2 Endringsforslag
Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Tilsyn med petroleumsvirksomheten
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003. Endringa har samanheng med auka aktivitet. Ein tilsvarande auke i inntektene under kap. 4810, post 03 Refusjon av tilsynsutgifter vil bli foreslått i revidert budsjett 2004. Årsaka til at løyvinga ikkje blir foreslått parallelljustert no er at refusjonar for 4. kvartal 2003 ikkje blir innbetalte før i 2004.
Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet
Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,75 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003. Endringa har samanheng med auka aktivitet. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, jf. seinare omtale.
Samandrag
Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1810, post 21 Spesielle driftsutgifter med 16,25 mill. kroner, frå 67 til 83,25 mill. kroner.
Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)
Post 01 Driftsutgifter
Grunna den vanskelege kraftforsyningssituasjonen som var i Noreg vinteren 2002/2003, har NVE hatt mykje meirarbeid og meirutgifter, blant anna knytta til overtid.
For å dekkje inn meirutgiftene blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1820, post 01 Driftsutgifter med 2,1 mill. kroner, frå 229,4 til 231,5 mill. kroner.
Post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres
Særs store mengder av regn var årsak til ein kraftig flaum på Nordvestlandet og i dei sørlege delane av Trøndelag i august 2003. Flaumen førte til uvanleg store skader. Dette har si årsak i at vatnet steig fort, utan at folk fekk høve til å berge og sikre verdiar. Sideelvane førte og med seg store mengder jord, grus og stein.
I vekene etter flaumen har NVE hatt eit nært samarbeid med berørte kommunar og lensmenn for å få ei oversikt over skadane og klargjere ansvarsdelinga for arbeidet med å rydde opp og minske skadeverknadene. Det oppsto skade både på eksisterande sikringsanlegg slik som erosjons- og flomsikringar, og skader på uverna elvekantar der infrastruktur og busetnad nå er trua av vidare erosjon og overflauming. Fleire av sakene gjeld steder der elva har tatt eller kan ta nytt løp og dermed true infrastruktur og busetnad. Mange stader er det behov for å fjerne masser i elveløpet for å hindre at elva tar nytt løp mot bebygde områder ved neste flaum.
NVE har registrert 78 saker der dei meiner det hastar med å setje i verk tiltak for å hindre ytterlegare forverring av skadesituasjonen. Desse tiltaka vil samla koste om lag 22 mill. kroner. Av dette er det behov for om lag 11 mill. kroner til å reparere eksisterande anlegg og om lag 11 mill. kroner til å reinske elveløpet og byggje nye sikringsanlegg. Nytta av av dei ulike tiltaka er sett i høve til kostnadene.
Mange av skadane har ein slik karakter at det er naudsynt med hastetiltak for å hindre ytterlegare forverring av situasjonen med moglege skader på infrastruktur og busetnad. Av dei 78 tiltaka er 47 slik at skadane må utbetrast hausten 2003. Kostnadsramma for desse tiltaka er på 6,5 mill. kroner. Resten av tiltaka kan ein setta i verk vinteren/våren 2004.
På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1820, post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag med 6,5 mill. kroner for 2003.
Post 23 Informasjonstiltak for energisparing
Informasjonskampanjen i samband med kraftsituasjonen vinteren 2002/2003 er avslutta. Det gjenstår eit udisponert beløp på 1,5 mill. kroner. Mindreutgiften skuldast blant anna at noen av delprosjekta vart mindre utgiftskrevande enn tidlegare overslag for 2003. På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner for 2003.
Post 70 Tilskudd til lokale el-forsyningsanlegg, kan overføres
Det blir foreslått å redusere løvinga med 0,2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003. Endringa har samanheng med lågare søknadsmasse.
Kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Løyvinga dekkjer i hovudsak utgifter knytta til deltaking i ulike internasjonale programmer og aktivitetar innan fornybar energi og energibruk.
Det fleirårige EU-handlingsprogrammet på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) vart formelt vedteke 26. juni 2003 ved europaparlaments- og rådsvedtak 1230/2003/EF.
