3 Bruk av fullmakter under SDØE
I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett–innst. S. nr. 9 (2004–2005).
Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av desse fullmaktene.
3.1 Fullmakt VIII – St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2004-2005)
Fullmakta om forenkla handsaming frå styresmaktene si side vart nytta ved åtte høve i 2005:
Blane
Olje- og energidepartementet fekk 18. mai 2005 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Blane. Feltet ligg på grenselina mellom britisk og norsk sektor og inneheld olje. Utbygginga omfattar undervassutbygging med oppkopling mot Ulafeltet. Produksjon frå Blane er venta å ta til i slutten av 2006. Rettshavarane i Blane er Paladin Expro Limited (operatør), MOC Exploration (UK) Limited, ENI UK Limited, Roc Oil (GB) Limited, Bow Valley Petroleum (UK) Limited, ENI ULX Limited, Paladin Resources Norge AS og Talisman Energy Norge AS. SDØE har ikkje eigardelar i Blane.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift for Blane rekna til 1,7 mrd. 2005-kroner.
Plan for utbygging og drift for Blane vart vedteken ved kongeleg resolusjon 1. juli 2005.
Enoch
Departementet fekk 18. mai 2005 plan for utbygging og drift av Enoch. Enoch ligg delvis på norsk og britisk kontinentalsokkel, og er planlagt som ei undervassutbygging knytt opp til det britiske feltet Brae. Produksjonen er planlagt å ta til i slutten av 2006. Rettshavarane i Enoch er Paladin Expro Limited (operatør), Dyas UK Limited, Roc Oil (GB) Limited, Bow Valley Petroleum (UK) Limited, Dana Petroleum (E&P) Limited, Petro-Canada UK Limited, Lundin North Sea Limited, Statoil ASA, Total E&P Norge AS, Det norske oljeselskap AS og DONG Norge AS. SDØE har ikkje eigardelar i Enoch.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 811 mill. 2005–kroner.
Plan for utbygging og drift for Enoch vart vedteken ved kongeleg resolusjon 1. juli 2005.
Fram Øst
Departementet fekk 23. februar 2005 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Fram Øst. Utbygginga omfattar undervassutbygging med oppkopling til Troll C for prosessering og transport. Produksjon frå Fram Øst er venta å starte i oktober 2006. Rettshavarane i Fram Øst er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Mobil Development Norway AS, Statoil ASA, Gaz de France Norge AS og Idemitsu Petroleum Norge a.s. SDØE har ikkje eigardelar i Fram Øst.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 3,8 mrd. 2004–kroner.
Plan for utbygging og drift av Fram Øst vart vedteken ved kongeleg resolusjon 22. april 2005.
Njord gasseksport
Departementet fekk 15. november 2004 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift og plan for anlegg og drift av Njord gasseksport. Njord gasseksport omfattar modifikasjonar på Njord A, nytt utstyr på havbotnen samt ein rørleidning til gassrøyrleidningssystemet frå Åsgard til Kårstø, Åsgard Transport.
Rettshavarane i Njord er Norsk Hydro Produksjon a.s. (operatør), Mobil Development Norway AS, Gaz de France Norge AS, E.ON Ruhrgas Norge AS, Paladin Resources Norge AS, Petoro AS og OER Oil AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 7,5 pst.
Planen for oppstart av gasseksport er 1. oktober 2007. Årleg gasseksport vil bli om lag 2 mrd. Sm3, tilsvarande 6 mill. Sm3 per dag. Totale investeringar for utbygginga er estimert til 1,1 mrd. 2004–kroner.
Plan for utbygging og drift og plan for anlegg og drift av Njord gasseksport vart vedteken ved kongeleg resolusjon 21. januar 2005
Oseberg Delta
Departementet fekk 1. juli 2005 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Oseberg Delta. Oseberg feltsenter vil bli nytta til prosessering og eksport av ressursane. Produksjon frå Oseberg Delta er venta å starte 1. oktober 2007. Rettshavarane i Oseberg er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Petoro AS, Statoil ASA, Total E&P Norge AS, ExxonMobil Production Norway Inc. og Norske ConocoPhillips AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 33,6 pst.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 1,8 mrd. 2005–kroner.
Plan for utbygging og drift av Oseberg Delta vart vedteken ved kongeleg resolusjon 23. september 2005.
