2 Endringsforslag
Kap. 912 Bedriftsretta informasjonsformidling
Post 21 (ny) Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Post 70 Tilskot
I statsbudsjettet for 2006 er det løyvd 19,7 mill. kroner som tilskot under post 70 til bedriftsretta informasjonsformidling. Av dette er 5 mill. kroner sett av på eigen underpost til arbeidet med ein virtuell brukarfront. I framlegget til statsbudsjett for 2007 har Nærings- og handelsdepartementet foreslått at midlar til brukarfronten i staden blir løyvd over ny post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast. Av praktiske omsyn foreslår Nærings- og handelsdepartementet at tilsvarande endring òg blir gjeldande for statsbudsjettet 2006.
Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 5 mill. kroner, frå 19,7 til 14,7 mill. kroner mot at det blir løyvd 5 mill. kroner under ny post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, på statsbudsjettet for 2006.
Kap. 920 Norges forskningsråd
Post 50 Tilskot
På statsbudsjettet i 2004 blei det innført ei ordning med kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift for statlege verksemder, mellom anna for dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta i Norges forskningsråd. Ny informasjon frå Forskningsrådet viser at inneliggjande kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift er 2,3 mill. kroner for høg.
Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om at løyvinga til Norges forskningsråd under kap. 920, post 50 blir sett ned med 2,3 mill. kroner, frå 1 066 til 1 063,7 mill. kroner.
Kap. 922 Romverksemd
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Det er lagt til grunn at løyvingane til kontingent i den europeiske romorganisasjonen ESA skal justerast dersom valutakursen på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursen som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den som blei lagt til grunn i budsjettframlegget for 2006. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på 1,2 mill. kroner.
Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner, frå 109,1 til 107,9 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Det er lagt til grunn at løyvingane til internasjonal romverksemd skal justerast dersom valutakursane på euro og amerikanske dollar har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA til andre kursar enn den budsjetterte. Vidare har Norsk Romsenter hatt to utbetalingar i amerikanske dollar til Radarsat International Inc. til høgare kursar enn i budsjettet. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på 1,1 mill. kroner.
Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner, frå 146,3 til 145,2 mill. kroner.
Post 72 Nasjonale følgjemiddel
På statsbudsjettet for 2006 er det sett av 5 mill. kroner under kap. 922, post 72 og 20 mill. kroner under kap. 2421 Innovasjon Norge, post 72 Forskings- og utviklingskontraktar til seinare dekking av norsk deltaking på EU-sida i satellittnavigasjonssystemet Galileo. Dette kjem i tillegg til 26 mill. kroner som blei reservert til dette føremålet på dei same budsjettpostane for 2005.
Ei samarbeidsavtale med EU om Galileo vil ikkje bli klar før i 2007. Nærings- og handelsdepartementet gjer av den grunn framlegg om at løyvinga på post 72 Nasjonale følgjemiddel, blir gjort overførbar ved å tilføye stikkordet «kan overførast», jf. Forslag til vedtak II.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
På statsbudsjettet for 2006 er det løyvd 11,5 mill. kroner til å dekkje transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under NHD si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er overført 6,54 mill. kroner frå 2004, og det er vidare knytt ei overskridingsfullmakt til posten.
Dei samla utgiftene for 2006 ventast å bli om lag 24 mill. kroner. Mellom anna er det utbetalt 10 mill. kroner i meklarhonorar, juridisk og økonomisk bistand knytt til etablering av ei industriell løysing for BaneTele AS. Løyvinga er elles nytta til å dekkje avgift for deponering av aksjar i børsnoterte selskap i Verdipapirsentralen, og til fagleg bistand knytt til mellom anna Cermaq ASA, Telenor ASA, SAS AB, Statkraft SF, Nammo AS, Raufoss ASA og Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S.
Når ein tek omsyn til dei vel 6,5 mill. kroner som er overført frå 2004, er det behov for ei løyving på 17,5 mill. kroner for 2006. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med 6 mill. kroner, frå 11,5 til 17,5 mill. kroner.