Programmet er ei vidareføring og ein revisjon av rammeprogrammet for energi, der Noreg tok del i delprogramma ALTENER (stimulering til bruk av fornybare energikjelder) og SAVE (energieffektivisering). I «Intelligent energi for Europa» vil ALTENER og SAVE bli vidareførde; i tillegg er det lagt til eit program for bruk av fornybar energi i transportsektoren (STEER). Ein viser for øvrig til St.prp. nr. 7 (2003-2004).
Tilskotet frå Noreg for deltaking i programmet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) vil bli dekt over denne posten.
Gjeldande løyving for 2003 er ikkje tilstrekkeleg til å dekkje auka kontingentutgifter knytta til EU sitt nye og utvida rammeprogram, Intelligent Energi for Europa.
Med bakgrunn i ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1825, post 21 Spesielle driftsutgifter med 4 mill. kroner, frå 6 til 10 mill. kroner.
Post 70 Tilskudd til elektrisitetssparing i private husholdninger, kan overføres
I samband med Stortinget si behandling av St.prp. nr. 42 (2002-03) vart det løyva 50 mill. kroner til innføring av ein tilskotordning til elektrisitetssparing i private hushaldningar.
Ved behandlinga av St.prp. nr. 65 (2002-03) vart posten auka med 25 mill. kroner, til 75 mill. kroner. Vidare vart det gitt fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1825, post 70 med inntil 150 mill. kroner i 2003.
Enova har moteke 50 552 søknader om tilskot til investeringar i varmepumper, pelletskaminar og styringssystem. Til frådrag kjem 4 650 saker kor søkjaren har trekt søknaden, same person har søkt fleire gonger eller kor søknaden er vurdert som useriøs.
Alle registrerte søkjarar er tilsendt tilsegn. Siste tilsegn vart sendt ut 29. august 2003. Tilsegnet er gyldig i 4 månader. Om lag 87 pst. av tilsegnene gjeld søknad om tilskot til å installere varmepumpe.
Gjennomføringsdelen for dei 9 000 første søkjarane var på om lag 50 pst. For tilsegn med innrapporteringsfrist utover hausten er det lagt til grunn ein gjennomføringsdel på 60-65 pst., då dette normalt er ei tid kor varmeløysingar har større oppmerksamhet.
Dei samla kostnadene for ordninga vil då bli på om lag 135 mill. kroner, kor dei administrative kostnadene utgjer i underkant av 12 mill. kroner. Kor mange som faktisk vil gjennomføre investeringa og dermed får utbetalt støtte, er framleis usikkert.
På bakgrunn av den informasjon ein har i dag, blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1825, post 70 med 60 mill. kroner, frå 75 til 135 mill. kroner. I tillegg blir det foreslått at posten tilføres stikkordet «kan overføres» for å ta høgde for tilsegn som kan bli utbetalt i 2004.
Post 73 Produksjonsstøtte til vindkraft
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 14 til 1,5 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at fleire av dei norske vindkraftprodusentane velgjer å selje grøne sertifikat framfor å ta i mot produksjonsstøtte.
Det blir understreka at det framleis er knytta utryggje til dette overslaget. Det er så langt i 2003 utbetalt produksjonsstøtte på 1 mill. kroner.
Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten
Gjeldande løyving for 2003 under kap. 2440 og kap. 5440 er basert på løyvingsvedtak fatta av Stortinget 12. desember 2002 (blå bok) og Stortinget sitt vedtak av 20. juni 2003, der kap. 2440, post 22 Fjerningsutgifter vart redusert med 10 mill. kroner, post 25 Pro et contra-oppgjør vart løyvd med 180 mill. kroner, post 30 Investeringer vart auka med 3 300 mill. kroner og post 50 Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond vart auka med 180,6 mill. kroner. Under kap. 5440 vart post 24 Driftsresultat auka med 500 mill. kroner, post 30 Avskrivninger vart auka med 1 500 mill. kroner og post 80 Renter vart redusert med 300 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Forslag til ny løyving er basert på oppdatert prognose for 2003 frå forretningsførar Petoro AS etter tredje kvartal 2003. Prognosen frå forretningsførar er basert på rekneskapsføring pr. 31. oktober 2003.