Skinfaks og Rimfaks IOR
Departementet fekk 8. desember 2004 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Skinfaks og endra plan for utbygging og drift av Rimfaks. Utbygginga omfattar undervassutbygging av olje- og gassressursar i Skinfaks og Rimfaks. Rimfaks er i produksjon og prosjektet Rimfaks IOR er eit tiltak for å auke utvinninga frå feltet. Gullfaks C plattforma vil nyttast til prosessering og vidare transport av ressursane. Produksjon frå Rimfaks IOR er venta å ta til i desember 2006 og frå Skinfaks i april 2007. Rettshavarane i Skinfaks og Rimfaks er Statoil ASA (operatør), Petoro AS og Norsk Hydro Produksjon a.s. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 30 pst.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift for Skinfaks og endra plan for utbygging og drift av Rimfaks rekna til 3,4 mrd. 2004–kroner.
Plan for utbygging og drift av Skinfaks og endra plan for utbygging og drift av Rimfaks IOR vart vedteken ved kongeleg resolusjon 11. februar 2005.
Vilje
Olje- og energidepartementet fekk 23. desember 2004 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Vilje. Vilje er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot produksjonsskipet på Alvheimfeltet. Produksjonen er planlagt å ta til i 2007. Rettshavarane i Vilje er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Marathon Petroleum Norge AS og Total E&P Norge AS. SDØE har ikkje eigardelar i Vilje.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,1 mrd. 2004–kroner.
Plan for utbygging og drift for Vilje vart vedteken ved kongeleg resolusjon 18. mars 2005.
Volve
Departementet fekk 23. desember 2004 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Volve. Volve er planlagt utbygd med ei oppjekkbar plattform med bore- og prosessfasilitetar, knytt opp mot eit permanent flytande lagerskip. Produksjonen er planlagt å ta til i 2007. Rettshavarane i Volve er Statoil ASA (operatør), ExxonMobil Exploration and Production Norge AS, Total E&P Norge AS og Norsk Hydro Produksjon a.s. SDØE har ikkje eigardelar i Volve.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til i underkant av 2 mrd. 2005–kroner.
Plan for utbygging og drift for Volve vart vedteken ved kronprinsregenten sin resolusjon 22. april 2005.
3.2 FULLMAKT XI – St.prp. nr 1 og Budsjett-innst. S. nr 9 (2004-2005)
Fullmakta knytt til overdraging og samordning av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eitt høve i 2005.
I samband med utbygginga av Oseberg Delta inngjekk rettshavarane i utvinningsløyva 079 (Oseberg) og 190 (Tune) ei avtale om forenkla samordning for den del av førekomsten (Delta Extension) i utvinningsløyve 079 som strekkjer seg inn i utvinningsløyve 190. Avtala seier at rettshavarane i utvinningsløyve 079 skal ha rett til å produsere den delen av førekomsten som ligg i utvinningsløyve 190 mot ei forskotsvis betaling av ein eingongssum på 9 mill. kroner (100 pst.). SDØE har ein eigardel på 33,6 pst. i utvinningsløyve 079 og ein eigardel på 40,0 pst. i utvinningsløyve 190. På grunn av den høgare eigardelen i utvinningsløyve 190, vil staten netto få kroner 576 000 for Delta Extension. Staten får 3,6 mill. kroner i utvinningsløyve 190 og betaler 3,024 mill. kroner i utvinningsløyve 079.
Samordningsavtala inneheld òg ein klausul om at rettshavarane i utvinningsløyve 190, i fall aktiviteten her de facto tek slutt, skal søkje å tilbakelevere alle delar av løyvet med unntak av den delen som omfattar Delta Extension. For det tilfellet at Olje- og energidepartementet eller Oljedirektoratet skulle motsetje seg dette, inneheld avtala ein passus om at rettshavarane i utvinningsløyve 190 vil ta dei naudsynte steg for å overdra eigardelane i løyvet til rettshavarane i utvinningsløyve 079, alternativt gjennomføre ei geografisk deling av området for løyvet, og deretter overdra den delen som inneheld Delta Extension til rettshavarane i utvinningsløyve 079.
Olje- og energidepartementet godkjende 23. september 2005 at eigardelen til SDØE inngår i ei slik forenkla samordning av Delta Extension i utvinningsløyva 079 og 190. I samsvar med fullmakt XI punkt 2 godkjende departementet samtidig vilkåret om subsidiær overdraging av SDØE sin eigardel i utvinningsløyve 190, som ledd i ei overdraging av 100 pst. av eigardelane i dette løyvet til rettshavarane i utvinningsløyve 079.