Kap. 953 Kings Bay AS
Post 95 (ny) Aksjekapital
Kings Bay AS eig grunn og mesteparten av bygg og anlegg i Ny-Ålesund på Svalbard. Selskapet sitt føremål er drift og utnytting av eigedommane og anna verksemd som står i samband med dette. Den primære oppgåva er å tilby service- og infrastrukturtenester til norsk og internasjonal naturvitskapleg forsking som blir drive med base i Ny-Ålesund.
Styret har vurdert eigenkapitalsituasjonen i selskapet og meiner at det er behov for å auke aksjekapitalen. Sesongmessige variasjonar i inntektene og innkjøp som er avhengig av skipstransport før isen legg seg, gjer at selskapet har eit likviditetsunderskot delar av året. Styret foreslår derfor at aksjekapitalen bli auka med inntil 5 mill. kroner for at selskapet skal få ein meir akseptabel kapitalstruktur.
Kings Bay AS blei etablert med 2 mill. kroner i aksjekapital. Driftsinntektene har sidan 1991 auka med over 200 pst. utan at selskapet har fått tilført ny aksjekapital. Etter departementet sitt syn vil ei kapitalutviding i Kings Bay AS i det omfang som styret har foreslått, gi ein meir høveleg kapitalstruktur. Aksjekapitalutvidinga vil styrkje likviditeten i selskapet og dermed redusere kostnadene knytt til finansiering av kortsiktig gjeld.
På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 5 mill. kroner i aksjekapital til Kings Bay AS på statsbudsjettet for 2006.
Kap. 960 (nytt) Raufoss ASA
Post 71 Refusjon for miljøtiltak
Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) samtykte Stortinget i at Nærings- og handelsdepartementet kunne utgiftsføre betalingar knytt til pålagte miljøtiltak etter verksemda til Raufoss-gruppa utan løyving på førehand. Ramma for ordninga er på 50 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 40 og Innst. S. nr. 147 (2003-2004).
I samband med pålegg frå Statens forureiningstilsyn har fleire private verksemder fått statleg garanti for oppreinsking knytt til forureining på Raufoss. I 2005 blei mellom anna fjellanlegget og slamdeponiet handsama. I 2006 er fjellkollen og eksplosivområdet Tivoli sanert for mellom anna tungmetall. Det har blitt gjennomført ei rekkje undersøkingar. Grunnvatnbrønnar for pumping av metallhaldig vatn er etablert. Avrenninga til Hunnselva er markert lågare no enn før miljøtiltaka tok til. Den samla prosjekteringa på Raufoss Industriområde er venta sluttført rundt årsskiftet 2008/2009.
Fram til midten av oktober har departementet fått krav om utbetalingar for om lag 14 mill. kroner i samband med oppryddinga. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare utbetalingar i 2006.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 19 mill. kroner på statsbudsjettet for 2006.
Kap. 2421 Innovasjon Norge (jf. kap. 5325 og 5625)
Post 70 Bedriftsutvikling og administrasjon
Samarbeidet mellom Innovasjon Norge og utanrikstenesta
For å sikre god samordning mellom Innovasjon Norge sitt internasjonaliseringsarbeid og utanrikstenesta sine om lag 100 stasjonar i utlandet vedtok Stortinget ved handsaming av St.prp. nr. 51 og Innst. S. nr. 283 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv, at «Stortinget samtykker i at den nye enhetens utsendinger i utlandet integreres i utenrikstjenesten og anmeldes som spesialutsendinger». Vedtaket blei ikkje lovfesta i Ot.prp. nr. 14 (2002-2003) Om lov om Innovasjon Norge.
Det har vist seg vanskeleg å gjennomføre den administrative integrasjonen av Innovasjon Norge i utanrikstenesta. Delar av Innovasjon Norge si verksemd på utestasjonane er meirverdiavgiftspliktige i det landet tenestene blir utført. Noreg sine traktatplikter er til hinder for at utanriksstasjonane kan engasjere seg i aktivitetar som kan reknast som næringsverksemd. Det er særleg arbeidsoppgåver som skal fremje norske reiselivsinteresser som løyser ut plikt til å registrere seg for meirverdiavgift.