Det er for SDØE lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 201 pr. fat for 2003. I revidert budsjett 2003 vart ein gjennomsnittleg oljepris på kr 190 pr. fat lagt til grunn, jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Overslaget for kap. 2440, post 25 Pro et contra-oppgjør blir foreslått auka med 30 mill. kroner, frå 180 til 210 mill. kroner. Dette skuldast endringar i renteberekning frå settlement- til betalingstidspunkt, samt justeringsoppgjer av element som ikkje var klar ved revidert budsjett 2003. Avtalane som vart inngått i samband med salet opnar for revisjon av pro et contra-oppgjer innan to år etter overdraging.
Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringer blir foreslått redusert med 1 400 mill. kroner, frå 18 400 til 17 000 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg lågare utbetalingar enn løyvd i samanheng med investeringar i kapasitet ved Cove Point-terminalen i USA og gasslager i Storbritannia, lågare investeringsoverslag for Troll gass, forsikringsutbetalingar for Tune samt forskyving av investeringar knytt til Åsgard og Draugen.
Overslaget for kap. 2440, post 50 Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond blir foreslått auka med 100 mill. kroner, frå 880,6 til 980,6 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka premieoverslag for 2003.
Det blir foreslått ei løyving på 10 mill. kroner under kap. 5440, ny post 01 Pro et contra-oppgjør. Endringa har samanheng med korrigeringar i oppgjeret knytt til salet av 21,5 pst. SDØE-eigardelar til Statoil og andre selskap.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 2 200 mill. kroner, frå 98 300 til 100 500 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at forventa oljepris for 2003 er auka i høve til prisen som vart lagt til grunn i gjeldande løyving for 2003.
Frå og med 2003 vil SDØE sin del av kjøp og sal av gass som ikkje går til fysisk levering bli nettoført.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått redusert med 100 mill. kroner, frå 17 900 til 17 800 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg forsikringsrefusjonar i samband med Åsgard, Snorre og Vigdis, samt tidsforskyving av brønnvedlikehald.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Lete- og feltutviklingsutgifter blir foreslått redusert med 600 mill. kroner, frå 1 400 til 800 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg omdefinering av kostnader i samanheng med utarbeiding av plan for utvikling og drift for Ormen Lange frå leiteutgifter til investering (jf. St.prp. nr. 81 (2002-2003)), samt lågare leiteboring enn tidlegare overslag for 2003.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 og post 30 Avskrivninger blir foreslått redusert med 2 900 mill. kroner, frå 17 500 til 14 600 mill. kroner. Endringa skuldast oppjustering av reservane for felta Troll olje, Åsgard, Heidrun, Norne, Tune og Oseberg samt forlenga avskrivingsperiode for rør og landanlegg ved etablering av Gassled.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 og post 80 Renter blir foreslått auka med 200 mill. kroner, frå 6 200 til 6 400 mill. kroner. Endringa skuldast ein reduksjon i avskrivingar som fører til høgare berekningsgrunnlag for rentene.
Ovannemnde endringar fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar med om lag 5 600 mill. kroner, frå 55 300 til 60 900 mill. kroner.
Det blir foreslått ei løyving på 1 500 mill. kroner under kap. 5440, ny post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond. Det har vore uvanleg høge utbetalingar frå fondet i 2003. Aukinga i inneverande år skuldast mellom anna at utbetalingane i nokre skadesaker har vore forskuve frå 2002 til 2003, samt at det har vore nokre uvanleg store enkeltsakar i inneverande år. Spesielt tre saker skil seg ut i så måte: erstatting av røyrleidningar på Tune, feil på sveisingar på røyrleidningar på Åsgard og lekkasjeskader på Åsgard. Til saman utgjer desse skadane om lag 1 000 mill. kroner.
Ovannemnde endringar medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE aukar med 5 680 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 59 519,4 til 65 199,4 mill. kroner.
Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2003 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten ( i mill. kroner)
Kap/post Underpost | Nemning | Gjeldande løyving1 | Forslag til ny løyving | Endring | |
2440 | 22 | Fjerningsutgifter, overslagsbevilgning | 20 | 20 | 0 |
25 | Pro et contra-oppgjør | 180 | 210 | 30 | |
30 | Investeringer | 18 400 | 17 000 | -1 400 | |
50 | Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond | 880,6 | 980,6 | 100 | |
Sum kap. 2440 | 19 480,6 | 18 210,6 | -1 270 | ||
5440 | 01 (ny) | Pro et contra-oppgjør | 0 | 10 | 10 |
24.1 | Driftsinntekter | 98 300 | 100 500 | 2 200 | |
24.2 | Driftsutgifter | -17 900 | -17 800 | 100 | |
24.3 | Lete- og feltutviklingsutgifter | -1 400 | -800 | 600 | |
24.4 | Avskrivninger | -17 500 | -14 600 | 2 900 | |
24.5 | Renter | -6 200 | -6 400 | -200 | |
24 | Driftsresultat | 55 300 | 60 900 | 5 600 | |
30 | Avskrivninger | 17 500 | 14 600 | -2 900 | |
50 (ny) | Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond | 0 | 1 500 | 1 500 | |
80 | Renter | 6 200 | 6 400 | 200 | |
Sum kap. 5440 | 79 000 | 83 410 | 4 410 | ||
Kontantstraum frå SDØE: | |||||
Innbetalingar2 | 98 300,0 | 102 010,0 | 3 710 | ||
Utbetalingar3 | 38 780,6 | 36 810,6 | -1 970 | ||
Nettokontantstraum frå SDØE | 59 519,4 | 65 199,4 | 5 680 |
1 Gjeldende løyving for 2003 er basert på Stortinget sitt løyvingsvedtak av 12. desember 2002 (blå bok) og seinare endringar i 2003 (revidert budsjett), jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
2 Innbetalingar = driftsinntekter + pro et contra-oppgjer ifm. sal av SDØE-eigardelar + overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond
3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + fjerningsutgifter + investeringar + overføring til Staten sitt petroleumsforsikringsfond + netto pro et contra-oppgjer ifm. netto sal av SDØE-eigardelar.
Bruk av fullmakt VI - Forenkla behandling frå styresmaktene si side
Utviding av gassbehandlingskapasiteten på Kårstø
Departementet mottok 18. desember 2002 og 27. februar 2003 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av utviding av gassbehandlingskapasiteten på Kårstø (DPCU II-prosjektet). Anlegget er planlagt å komme i drift 1. oktober 2005. Gassco AS er operatør. Rettshavaren er Gassled 1. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. SDØE investerer i prosjektet for ein større del enn sin eigardel i Gassled som er på 38,293 pst. Eigardelen til SDØE i DPCU II er 43,803 pst. Dei totale investeringane for utbygginga blir i plan for anlegg og drift rekna til 4,8 mrd. 2003-kroner. Utbygginga vil for SDØE i 2003 medføre om lag 670 mill. kroner i investeringar og om lag 24 mill. kroner i kalkulatoriske renter. Plan for anlegg og drift av DPCU II-prosjektet vart vedteken ved kgl.res. 26. september 2003.
Anlegg for fjerning av CO2 og auka etanbehandling på Kårstø
Departementet mottok 18. desember 2002 og 27. februar 2003 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av anlegg for fjerning av CO2 og auka etanbehandling på Kårstø (CRAIER-prosjektet). Anlegget er planlagt å komme i drift 1. oktober 2005. Gassco AS er operatør. Investeringa i prosjektet skal delast mellom Etanor DA og Gassled. Etanor DA skal investere i den auka etankapasiteten og Gassled skal investere i CO2-fjerningsdelen av anlegget. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. SDØE investerer i prosjektet for ein større del enn sin eigardel i Gassled, som er på 38,293 pst. Eigardelen til SDØE i CO2- fjerningsdelen av CRAIER-prosjektet er 43,791 pst. og i anlegget for auka etanbehandling 62,7 pst. Dei totale investeringane for utbygginga blir i plan for anlegg og drift rekna til 798 mill. 2003-kroner. Utbygginga vil for SDØE i 2003 medføre om lag 142 mill. kroner i investeringar og om lag 5 mill. kroner i kalkulatoriske renter. Plan for anlegg og drift av CRAIER-prosjektet vart vedteken ved kgl.res. 26. september 2003.
