2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 620 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Spesielle driftsutgifter | 66 118 | 62 918 | -3 200 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Ein foreslår at løyvinga vert redusert med 3,2 mill. kroner til dekning av eingongsutgifter i samband med flytting og etablering av Sosial- og helsedirektoratet i nye lokale m.m. Helsedepartementet foreslår i eigen proposisjon tilsvarande auke under kap. 706 Sosial- og helsedirektoratet, post 01.
Kap. 664 Pensjonstrygden for sjømenn
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskott | 182 666 | 471 600 | 503 000 | 31 400 |
Post 70 Tilskott
For 2003 er det gitt løyvingar som tilskott til Pensjonstrygden for sjømenn på i alt 471,6 mill. kroner.
Tilskottet til Pensjonstrygden for sjømenn skal dekkje delar av pensjonsutbetalingane etter sjømannspensjonstrygdelova § 15 og underskott i pensjonstrygda etter at reguleringsfondet er brukt opp.
Etter sjømannspensjonstrygdelova § 8 er trygda garantert av staten. Det er ved fleire tidlegare høve varsla at staten gjennom garantien må dekkje ein venta underbalanse på 3–4 mrd. kroner over ein periode på om lag 15 år. Reguleringsfondet vart brukt opp i løpet av 1. kvartal i 2003 og staten må derfor dekkje underskottet i trygda.
Dette er det tatt omsyn til i løyvinga for 2003, men løyvinga er for låg. Grunnen er mellom anna at registeret for Pensjonstrygden for sjømenn ikkje gir tilstrekkelege opplysningar om fartstid (tenestetid) før 1975. Ein må derfor basere seg på usikre overslag. Utrekningar viser at opptente pensjonsrettar er større enn lagt til grunn tidlegare.
1. januar 2003 var kapitalen på reguleringsfondet 35 mill. kroner og kapitalen på grunnfondet 186 mill. kroner. Garantiansvaret til staten skal som nemnt dekkje underskottet i Pensjonstrygden for sjømenn etter at reguleringsfondet er brukt opp. Finansinntektene frå grunnfondet går med til finansiering av pensjonstrygda, men etter loven skal ikkje grunnfondskapitalen brukast til å dekkje underskott i trygda.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 31,4 mill. kroner til 503 mill. kroner for 2003.
Kap. 0666 Avtalefesta pensjon
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskott | 603 505 | 709 000 | 680 000 | -29 000 |
Post 70 Tilskott
Løyvinga for 2003 er på 709 mill. kroner.
Middeltalet av AFP-pensjonistar i 2003 vert 11 265 personar, mot 11 820 personar lagt til grunn for løyvinga. Truleg vil talet på pensjonistar bli om lag 11 490 personar ved utgangen av 2003.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2003 vert redusert med 29 mill. kroner til 680 mill. kroner.
Kap. 2600 Trygdeetaten
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 4 572 891 | 4 750 400 | 4 730 580 | - 19 820 |
Post 01 Driftsutgifter
Trygdeetaten skal utvikle tilsynsmetodikk og føre tilsyn og kontroll med utskriving av legemiddel på blå resept. Det vert derfor foreslått å løyve 1 mill. kroner for 2003. Helsedepartementet vil i eigen proposisjon fremje forslag om å redusere løyvinga under kap. 701 Forskings- og forsøksverksemd, post 21 Spesielle driftsutgifter med 1 mill. kroner.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2650 Sjukepengar, post 73 Tilretteleggingstilskott med 49 mill. kroner, jf. omtale under kap. 2650, post 73. Til delvis dekning av meirutgiftene foreslår departementet at løyvinga under kap. 2600, post 01 Driftsutgifter vert redusert med 30 mill. kroner.
Tilleggsløyvingar til behandling i utlandet (jf. St.prp. nr. 74 (2002–2003)) vart finansiert delvis ved å sette ned løyvinga til Trygdeetaten. Helsedepartementet vil fremje forslag om å redusere løyvingar med i alt 9,18 mill. kroner på eige budsjett for å tilbakeføre midlar til kap. 2600, post 01.