Det blir lagt opp til at næringslivet framleis skal møte eit mest mogeleg einsarta verkemiddelapparat i utlandet. Regjeringa si målsetting er at verkemiddelapparatet i utlandet skal leggje best mogeleg til rette for norsk verdiskaping. Nærings- og handelsdepartementet foreslår ei løysing med to ulike samarbeidsformer. På stader der Innovasjon Norge si reiselivsverksemd er av eit slikt omfang at det løyser ut plikt til meirverdiavgiftsregistrering til styresmaktene i vertslandet, kan Innovasjon Norge sine tilsette ikkje vere tilknytt utanriksstasjon og vere meldt til vertslandet sine styresmakter. På slike stader vil Innovasjon Norge måtte ha eigne kontor, lokalisert saman med utanriksstasjonen der dette er mogeleg. På dei andre stadene vil Innovasjon Norge sine medarbeidarar vere meldt til styresmaktene i vertslandet ved gjeldande utanriksstasjon om vertslandet godtek det. Dei utsende medarbeidarane vil då vere andre utsendingar og ikkje spesialutsendingar. Innovasjon Norge vil ha arbeidsgjevaransvaret for medarbeidarane i utlandet. Samarbeidsforma på kvar enkelt stad skal ikkje vere statisk, men kunne endrast ved endra marknadsbehov.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å oppheve vedtaket som Stortinget fatta ved handsaminga av St.prp. nr. 51 og Innst. S. nr. 283 (2002-2003) om at utsendingar i utlandet skulle integrerast i utanrikstenesta og bli meldt som spesialutsendingar, jf. Forslag til vedtak III. Dette vil ikkje føre til endringar i budsjettet til Innovasjon Norge.
Stortinget vil bli orientert om utviklinga i samarbeidet mellom Innovasjon Norge og utanrikstenesta i dei årlige budsjettproposisjonane.
Post 78 Administrasjonsstønad for distriktsretta såkornfond
I statsbudsjettet for 2006 blei det løyvd 3,4 mill. kroner til ei ordning med administrasjonsstønad til distriktsretta såkornfond. Berre eit fåtall av fonda i ordninga vil bli operative i 2006. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, til 0,7 mill. kroner. Dette endrar ikkje ambisjonen om administrasjonsstønad til fonda over 15 år, men inneber berre ei utsetjing av løyvingane.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. Innovasjon Norge refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2006 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar frå Innovasjon Norge på innlån og avdrag for resten av året.
Innlån og avdrag har i 2006 auka fordi Innovasjon Norge nyttar meir kortsiktige lån (hyppigare refinansiering) enn ein la til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber òg at avdraga aukar om lag tilsvarande, jf. under kap. 5325, post 90. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 15,65 mrd. kroner, frå 30,15 til 45,8 mrd. kroner.
Kap. 2426 SIVA SF ( jf. kap. 5326 og 5613)
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innlån og avdrag blir bruttoført. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5326, post 90. SIVA SF har ikkje behov for å ta opp nye innlån i 2006. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 50 mill. kroner, frå 50 mill. kroner til 0.
Kap. 3904 Brønnøysundregistrene (jf. kap. 904)
Post 01 Gebyrinntekter
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2006. Dette gjeld særleg Føretaksregisteret (registrering av nye føretak). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 481,7 til 541,7 mill. kroner.
Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet (jf. kap. 907)
Post 02 Maritime personellsertifikat
Sjøfartsdirektoratet har fått inn vesentleg fleire søknader om fornying av maritime personellsertifikat enn det som var lagt til grunn i budsjettet for 2006. Ut frå talet på behandla søknader i første halvår og forventa pågang av saker i andre halvår reknar direktoratet med at gebyrinntektene vil bli om lag 12,5 mill. kroner i 2006. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, frå 8,3 til 12,5 mill. kroner.