Oseberg J-struktur
Departementet mottok 28. februar 2003 søknad om godkjenning av revidert plan for utbygging og drift av Oseberg Sør J-struktur. Oseberg Sør J-struktur er planlagt som ei utbygging under vatn med oppkopling til Oseberg Sør plattforma. Produksjonen skal etter planen starte i oktober 2004. Rettshavarane i Oseberg Sør Unit er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Petoro AS, Statoil ASA, Total E&P Norge AS, Mobil Development Norway AS og Norske Conoco A/S. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 33,6 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 1 428 mill. 2003-kroner. Utbygginga av Oseberg Sør J-struktur vil medføre om lag 111 mill. kroner i investeringar, om lag 4 mill. kroner i driftskostnader og om lag 4 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2003. Plan for utbygging og drift av Oseberg Sør J-struktur vart vedteken ved kgl.res. 15. mai 2003.
Ekofisk vekst
Departementet mottok 20. mars 2003 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Ekofisk vekst. Ekofisk vekst vil auke olje- og gassutvinninga frå Ekofisk. Prosjektet omfattar ombygging av eksisterande anlegg og installering av ei ny brønnhovud- og prosesseringsplattform. Produksjonen skal etter planen starte i 3. kvartal 2005. Rettshavarane i Ekofisk er ConocoPhillips Skandinavia AS (operatør), Total E&P Norge AS, Norsk Agip AS, Norsk Hydro Produksjon a.s, Statoil ASA og Petoro AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 5 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 8,1 mrd. 2003-kroner. Utbygginga av Ekofisk vekst vil medføre om lag 41 mill. kroner i investeringar, om lag 1 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2003. Plan for utbygging og drift av Ekofisk vekst vart vedteken ved kgl.res. 6. juni 2003.
Ringhorne Jurassic og Balder røyrleidningssystem
Departementet mottok 6. november 2002 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift (PAD) for Ringhorne Jurassic og Balder røyrleidningssystem. Prosjektet omfattar bygging av tre nye olje- og gassrøyr for overføring av olje og gass frå Balder og Ringhorne til Jotun for prosessering og vidare utskiping. Røyrleidningane skal etter planen komme i drift i 1. kvartal 2004. Esso Exploration and Production Norway AS er operatør og einaste rettshavar i Balder og Ringhorne. Rettshavarane i Jotun er Esso Exploration and Production Norway AS (operatør), Enterprise Oil Norge AS, Det norske Oljeseselskap AS og Petoro AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 3 pst. Dei totale investeringane er i plan for anlegg og drift rekna til 1 383 mill. 2003-kroner. Utbygginga vil ikkje få løyvingskonsekvensar på utgiftssida for SDØE, da investeringa vart dekkja av rettshavaren i Balder og Ringhorne. Plan for anlegg og drift av Ringhorne Jurassic og Balder røyrleidningssystem vart vedteken ved kgl.res. 14. februar 2003.
Vigdis Extension
Departementet mottok 5. juli 2002 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Vigdis Extension. Utbygginga omfattar to nye anlegg under vatn som vil bli kopla opp mot eksisterande anlegg under vatn på Vigdisfeltet. Herifrå vil produksjonen frå Vigdis Extension gå igjennom eksisterande røyr til Snorre-plattforma der olje- og gass blir prosessert. Produksjonen frå Vigdis Extension skal etter planen starte rundt årsskiftet 2003/2004. Rettshavarane i Vigdis er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Petoro AS, Statoil ASA, Total E&P Norge AS, Esso Exploration and Production Norway AS, RWE-DEA Norge AS og Idemitsu Petroleum Norge a.s. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 30 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2 708 mill. 2003-kroner. Plan for utbygging og drift av Vigdis Extension vart vedteken ved kgl.res. 20. desember 2002.