Samla foreslår Sosialdepartementet at løyvinga under kap. 2600, post 01 Driftsutgifter vert redusert med 19,82 mill. kroner frå 4 750,4 mill. kroner til 4 730,58 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Sjukepengar for arbeidstakarar m.v, overslagsløyving | 23 325 004 | 24 740 000 | 25 280 000 | 540 000 |
72 | Omsorgs- og pleiepengar ved barns sjukdom, overslagsløyving | 317 000 | 287 000 | -30 000 | |
73 | Tilretteleggingstilskott | 36 707 | 104 000 | 153 000 | 49 000 |
75 | Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving | 1 161 787 | 1 340 000 | 1 270 000 | -70 000 |
Sum endringar | 489 000 |
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.v., overslagsløyving
Løyvinga for 2003 er på 24 740 mill. kroner. På grunnlag av utviklinga til og med september er utgiftene på post 70 rekna til å bli 25 280 mill. kroner for 2003. Det er 540 mill. kroner høgare enn løyvinga for året. Utrekninga er basert på tala i rekneskapen pr. september 2003.
I St.prp. nr. 65 (2002–2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003 vart det lagt til grunn føresetnader om ein nedgang i sysselsettinga på 0,6 prosent, vekst i sjukepengegrunnlaget på 5,5 prosent og vekst i sjukefråversfrekvensen på 2 prosent. I tillegg vart utgiftene til svangerskapsrelatert sjukefråver i arbeidsgivarperioden – som arbeidsgivarane etter regelendringa i 2002 kan få refundert frå folketrygda – sett til om lag 50 mill. kroner for 2003.
Veksten i sjukefråversfrekvensen vert nå sett til 4 prosent. Vidare legg ein til grunn ein nedgang i sysselsetjinga på 0,9 prosent, medan veksten i sjukepengegrunnlaget vert sett til 5,5 prosent. Utgiftene til svangerskapsrelatert sjukefråvær i arbeidsgivarperioden, som er omtalt ovanfor, vert nå sett til 35 mill. kroner.
På bakgrunn av dei reviderte utrekningane foreslår Sosialdepartementet at løyvinga vert oppjustert med 540 mill. kroner til 25 280 mill. kroner.
Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved barns sjukdom m.m, overslagsløyving
For 2003 er det løyvd 317 mill. kroner.
I 2002 var utgiftene under denne posten ein del av post 70. I 2003 er dei skilde ut som eigen post.
I og med at utgiftene for 2002 ligg til grunn for løyvinga i 2003 måtte desse utgiftene skiljast ut frå 2002-rekneskapen. Etter handsaminga av St. prp. nr. 65 (2002–2003) fann trygdeetaten at utgiftene til omsorgs- og pleiepengar i 2002 ikkje var så høge som dei rekna med tidlegare. Derfor vert løyvinga for 2003 sett ned med 30 mill. kroner.
Løyvinga vert foreslått sett ned med 30 mill. kroner til 287 mill. kroner.
Post 73 Tilretteleggingstilskott
Løyvinga for året er på 104 mill. kroner.
Forskrifta for ordninga er trekt tilbake med verknad frå 24. juni 2003, og ny forskrift er under utarbeiding. Det løpar likevel framleis utgifter knytte til vedtak som er fatta 1. halvår fordi tilskottet vert utbetalt i ettertid. Basert på rekneskap og rapportar frå fylkestrygdekontora vert utgiftene knytte til vedtaka fatta med omsyn til denne forskrifta rekna til om lag 153 mill. kroner Dette gir meirutgifter på 49 mill. kroner.
30 mill. kroner av meirforbruket vert foreslått dekt inn ved ein reduksjon i løyvinga på administrasjonsbudsjettet til trygdeetaten på kap. 2600, post 01, jf. omtale under posten.
Som ei førebels ordning er det for 2. halvår 2003 løyvd 50 mill. kroner til tilretteleggingstilskott over Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett. Arbeids- og administrasjonsdepartementet fastsette 8. juli 2003 ei førebels forskrift som gjeld fram til 31.12.2003.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil fremje forslag om å redusere løyvinga under kap. 1594, post 71 med 9 mill. kroner. Midla vert nytta til delvis å dekkje meirforbruket under kap. 2650, post 73.
Løyvinga vert foreslått auka med 49 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Det er løyvd 1 340 mill. kroner til feriepengar av sjukepengar. Tala i rekneskapen pr. september viser at feriepengane i all hovudsak er utbetalte. Tala i rekneskapane viser utgifter på 1 269 mill. kroner og ein set derfor talet til 1 270 mill. kroner.
