gonger i året etter teljingar 30. juni og 31. desember. På grunn av at det er avvikla færre fag- og svenneprøver 1. halvår 1998 enn forutsett, vil utbetalingane av kvalitetssikringstilskott bli mindre enn det som er lagt til grunn i budsjettet. Vidare er det inngått færre lærekontraktar i år enn det som ligg til grunn for løyvinga på posten. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga på posten med 175 mill kroner.

Post 73 Tilskott til lærlingar

Over denne posten blir det gitt stønad til vaksne lærlingar som teiknar lærekontrakt etter lov om fagopplæring i arbeidslivet § 1b femte ledd, og som må reise bort for å ta delar av opplæringa. Departementet har fått inn færre søknader om stønad enn det som ligg til grunn for løyvinga på posten. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 4,5 mill kroner.

Kap 0235 Statlege vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk

Post 01 Driftsutgifter

I samband med at statlege vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk er nedlagde eller førte over til kommunesektoren, er det eit mindreforbruk på posten. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 3 mill kroner.

Kap 0239 Andre formål i vidaregåande opplæring

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram (LEONARDO m fl)

Tilskottet går hovudsakleg til deltaking i utdanningsprogramma LEONARDO og CEDEFOP. Noreg betaler kontingent og administrasjonstilskott til EU for deltaking i desse programma. I tillegg kjem utgiftene til den nasjonale administrasjonen av prosjekta i Noreg. Administrasjonstilskottet og kontingentutbetalinga til EU er reduserte i forhold til budsjettforslaget frå EU som følgje av tilbakeført kontingent frå 1996. Departementet foreslår på bakgrunn av dette at løyvinga på posten blir redusert med 2,3 mill kroner i 1998.

Kap 0240 Private skolar o a

Post 70 Tilskott, omlagløyving

Tal på elevar per 1. oktober viser at det blir eit mindreforbruk på posten i 1998. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 18 mill kroner.

Kap 0262 Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

Post 49 Kjøp av eigedom, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 11,8 mill kroner i samband med kjøp og rehabilitering av lokale, mot ein tilsvarande reduksjon på kap 0743 post 60. Ein viser til omtale av saka i St prp nr 18 (1998-99).

Kap 0264 Noregs handelshøgskole

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Ved ein feil vart det ved Noregs handelshøgskole i 1997 ført inntekter frå mastergradsstudiet på kap 3264 post 01 utan at det vart rekneskapsført tilsvarande utgifter på kap 0264 post 21. Dette førte med seg ei mindreutgift på kap 0264 post 21 som var større enn det som kunne overførast til neste budsjettermin, jf § 7 i løyvingsreglementet. Departementet foreslår ut frå dette å auke løyvinga på posten med 1,57 mill kroner.

Kap 0281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar

Post 01 Driftsutgifter

For å opprette mellombels stillingar for forskarar som har avlagt doktorgraden har ein gjort endringar i forskrift til tenestemannslova. Forskriftsendringa er gitt verknad frå 1. august 1998, og gir høve for tilsetjing i post doc-stillingar. Budsjetteffekten i 1998 knytt til nye rekrutteringsstillingar er mindre enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 19,3 mill kroner.

Departementet gjer merksam på at Det norske høgskolerådet i 1998 er tildelt midlar over kap 0274 Statlege høgskolar, medan det i St prp nr 1 (1997-98) var lagt til grunn midlar over kap 0281.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Mellom anna som følgje av endringar i valutakursen har kontingenten til internasjonale program på denne posten vist seg å bli høgre enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 2,5 mill kroner.

Kap 0294 Kyrkjeleg administrasjon

Post 79 Til rådvelde for departementet, kan overførast

Lov av 12. mai 1961 nr 2 om opphavsrett til åndsverk mv (åndsverklova) fastset i § 14 at det i offentlege institusjonar kan utførast fotokopiering eller liknande av eit utgjeve verk når vilkåra etter § 36 om dette er oppfylt. På det offentlege området er det såleis gjort avtalar om fotokopiering med dei som har opphavsretten, mellom anna for statsadministrasjonen ved avtale med Kopinor 13. januar 1986 (statsadministrasjonsavtalen). For kopiering som er gjort av organ eller verksemder som høyrer inn under Den norske kyrkja, har det ikkje tidlegare eksistert nokon kopieringsavtale. I første rekkje gjeld dette for kopiering i regi av dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda, inklusive kopiering gjort av statleg tilsette prestar og kateketar, men og for Kyrkjerådet og bispedømmeråda, som blir rekna som statlege verksemder. På bakgrunn av dette er det no - mellom Kopinor, på vegner av dei som har opphavsretten, og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, på vegner av dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda - inngått ein sentral avtale som regulerer all framtidig kopiering i kyrkjelydane. Denne avtalen gjeld frå 1. januar 1998, og føreset at dei einskilde kyrkjelege fellesråda og sokneråda sluttar seg til, då det vil vere det einskilde fellesråd og sokneråd som heretter skal betale for all vederlagspliktig kopiering i kyrkja lokalt.