Bruk av fullmakt VII - Overføring av eigedomsrett mot bruksrett
Vederlagsfri overføring av eigedomsrett
Stortinget har gitt Olje- og energidepartementet fullmakt til å godkjenne vederlagsfri overføring av eigedomsrett frå ei rettshavargruppe der Petoro AS som forvaltar av SDØE er ein av rettshavarane, til ei anna rettshavargruppe, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2002-2003). Fullmakta gjeld for prosjekt der Kongen har fått fullmakt til å godkjenne plan for utbygging/anlegg og drift, og ved mindre endringar for prosjekt der plan for utbygging/anlegg og drift allereie er godkjend. Fullmakta er gitt under føresetnad av at overføringa av eigedomsrett ikkje har vesentlege prinsipielle eller samfunnsmessige sider, og at Petoro AS som forvaltar av SDØE er sikra tilstrekkeleg bruksrett.
I samband med nysaldering blir det kvart år gitt ei samla orientering til Stortinget om saker der overføring av eigedomsrett er godkjend det siste året. I St.prp. nr. 7 (1994-95) vart det informert om at departementet i framtida ville rapportere om overføringane etter at avtalane er godkjende av departementet. I perioden frå nysaldering 2002, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 89 (2002-2003) og fram til utgangen av oktober 2003 er det ikkje godkjend avtalar om vederlagsfri overføring av statleg eigedomsrett. Det blir orientert om ein avtale mellom rettshavarane i Tune og Oseberg som vart godkjend i april 2000, men som ikkje har vore omtala tidlegare.
Tune og Oseberg
Avtalen mellom rettshavarane i Tune og Oseberg om overføring av eigedomsrett til modifikasjonar og utvidingar på Oseberg D i samband med tilknytting av Tune mot Oseberg Feltsenter vart godkjend av departementet 26. april 2000. Tune har investert i utstyr på Oseberg D som gjer det mogleg å behandle rikgass frå Tune på Oseberg Feltsenter. Eigedomsretten til dette utstyret er overført til Oseberg. SDØE hadde på det tidspunkt overføringa fann stad ein eigardel på 50 pst. i Tune og ein eigardel på 50,78 pst. i Oseberg. SDØE sin del av investeringa var 373,5 mill. 2003-kroner. SDØE har i dag ein eigardel på 40 pst. i Tune og 33,6 pst. i Oseberg.
Bruk av fullmakt VIII - overdraging av eigardelar i utvinningsløyve
Fullmakta frå Stortinget har vært nytta i to høve med forenkla samordning. I begge tilfelle er det aktuelt å dele det løyvet som førekomsten strekk seg inn i, for deretter å overdra 100 pst. av det løyvet som er frådelt til det løyvet der størstedelen av førekomsten ligg. Denne forma for forenkla samordning var ein viktig grunn til at ein i 1996 tok inn ein heimel i petroleumslova om deling av området for utvinningsløyve.
I begge tilfelle gjeld overdraginga små førekomstar som er omfatta av fullmakt VIII frå Stortinget. Kongen har ved kgl.res. 24. oktober 2003 godkjend at departementet kan samtykkje i desse overdragingane.
Utvinningsløyve 079 og 190
Rettshavarane i utvinningsløyve 079 (Oseberg) og 190 (Delta Extension) ønskjer å inngå ei avtale om forenkla samordning for ein førekomst i utvinningsløyve 079. Førekomsten strekk seg over i utvinningsløyve 190. Avtalen inneber at rettshavarane i utvinningsløyve 079 skal ha rett til å produsere den delen av førekomsten som ligg i utvinningsløyve 079 mot å betala eit beløp på forskott som betaling for heile produksjonen frå førekomsten. SDØE har ein eigardel i utvinningsløyve 079 på 33,6 pst. og 40 pst. i utvinningsløyve 190.
Avtalen vil og innehalde ein klausul som inneber at dersom produksjonen i utvinningsløyve 190 de facto tar slutt, skal rettshavarane i utvinningsløyve 190 søke om å levere tilbake alle delar av løyvet med unnatak av den delen som omfattar Delta Extension. Dersom Olje- og energidepartementet eller Oljedirektoratet skulle motsette seg dette, vil avtalen innehalde ein passus om at rettshavarane i utvinningsløyve 190 vil ta dei naudsynte skritt for å gjennomføre ei geografisk deling av området for utvinningsløyva, og deretter overdra den delen som inneheld Delta Extension til rettshavarane i utvinningsløyve 079.