Løyvinga vert foreslått sett ned med 70 mill. kroner til 1 270 mill. kroner.
Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering m.v.
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Rehabiliteringspengar, overslagsløyving | 7 583 000 | 8 031 000 | 448 000 |
Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for året er på 7 583 mill. kroner.
Som ein føresetnad for løyvinga vart det lagt til grunn ein vekst i volumet på 11 prosent. Utviklinga sidan den tida gir grunnlag for å setje volumveksten til 18 prosent. Veksten i talet på mottakarar av rehabiliteringspengar og utgiftsveksten pr. september 2003 er altså noko høgare enn rekna med tidlegare i år. Auken i talet på stønadsmottakarar under posten er bl.a. ein følgje av auka gjennomsnittleg tid under ordninga. Tal pr. september 2003 viser at omlag 41 prosent har mottatt ein rehabiliteringspengeyting i ein periode utover eitt år.
I utrekninga er det tatt omsyn til at nye utrekningsreglar gir ei noko høgare gjennomsnittleg yting enn ytinga under overgangsreglane, og det er rekna med ei meirutgift på 150 mill. kroner som ein konsekvens av dette.
Det er i tillegg gjort omposteringar frå kap. 2652 Rehabiliteringspengar til kap. 2655 Uførepensjon, for personar som har fått godkjend uførepensjon i 2003 med tilbakeverkande kraft før rehabiliteringspengeperioden. Desse omposteringane må gjerast for at lønns- og trekkoppgåvene til skattemyndigheitene skal bli korrekte. I 2003 vert omposteringa sett til å utgjere 330 mill. kroner.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 448 mill. kroner til 8 031 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 14 980 000 | 15 215 000 | 235 000 | |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 21 799 000 | 22 093 000 | 294 000 | |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 1 343 000 | 1 377 000 | 34 000 | |
73 | Førebels uførestønad, overslagsløyving | 362 000 | 316 000 | -46 000 | |
74 | Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving | 176 000 | 0 | -176 000 | |
Sum endringar | 341 000 |
Post 70–72 Grunnpensjon, tilleggspensjon og særtillegg, overslagsløyving
For postane 70–72 er det totalt løyvd 38 122 mill. kroner for 2003. Dette fordeler seg med 14 980 mill. kroner til post 70 (grunnpensjon), 21 799 mill. kroner til post 71 (tilleggspensjon) og 1 343 mill. kroner til post 72 (særtillegg).
Utviklinga så langt i 2003, i bl.a. rekneskap og tilgang av nye uførepensjonistar, tilseier utgifter for postane 70–72 på 38 685 mill. kroner. Dette inneber ei meirutgift i høve til løyvinga for 2003 på 563 mill. kroner, ein auke på 1,48 prosent.
Talet på uførepensjonistar har i 2003 hatt ein noko sterkare vekst enn ein tidlegare la til grunn. Talet på uførepensjonistar vert sett til 300 200 ved utgangen av 2003.
Forklaringa til utgiftsveksten finn ein likevel i utviklinga til dei gjennomsnittlege ytingane. Grunnpensjon og særtillegg har ei svakare negativ utvikling enn ein tidlegare gjekk ut frå.
Når det gjeld tilleggspensjon er det tidlegare gått ut frå ein nedgang i gjennomsnittleg yting, medan det nå vert rekna ein nullvekst i gjennomsnittleg yting.
Omposteringane som er omtalt under kap. 2652 Rehabiliteringspengar, er rekna til 590 mill. kroner fordelt på postane 70–72. Fordelinga på kapitla er rekna på grunnlag av andel i postane av utgifter til uførepensjon. Av det omposterte beløpet kjem 260 mill. kroner frå yrkesretta attføring, jf. kapittel 2543, og 330 mill. kroner frå kap. 2652 Rehabiliteringspengar.
Det vert foreslått at løyvinga på postane 70–72 vert auka med 563 mill. kroner, fordelt med 235 mill. kroner på post 70 (grunnpensjon), 294 mill. kroner på post 71 (tilleggspensjon) og 34 mill. kroner på post 71 (særtillegg).
Post 73 Førebels uførestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2003 er på 362 mill. kroner.
I utrekninga som vart lagt til grunn i saldert budsjett, er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg volumvekst på 11 prosent.