Avtalen mellom Kopinor og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon føreset at det blir betalt eit eingongsvederlag for all vederlagspliktig tidlegare kopiering i Den norske kyrkja. Denne tidlegare kopieringa har dels gått føre seg ved Kyrkjerådet og ved dei elleve bispedømmeråda i landet, men det aller meste har gått føre seg i kyrkjelydane. Staten har eit rettsleg ansvar i denne samanhengen, men rekkevidda av ansvaret er ikkje råd å fastsettje eintydig, særleg fordi ansvarstilhøva i kyrkjelydane på dette området var svært kompliserte etter den tidlegare kyrkjelovgivinga. Staten har ved Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet såleis gjort avtale med Kopinor om å betale eit eingongsvederlag for all tidlegare kopiering i Den norske kyrkja, med atterhald om at Stortinget løyver midlane til gjennomføring av avtalen. Etter forhandlingar er eingongsvederlaget fastsett til 7,5 mill kroner.

Avtalen mellom Staten og Kopinor gjeld all kopiering gjort i kyrkjelydane, også av statleg tilsette prestar og kateketar, og all kopiering gjort ved Kyrkjerådet og bispedømmeråda. For kyrkjelydane gjeld oppgjeret fram til 1. januar 1998, dvs fram til det tidspunktet som avtalen mellom Kopinor og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon gjeld. For året 1998 er vederlaget som sokneråda og dei kyrkjelege fellesråda skal betale til Kopinor rekna til omlag 2 mill kroner, men denne summen går som nemnt ikkje inn i avtalen mellom staten og Kopinor om oppgjer for tidlegare kopiering. For kopiering ved Kyrkjerådet og bispedømmeråda gjeld avtalen om vederlag fram til 1. januar 1999. Det er føresetnaden at Kyrkjerådet og bispedømmeråda blir innlemma i den sentrale kopieringsavtalen for statsadministrasjonen så snart denne avtalen blir reforhandla. Fram til dette skjer, er framtidige vederlag for kopiering ved desse kyrkjelege verksemdene frå 1. januar 1999 no regulerte ved særskild klausul i avtalen mellom staten og Kopinor om oppgjer for tidlegare kopiering, og utgiftene her vil bli dekka innanfor dei ordinære budsjettrammene.

Departementet foreslår etter dette at løyvinga på posten blir auka med 7,5 mill kroner.

Kap 0295 Presteskapet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under denne posten gjeld driftsutgiftene for presteskapet, medrekna vikarutgiftene. I St prp nr 65 (1997-98) vart det med bakgrunn i meldingar frå bispedømma gjort framlegg om ei styrking av driftsløyvinga med 5 mill kroner til vikartenester. Stortinget slutta seg ikkje til forslaget, jf Innst S nr 252 (1997-98). Bispedømma har i 1998 sett i verk innstrammingstiltak i samsvar med dei budsjettmessige føresetnadene, men nyare meldingar frå bispedømma viser at desse tiltaka ikkje vil vere tilstrekkelege i høve til løyvinga under posten, og at tilleggsbehovet som vart varsla i St prp nr 65 no syner seg å vere høgare. Departementet vil i denne samanhengen vise til at prestetenesta er organisert i meir enn 600 tenestedistrikt (prestegjeld), og at fråvær i samband med sjukdom, ferie, vakansar o a har store konsekvensar for sentrale kyrkjelege tenester dersom det ikkje blir sett inn vikar. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å auke løyvinga med 10,7 mill kroner. Ein gjer elles merksam på at det i forslaget til statsbudsjett for 1999 er teke omsyn til behovet for å styrkje vikarbudsjettet i bispedømma.