Post 04 Gebyr for skip i NIS
Rekneskapsoversikt og overslag frå Sjøfartsdirektoratet indikerer at det vil bli ein svikt i gebyrinntektene under posten på om lag 5 mill. kroner i 2006 i høve til løyvinga på 41 mill. kroner. Årsaka til svikten er færre registrerte skip i NIS enn berekna i saldert budsjett (om lag 685 skip). Pr. 1. oktober 2006 var det om lag 630 skip i registeret. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 41 til 36 mill. kroner.
Kap. 3934 (nytt) Internasjonaliseringstiltak (jf. kap. 934)
Post 70 Tilbakeføring av midlar frå det baltiske investeringsprogrammet
Investeringsprogrammet i dei baltiske landa (Baltic Investment Programme, BIP) blei skipa av dei nordiske finansministrane i 1992. Målet for programmet var å fremme utviklinga i den private sektoren i dei baltiske landa gjennom investeringar i små- og mellomstore verksemder med lån og risikokapital, samstundes som ein skulle gi omfattande stønad til prosjekta.
Dei nordiske landa løyvde i alt 41,5 mill. ecu til baltiske investeringsfond som blei forvalta av Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), Den Nordiske Investeringsbanken (NIB) og Nordisk Prosjekteksportfond (NOPEF). Det blei også skipa eit baltisk fond for teknisk samarbeid der dei nordiske landa til saman løyvde 5,75 mill. ecu.
I 1998 vedtok dei nordiske finansministrane at BIP skulle fasast ut frå byrjinga av 1999. Dei frigjorte løyvingane skulle førast tilbake til dei nordiske landa. I 2006 er det betalt tilbake vel 55,4 mill. kroner frå EBRD og om lag 0,13 mill. kroner frå NOPEF. Nærings- og handelsdepartementet gjer ut frå dette framlegg om å løyve 55,6 mill. kroner på nytt kap. 3934 Internasjonaliseringstiltak, post 70 Tilbakeføring av midlar frå det baltiske investeringsprogrammet på statsbudsjettet for 2006.
Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656)
Post 70 (ny) Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette
Raufoss Engineering Services AS, som er ein del av Raufoss-konsernet, er avvikla. Alle krav er gjennomgått og avklåra, og avviklinga skjer som frivilleg akkord. Dividenden til kreditorane er rekna til 47,2 pst. Staten mottek 1,07 mill. kroner som kreditor i selskapet. Innbetalinga heng saman med at staten ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 16 og Innst. S. nr. 71 (2004-2005) Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Nærings- og handelsdepartementet, tok over pensjonskrava til tidlegare tilsette i Raufoss-konsernet, mellom anna under føresetnad om at staten skulle ha krav på dividende.
På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 1,07 mill. kroner under ny post 70 på statsbudsjettet for 2006.
Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 5609)
Post 93 (ny) Tilbakebetaling av ansvarleg lån, BaneTele AS
Stortinget ga ved handsaminga av St.prp. nr. 74 (2005-2006) og Innst. S. nr. 6 (2006-2007) Statens eierskap i BaneTele AS, samtykke til at det blei inngått ei integrasjonsavtale mellom staten og Bredbåndsalliansen om eigarskap i BaneTele AS og ei aksjonæravtale mellom staten, Bredbåndsalliansen og BaneTele AS som regulerer samarbeidet. Stortinget samtykte vidare i at staten kunne redusere sin eigardel i selskapet til 50 pst. ved at Bredbåndsalliansen skyt inn 625 mill. kroner i BaneTele AS samstundes som Bredbåndsalliansen får 232 000 nye aksjar i selskapet.
Ein føresetnad for avtalene er at BaneTele AS etter kapitalinnskotet frå Bredbåndsalliansen skal betale tilbake eit ansvarleg lån frå staten på 209,5 mill. kroner, i tillegg til om lag 73 mill. kroner i renter frå 11. april 2003 og fram til lånet blir betalt. Avtalen med BaneTele AS ble undertegnet 16. november 2006.
På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å føre tilbakebetalinga av det ansvarlege lånet på 209,5 mill. kroner som inntektsløyving under kap. 3961, ny post 93 på statsbudsjettet for 2006. Rentene blir inntektsført under kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting, ny post 82 Renter, BaneTele AS.