Tala i rekneskapen for perioden januar–september 2003 viser utgifter på omlag 230 mill. kroner. Tala i rekneskapen viser såleis ein auke på 3,5 prosent nominelt eller ein nedgang på 2,2 prosent i fast grunnbeløp i høve til same periode i 2002.
Frå perioden januar – september 2002 til januar – september 2003 var nivået på ugiftene omlag uendra. Utgiftveksten pr. september i år er lågare enn venta.
Som ein følgje av utviklinga i utgifter hittil i år vert volumveksten sett til 9 prosent for 2003, og utgiftene vert rekna til 316 mill. kroner for 2003. Løyvinga vert såleis foreslått sett ned med 46 mill. kroner, noko som er ein reduksjon på 12,7 prosent i høve til gjeldande løyving.
Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving
Som følgje av utsett iverksetting av tidsavgrensa uførestønad, frå 01.07.2003 til 01.01.2004, vert det ingen utgifter til tidsavgrensa uførestønad i 2003. Dette inneber at utgiftene vert redusert med 176 mill. kroner i høve til vedtatt budsjett.
Løyvinga vert foreslått sett ned med 176 mill. kroner.
Kap 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.v.
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnstønad, overslagsløyving | 1 430 000 | 1 420 000 | -10 000 | |
71 | Hjelpestønad, overslagsløyving | 1 540 000 | 1 510 000 | -30 000 | |
74 | Tilskott til bilar | 722 000 | 838 000 | 116 000 | |
75 | Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel | 2 507 000 | 2 380 000 | -127 000 | |
77 | Ortopediske hjelpemiddel | 551 000 | 565 000 | 14 000 | |
Sum endringar | -37 000 |
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
For 2003 er det løyvd 1 430 mill. kroner til grunnstønad.
Løyvinga vert foreslått justert ned med 10 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er mindre endringar i utrekningane for middeltalet, samt utrekningane for endringar i satsane
På denne bakgrunn er løyvinga foreslått redusert til 1 420 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 1 540 mill. kroner.
Det er venta ein utgiftsnedgang i storleiken 30 mill. kroner, eller 1,9 prosent. Årsaka til reduksjonen er at talet på stønadsmottakarar har auka mindre enn venta, og at satsglidinga – dvs. ein forskyving frå låge mot høgare satsar – ikkje har vore så stor som venta. Gjennomsnittleg utbetalt beløp pr. stønadsmottakar ser ut til å bli 16 862 kroner, mot tidlegare 17 110 kroner.
På denne bakgrunn vert det foreslått at løyvinga vert sett ned med 30 mill. kroner til 1 510 mill. kroner.
Post 74 Tilskott til bilar
Løyvinga på posten er 722 mill. kroner.
På denne posten har det vore ein langt sterkare vekst enn venta i 2003. Samtidig er det gjort mykje i trygdeetaten for å byggje ned restansane og korte ned saksbehandlingstida. Dette har også ført til tydelege meirutgifter i inneverande år. Utrekningane for volumvekst er nå rekna til 24 prosent.
Tida det tar før ein kan skifte ut bilen vart utvida frå 9 til 10 år i 2002 og frå 10 til 11 år i 2003. Desse to tiltaka har verka dempande på utgiftene i 2003. Effekten er rekna til 173 mill. kroner for inneverande år.
Ny ordning for stønad til bil som vart satt i verk 1. april 2003, skulle ikkje ha budsjettmessig verknad. Den medverkar likevel til å redusere saksbehandlingstida noko, og utgiftene kjem derfor raskare enn før i ein periode inntil den nye ordninga er fasa inn.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 116 mill. kroner til 838 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
For 2003 er det løyvd 2 507 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten er noko lågare enn venta. Den generelle underliggande volumveksten på mange av hjelpemiddelgruppene er mindre enn venta. Det er også sett i verk tiltak for å forenkle og spare inn på formidlinga av standard datautstyr.
Det vert foreslått å redusere løyvinga på denne posten med 127 mill. kroner til 2 380 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
For 2003 er det løyvd 551 mill. kroner på posten.
Stønad til ortopediske hjelpemiddel omfattar dekning av utgifter til protesar, ortosar og fottøy, samt utgifter til andre typar som parykkar, ansiktsdefektprotese, øyeprotese og brystprotese. Det har over fleire år vore ein vekst i utbetalingane som følgje av ein auke i talet på produserte einingar og som følgje av ein generell auke i materialkostnader. Den generelle volumveksten som ligg til grunn, er på bakgrunn av utviklinga til og med september justert noko opp.