Kap 2410 Statens lånekasse for utdanning

Post 01 Driftsutgifter

Det er behov for midlar på posten i samband med utvals- og utviklingsarbeid. Mellom anna er det oppnemnt eit utval som skal gjennomgå ordningane som gjeld utdanningsstønad forvalta av Statens lånekasse, jf St prp nr 1 (1998-99). Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 3 mill kroner.

Post 70 Utdanningsstipend, omlagløyving

Tildeling av støtte til elevar ved folkehøgskolane har auka som følgje av at 19-åringar etter regelendringar kan få minstestipend som om dei var under aldersskiljet. Vidare er det for undervisningsåret 1997-98 gitt to etterbetalingar til studentar i utlandet som følgje av svekt kronekurs. Departementet foreslår etter dette å auke løyvinga på posten med 113 mill kroner.

Post 71 Andre stipend, omlagløyving

Overslaget for reisestipend innanlands er justert noko ned. Derimot har det vorte tildelt fleire gebyrstipend for undervisningsåret 1997-98 enn lagt til grunn i budsjettet, og dei tildelte beløpa har auka som følgje av valutaendringar. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 40 mill kroner.

Post 72 Rentestønad

I St prp nr 65 (1997-98) er det sagt at løyvinga for inneverande år kan vere 100 mill kroner for låg, men at overslaget på det tidspunktet proposisjonen vart lagd fram, var svært usikkert. Behovet for rentestønad heng saman med tal på nye lånetildelingar og kor mange som etter fullført utdanning går over i ein fase der dei betaler ned på lånet. Ut frå dei siste prognosane foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 37 mill kroner.

Post 73 Avskrivingar, omlagløyving

Overslag for avskrivingar etter hovudfag og avskrivingar for lånekundar som bur i Finnmark viser noko lågare tal enn dei som er lagde til grunn i budsjettet. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 72 mill kroner.

Post 74 Tap på utlån

Det blir ikkje behov for løyving på posten i 1998. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill kroner.

Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, omlagløyving

Det har vore auke både i tal og storleik på lån til studentar i utlandet i undervisningsåret 1997-98. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 45 mill kroner.

Kap 5310 Statens lånekasse for utdanning

Post 72 Gebyr

Det har vore auke i andregongsvarsel og oppseiing av lån. Dette inneber auke i gebyr. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å auke løyvinga på posten med 10 mill kroner.

Post 90 Avdrag

Overslag over mottekne avdrag er redusert som følgje av at ekstraordinære avdrag til no i 1998 har vorte reduserte til om lag halvparten. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 500 mill kroner.

Post 91 Tap og avskrivingar

Som følgje av endra overslag foreslår departementet å redusere løyvinga med 106 mill kroner.

Kap 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

Post 80 Renter

Redusert avdragsinngang har ført til auka behov for innlån og dermed høgare rentekostnader. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å auke løyvinga med 27 mill kroner.

Parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar

Parallelle reduksjonar

For nokre av inntektskapitla vil ikkje inntektene på einskilde postar bli så høge ved institusjonane som dei vedtekne inntektsløyvingane. Ein foreslår derfor å setje ned desse løyvingane. Som inndekking for svikten i inntekter foreslår departementet å redusere utgiftsløyvingane tilsvarande. Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i inntektsløyving.

(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og postLøyvingsreduksjon
Kap 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 02 Salsinntekter o a- 500 000
Post 60 Betaling frå kommunar og fylkeskommunar- 300 000
Kap 3262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet
Post 02 Salsinntekter o a- 9 000 000
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak- 1 400 000
Kap 3273 Statlege kunsthøgskolar
Post 01 Inntekter ved oppdrag- 300 000
Kap 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
Post 01 Inntekter ved oppdrag- 100 000
Sum reduksjon i inntektsløyvingar- 11 600 000

Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i utgiftsløyving.

(Beløp i kroner)
Utgiftskapittel og postLøyvingsreduksjon
Kap 0243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 01 Driftsutgifter- 800 000
Kap 0262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet
Post 01 Driftsutgifter- 10 400 000
Kap 0273 Statlege kunsthøgskolar
Post 21 Særskilde driftsutgifter- 300 000
Kap 0281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
Post 01 Driftsutgifter- 100 000
Sum reduksjon i utgiftsløyvingar- 11 600 000

Parallelle aukar

For nokre av inntektskapitla vil inntektene på einskilde postar bli høgre ved institusjonane enn dei vedtekne inntektsløyvingane. Det blir derfor foreslått å auke desse løyvingane og å parallelljustere tilsvarande utgiftsløyvingar. Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i inntektsløyving.