Kap. 5325 Innovasjon Norge (jf. kap. 2421 og 5625)
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på gamle og nye lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av hyppigare refinansiering av lån enn forventa er det behov for å auke løyvinga. I tillegg har Innovasjon Norge redusert dei totale innlåna sine i statskassa i løpet av året slik at avdraga aukar meir enn innlåna under kap. 2421, post 90. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 16,6 mrd. kroner, frå 30,3 til 46,9 mrd. kroner.
Kap. 5326 SIVA SF (jf. kap. 2426 og 5613)
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på lån til SIVA SF frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2426, post 90 ovanfor. SIVA SF vil ikkje ha lån med forfall i 2006. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 50 mill. kroner, frå 50 mill. kroner til 0.
Kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 3961)
Post 82 (ny) Renter, BaneTele AS
Under kap. 3961 er det gitt ein nærare omtale av den industrielle løysinga for BaneTele AS som Stortinget i oktober 2006 gav sitt samtykke til ved handsaminga av St.prp. nr. 74 (2005-2006) Statens eierskap i BaneTele AS.
Ein føresetnad for avtalene er at BaneTele AS etter kapitalinnskotet frå Bredbåndsalliansen skal betale tilbake eit ansvarleg lån frå staten på 209,5 mill. kroner, i tillegg til om lag 73 mill. kroner i renter frå 11. april 2003 og fram til lånet blir betalt. Avtalen med BaneTele AS ble undertegnet 16. november 2006.
På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å føre renter på 73 mill. kroner som inntektsløyving under kap. 5609, ny post 82 på statsbudsjettet for 2006. Det ansvarlege lånet blir inntektsført under kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting, ny post 93 Tilbakebetaling av ansvarleg lån, BaneTele AS.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge (jf. kap. 2421 og 5325)
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Innovasjon Norge kan ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga. Dei faktiske rentene blir lågare i andre halvår enn det som låg til grunn for løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at renteinntektene blir redusert med 17 mill. kroner, frå 325 til 308 mill. kroner.
Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950)
Post 80 Utbyte
Innbetalt utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS, Norsk Hydro ASA, Telenor ASA og Yara International ASA blei noko høgare enn lagt til grunn i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i stasbudsjettet 2006.
På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke utbytteløyvinga med 112,8 mill. kroner, frå 11 310,8 til 11 423,6 mill. kroner.
Orientering om omdisponering under kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet, post 72 Tilskot til beredskapsordningar
Av løyvinga på 3,7 mill. kroner er det sett av 3,2 mill. kroner som tilskot til Norges Rederiforbund til beredskapsarbeid på skipsfartsområdet. Vidare er det berekna 0,5 mill. kroner i tilskot til GarantiInstituttet for Eksportkreditt (GIEK) til forvalting av ordninga med statleg varekrigsforsikring. Det planlagte opplegget for beredskapsarbeid på skipsfartsområdet kan gjennomførast for om lag 2,6 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet vil derfor omdisponere kr 600 000 av løyvinga for 2006 til tiltak for å styrkje beredskapssystemet for varekrigsforsikring, mellom anna til etablering av ei ny IT-basert løysing (saksbehandlarsystem) for varekrigsforsikring ved GIEK.
Orientering om Flytoget AS
Flytoget AS skal leggje saker av prinsipiell og/eller samfunnsmessig omfang fram for statsråden. Dette går fram av § 10 i vedtektene for selskapet. Nærings- og handelsdepartementet vil informere Stortinget om at Flytoget AS har vedteke å investere i 16 nye mellomvogner, ei investering på om lag 540 mill. kroner. Investeringa er nødvendig for å oppretthalde Flytoget AS sin del av kollektivtrafikken til og frå Oslo Lufthavn i åra som kjem. Investeringa blir finansiert med eigenkapital og lån og krev ikkje tilførsel av ny kapital frå eigaren. Departementet har meldt tilbake til Flytoget AS at det ikkje har merknader til investeringa.