Det vert foreslått å auke løyvinga til ortopediske hjelpemiddel med 14 mill. kroner til 565 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 28 961 487 | 30 699 000 | 30 650 000 | -49 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 38 194 621 | 41 015 000 | 41 190 000 | 175 000 |
Sum endringar | 126 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Vedtatt budsjett for 2003 er 30 699 mill. kroner.
Ein ventar at talet på alderspensjonistar vert 622 500 ved utgangen av 2003. Samtidig reknar ein med at gjennomsnittleg grunnpensjon vert 39 kroner lågare for året enn det som tidlegare er lagt til grunn.
Under denne posten er det gjort ein ompostering på 77 mill. kroner som er fordelt på dei andre postane under kapittel 2670. Etterbetalingane for mai og juni, som ei følgje av at grunnpensjon til ektepar og samoboerpar skulle hevast frå 1,5 G til 1,6 G frå 1.5.2003, vart førebels ført på post 70. Desse vart utbetalt i juli og er altså ompostert til dei andre postane. I dei nye utrekningane er desse rekneskapsrutinane tatt omsyn til.
Løyvinga for 2003 vert foreslått redusert med 49 mill. kroner til 30 650 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Vedtatt budsjett for 2003 er 41 015 mill. kroner.
Ein ventar at talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon vert 558 874 ved utgangen av 2003, noko som er omlag like mange som vart lagt til grunn i vedtatt budsjett. Samtidig er gjennomsnittleg tilleggspensjon utrekna til å bli 319 kroner høgare enn det beløpet som er sett opp i budsjettet. Under denne posten er det i tillegg overført 68 mill. kroner frå post 70, jf. omtale under post 70.
Løyvinga for 2003 vert foreslått auka med 175 mill. kroner til 41 190 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 1 176 256 | 1 229 000 | 1 202 000 | -27 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 1 009 140 | 1 049 000 | 1 028 000 | -21 000 |
Sum endringar | -48 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga er på 1 229 mill. kroner i 2003.
Gjennomsnittleg grunnpensjon til etterlatne ektefellar er sett til 34 700 kroner mot tidlegare 35 800 kroner (vedteke budsjett). I tillegg vert talet på etterlatne ektefellar med grunnpensjon sett til 25 400 mot tidlegare 25 475. På bakgrunn av dette reknar ein utgiftene til å bli 1 202 mill. kroner for post 70.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 27 mill. kroner til 1 202 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving.
Løyvinga er på 1 049 mill. kroner i 2003.
Gjennomsnittleg tilleggspensjon til etterlatne ektefelle ser ut til å bli 41 000 kroner mot tidlegare 41 700. Det ser og ut til at talet på etterlatne ektefellar med tilleggspensjon vil bli 24 640, mot tidlegare 24 750. Derfor vert utgiftene sett til 1 028 mill. kroner for heile post 71.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 21 mill. kroner til 1 028 mill. kroner.
Kap. 2683 Stønad til einsleg mor eller far
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving | 2 077 844 | 2 159 000 | 2 125 000 | -34 000 |
72 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 707 160 | 680 000 | 670 000 | -10 000 |
76 | Forskottering av underhaldsbidrag | 1 679 828 | 1 645 000 | 1 520 000 | -125 000 |
Sum endringar | -169 000 |
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga er på 2 159 mill. kroner i 2003.
Det vert i 2002 utbetalt 2 078 mill. kroner på post 70. Løyvinga for 2003 byggjer på ein føresetnad om 24 500 mottakarar og ei yting på om lag 85,5 prosent av full dekning. Utviklinga i plantala for 2003 viser ein større nedgang i talet på stønadsmottakarar og lågare utbetalingar enn forventa. Til grunn for nytt overslag på posten ligg derfor 24 250 mottakarar og ei yting på om lag 84,5 prosent av full dekning.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 34 mill. kroner til 2 125 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga er på 680 mill. kroner i 2003.
Det vart utbetalt 707 mill. kroner på post 72 i 2002. I løyvinga for 2003 vert det rekna med 27 900 stønadsmottakarar og 24 370 kroner i gjennomsnittleg stønad. Det er venta ein nedgang i utbetalingane på grunn av at dekningsgraden for stønad til barnetilsyn frå 1. januar 2003 vert redusert frå 70 prosent til 66 prosent.