Ved godkjenning av denne avtalen vil Olje- og energidepartementet samstundes akseptere det elementet i avtalen som subsidiært vil kunne innebere ein overdraging av utvinningsløyve 190, alternativt eit frådelt utvinningsløyve 190B til rettshavarane i utvinningsløyve 079.
Utvinningsløyve 053 og 055
Ein førekomst i utvinningsløyve 053 (Oseberg Øst Extension) strekk seg inn i utvinningsløyve 055 med ein så liten del at ei tradisjonell unitisering ikkje vart sett som føremålstenleg. Rettshavarane har søkt om, og fått godkjenning for, ei frådeling av utvinningsløyve 055 gjennom utsteding av eit nytt utvinningsløyve 055C. Rettshavarane i 055C ønskjer å overdra 100 pst. av utvinningsløyvet til rettshavarane i utvinningsløyve 053. Eigarmessig vil utvinningsløyve 055C bli fordelt i forhold til eigardelane i utvinningsløyve 053.
SDØE sin eigardel i utvinningsløyve 053 er 33,6 pst. Eigardelen til SDØE i utvinningsløyve 055C, 13,4 pst., vil under avtalen bli overdradd til rettshavarane i utvinningsløyve 053. Dette inneber ein kostnad for SDØE på om lag 0,5 mill. kroner.
Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490, 5491 og 5603)
Post 24 Driftsresultat
Overslaget for kap. 2490, underpost 24.01 Driftsinntekter blir foreslått redusert med 0,7 mill. kroner, frå 41 til 40,3 mill. kroner. Endringa har samanheng med reduserte inntekter frå eksterne og interne oppdrag.
Overslaget for kap. 2490, underpost 24.02 Driftsutgifter blir foreslått redusert med 2,7 mill. kroner, frå 38 til 35,3 mill. kroner. Endringa har samanheng med reduserte innkjøp og anleggskostnader i samband med anleggsarbeid.
Overslaget for kap. 2490, underpost 24.04 Renter blir foreslått redusert med 0,9 mill. kroner, frå 1,8 til 0,9 mill. kroner.
Ovannemnde endringar i underpostar medfører at det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 aukar med 2,9 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 3,6 til 0,7 mill. kroner.
I St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Olje- og energidepartementet er anleggskapitalen som er oppgitt i NVE Anleggs kapitalbalanse pr. 31.12.2002 for låg. Olje- og energidepartementet vil komme tilbake med ein korrekt kapitalbalanse i samband med revidert budsjett for 2004.
Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet
Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,75 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810, post 21. Ny løyving blir etter dette på 45,75 mill. kroner.
Post 04 Salg av undersøkelsesmateriale
Inntektene under posten kommer frå sal av seismisk undersøkingsmateriale til oljeselskapa. Det er stor tvil knytt til desse salsinntektene. Dei fleste aktørane på norsk sokkel har allereie kjøpt dei seismiske datapakkane som til no er gjort tilgjengelege (Norskehavet og Barentshavet sør). Inntektene i framtida vil difor avhenge av sal av geofysiske og geologiske datapakkar i Barentshavet Nord.
OD har så langt i år ikkje selt nokon datapakkar, og ein reknar ikkje med at det vil bli selt datapakkar seinare i år heller. Departementet foreslår difor at budsjettoverslaget blir redusert med 2,5 mill. kroner, til kr 0. Dette vart òg gjort i 2002, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 89 (2002-2003).
Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)
Post 01 Gebyr- og avgiftsinntekter
Meirutgifter vedrørande beredskapsverksemda i samband med kraftsituasjonen vinteren 2002/2003 medfører auka faktureringsgrunnlag og dermed meirinntekter i forhold til gjeldande løyving for 2003. På bakgrunn av dette oppjusterast overslaget på gebyr- og avgiftsinntekter med 0,4 mill. kroner, frå 21,1 til 21,5 mill.
Fotnotar
Samla eigarstruktur for gasstransportrøyrleidningar og transportrelaterte anlegg på og frå norsk kontinentalsokkel.