(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og postLøyvingsauke
Kap 3203 Statens utdanningskontor
Post 11 Kursavgifter+ 7 000 000
Kap 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå
Post 02 Salsinntekter o a+ 3 000 000
Kap 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 14 000 000
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning+ 1 100 000
Kap 3244 Nasjonalt læremiddelsenter
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 2 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 4 000 000
Kap 3260 Universitetet i Oslo
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 70 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 2 000 000
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak+ 5 500 000
Kap 3261 Universitetet i Bergen
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 80 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 1 500 000
Post 49 Sal av eigedom+ 7 700 000
Kap 3262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 25 000 000
Kap 3263 Universitetet i Tromsø
Post 02 Salsinntekter o a+ 4 500 000
Post 49 Sal av eigedom+ 2 200 000
Post 82 Refusjon frå Sosial- og helsedepartementet+ 5 000 000
Kap 3264 Noregs handelshøgskole
Post 02 Salsinntekter o a+ 3 000 000
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak+ 14 000 000
Kap 3265 Arkitekthøgskolen i Oslo
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 1 500 000
Kap 3268 Noregs idrettshøgskole
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 1 500 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 500 000
Kap 3273 Statlege kunsthøgskolar
Post 02 Salsinntekter o a+ 2 000 000
Kap 3274 Statlege høgskolar
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 7 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 10 000 000
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak+ 24 000 000
Kap 3278 Noregs landbrukshøgskole
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 15 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 4 000 000
Post 49 Sal av eigedom+ 2 500 000
Kap 3279 Noregs veterinærhøgskole
Post 02 Salsinntekter o a+ 5 000 000
Kap 3280 Riksbibliotektenesta
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 1 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 400 000
Kap 3283 Det norske meteorologiske institutt
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 2 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 7 000 000
Kap 3297 Nidaros domkyrkje o a
Post 02 Salsinntekter o a+ 5 300 000
Sum auke i inntektsløyvingar+ 340 200 000

Departementet foreslår å auke utgiftene parallelt med inntektene over i samsvar med oppstillinga i tabellen nedanfor.

(Beløp i kroner)
Utgiftskapittel og postLøyvingsauke
Kap 0203 Statens utdanningskontor
Post 01 Driftsutgifter+ 7 000 000
Kap 0232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå
Post 01 Driftsutgifter+ 3 000 000
Kap 0243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 01 Driftsutgifter+ 1 100 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 14 000 000
Kap 0244 Nasjonalt læremiddelsenter
Post 01 Driftsutgifter+ 4 000 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 2 000 000
Kap 0260 Universitetet i Oslo
Post 01 Driftsutgifter+ 7 500 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 70 000 000
Kap 0261 Universitetet i Bergen
Post 01 Driftsutgifter+ 1 500 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 80 000 000
Post 49 Kjøp av eigedom+ 7 700 000
Kap 0262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 25 000 000
Kap 0263 Universitetet i Tromsø
Post 01 Driftsutgifter+ 9 500 000
Post 49 Kjøp av eigedom+ 2 200 000
Kap 0264 Noregs handelshøgskole
Post 01 Driftsutgifter+ 17 000 000
Kap 0265 Arkitekthøgskolen i Oslo
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 1 500 000
Kap 0268 Noregs idrettshøgskole
Post 01 Driftsutgifter+ 500 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 1 500 000
Kap 0273 Statlege kunsthøgskolar
Post 01 Driftsutgifter+ 2 000 000
Kap 0274 Statlege høgskolar
Post 01 Driftsutgifter+ 34 000 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 7 000 000
Kap 0278 Noregs landbrukshøgskole
Post 01 Driftsutgifter+ 4 000 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 15 000 000
Post 49 Kjøp av eigedom+ 2 500 000
Kap 0279 Noregs veterinærhøgskole
Post 01 Driftsutgifter+ 5 000 000
Kap 0280 Riksbibliotektenesta
Post 01 Driftsutgifter+ 400 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 1 000 000
Kap 0283 Det norske meteorologiske institutt
Post 01 Driftsutgifter+ 7 000 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 2 000 000
Kap 0297 Nidaros domkyrkje o a
Post 01 Driftsutgifter+ 5 300 000
Sum auke i utgiftsløyvingar+ 340 200 000
Til forsida