Til grunn for nytt overslag på posten vert det rekna med 27 800 mottakarar og ein gjennomsnittleg stønad på 24 220 kroner. Årsaka til nedgangen i forventa utbetaling er i fyrste rekkje det auka tilskottet til barnehagar på 750 mill. kroner frå 1. august 2003, som kan gi lågare stønad.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner til 670 mill. kroner.
Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag
Løyvinga er på 1 645 mill. kroner i 2003.
Løyvinga for 2003 føreset 1 prosent auke i talet på barn med utbetalt forskot, ein auke i pris på 2,3 prosent frå 1. juni 2003 og reduserte utbetalte utgifter til forskot på 96 mill. kroner som følgje av nytt bidragsregelverk frå 1. oktober 2003.
Etter å ha vurdert rekneskapen for september 2003, samt ny statistikk og utvikling i konsumprisindeksen, vert veksten i volum sett ned til 0 prosent i år medan veksten i utbetaling vert sett opp til 5 prosent. Effekten av endringane i regelverket for utbetaling av bidragsforskott vert rekna til 148 mill. kroner. Overslaget vert redusert med 125 mill. kroner. Overslaget er usikkert fordi trygdeetaten ikkje fekk svar innan fristen 1. oktober frå fleire av mottakarane om utbetaling etter dei nye reglane. Overslaget føreset at dei dette gjeld vil sende ny søknad etter stopp i utbetalinga frå oktober og dermed ikkje få utbetalt bidragsforskott i 2003.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 125 mill. kroner til 1 520 mill. kroner.
Kap. 2686 Gravferdsstønad
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Gravferdsstønad overslagsløyving | 241 754 | 93 000 | 110 000 | 17 000 |
Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving.
Løyvinga er på 93 mill. kroner i 2003.
Det har skjedd to store endringar i ordninga frå 1. januar 2003; avvikling av ordinær stønad og auking av maksimalbeløpet for behovsprøvd stønad frå 8 250 kroner til 15 000 kroner.
Det vert rekna med at dei lågare utgiftene ved avviklinga av den ordinære gravferdshjelpa skulle bli 160 mill. kroner, medan dei auka utgiftene ved å sette opp den behovsprøvde ordninga skulle bli 10 mill. kroner. Vi kan så langt ikkje skilje følgjene av desse to elementa frå kvarandre, men samla sett ser utgiftene til gravferdshjelp ut til å bli om lag 17 mill. kroner høgare enn venta i 2003. Dette skuldast at det i budsjettert beløp ikkje er tatt nok omsyn til at om lag 10 mill. kroner av utgiftene ved den gamle ordninga vil bli bokført i 2003. Likevel er den nye ordninga blitt 5–10 mill. kroner dyrare enn venta.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 17 mill. kroner til 110 mill. kroner.
Kap 2690 Diverse utgifter
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Sjukestønadsutgifter i utlandet | 134 573 | 100 000 | 120 000 | 20 000 |
77 | Pasientar frå land med innbyrdes avtale | 63 954 | 30 000 | 50 000 | 20 000 |
Sum endringar | 40 000 |
Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet
Løyvinga er på 100 mill. kroner i 2003.
Desse utgiftene varierer vanlegvis mykje frå år til år og frå månad til månad og er derfor vanskeleg å budsjettere. Etter 9 månader utgjer utgiftene berre 56 prosent av løyvd beløp, men utgifter til behandling innan EØS-området vert i hovudsak registrert mot slutten av året og er derfor enda ikkje rekna med.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner til 120 mill. kroner.
Post 77 Pasientar frå land med innbyrdes avtale
Løyvinga er på 30 mill. kroner i 2003.
Utgiftene i 2002 var uvanleg høge. Ei årsak er at sjukehusa i 2001 ikkje følgde opp DRG-prisinga av pasientane og mange saker vart derfor sendt i retur. På den måten fekk ein eit etterslep av saker i 2002 fordi det var opparbeida store restansar frå året før. I 2003 reknar ein med at utgiftene vil bli på eit meir normalt nivå. Etter 9 månader er det likevel utgiftsført ca. 2,7 mill. kroner meir enn løyvd. Det er også venta at fleire krav/saker, som ennå ikkje er ferdigbehandla, vil gi store utgifter resten av året.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner til 50 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2002 | Løyving 2003 | Forslag 2003 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
02 | Diverse inntekter | 200 184 | 150 000 | 175 000 | 25 000 |
70 | Refusjon ved trafikkskade | 815 811 | 839 000 | 834 000 | -5 000 |
71 | Refusjon ved yrkesskade | 722 703 | 762 000 | 831 500 | 69 500 |
73 | Refusjon bidragspliktige | 1 075 515 | 1 090 000 | 925 000 | -165 000 |
75 | Refusjon overskytande bidrag | 187 245 | 164 000 | 157 000 | -7 000 |
80 | Renter | 63 976 | 45 000 | 60 000 | 15 000 |
Sum endringar | -67 500 |
Post 02 Diverse inntekter
Løyvinga er på 150 mill. kroner i 2003.
Det er følgjande inntekter på posten:
renter og avdrag på lån til attføring
refusjon feilutbetalingar leger
refusjon feilutbetalingar stønad
avdrag lån til bidrag
prosjektinntekter
andre refusjonar og inntekter
Inntektene på denne posten varierer frå år til år, og er vanskelege å budsjettere. På bakgrunn av utviklinga til og med september 2003 vert inntektene sett omlag 25 mill. kroner høgare enn løyvinga for året.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner til 175 mill. kroner.
Post 70 Refusjon ved trafikkskade
Løyvinga for 2003 er på 839 mill. kroner.
Inntektene frå refusjonar frå forsikringsforetaka for trafikkskade til folketrygda vert i statsbudsjettet for 2003 rekna til 839 mill. kroner. Overslaget byggjer på at refusjonssatsen for folketrygdas utgifter til trafikkskade vert fastsett til 340 kroner for motorvogner og til 170 kroner for mopedar o.a. Vedtaket om desse satsane vart ikkje kunngjort i Norsk Lovtidende, slik at forsikringsforetaka ikkje hadde kunnskap om at satsane var auka. Forsikringsforetaka har derfor gjort krav på refusjon etter dei satsane som var fastsett for 2002, 330 kroner for motorvogner og 165 kroner for mopedar m.v. Svikten i inntekter for 2003 er på om lag 25 mill. kroner i 2003. Nye overslag viser at inntektene i 2003 vil bli 834 mill. kroner.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner til 834 mill. kroner.
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga er på 762 mill. kroner i 2003.
Innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2002, som er innbetalt til folketrygda, er 69,5 mill. kroner meir enn budsjettert.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 69,5 mill. kroner til 831,5 mill. kroner.
Post 73 Refusjon frå bidragspliktige
Løyvinga på posten er på 1 090 mill. kroner i 2003.
Overslaga er justert ned som følgje av ein observert reduksjon under motsvarande utgiftskapittel, kap. 2683, post 73 Forskottering av bidrag til underhald hittil i år.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 165 mill. kroner til 925 mill. kroner.
Post 75 Refusjon overskytande bidrag
Løyvinga under posten er på 164 mill. kroner i 2003.
I samband med innføring av nye bidragsreglar 1. oktober 2003 er det vedtatt å oppheve regelen om refusjon til folketrygda for å betale ut overgangsstønad. Refusjonen er rekna til 100–120 mill. kroner på årsbasis (Ot.prp. nr. 43 (2000–2001)).
Løyvinga for 2003 er på 164 mill. kroner. Regelendringa ovanfor er rekna med.
Utviklinga i inntekter i 2003 ser ut til å vere omlag i samsvar med utviklinga i 2002, då inntektene vart på totalt 187 mill. kroner. Med utgangspunkt i utrekninga på ei innsparing som følgje av regelendringa på 30 mill. kroner, gir dette ei ny utrekning for 2003 på 157 mill. kroner.
Det vert foreslått at løyvinga for 2003 vert redusert med 7 mill. kroner, frå 164 mill. kroner til 157 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga under posten er på 45 mill. kroner i 2003.
Posten dekkjer i hovudsak renteinntekter av innskot i bank og innskot for lokale til kontor. Inntektene har endra seg frå år til år. Dei er derfor vanskelege å gjere overslag for. På bakgrunn av utviklinga til og med september er inntektene sett til 60 mill. kroner for 2003, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga for 2003.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner til 60 mill. kroner.