2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justisdepartementet
Post 01 Driftsutgifter og post 71 Tilskott til internasjonale organisasjonar
På grunn av den sterke kronekursen er det venta eit mindreforbruk på 0,25 mill. kr under kap. 400, post 71 Tilskott til Internasjonale organisasjonar for 2003. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 71 med 0,25 mill kr og auke løyvinga tilsvarande under kap. 400, post 01. Forslaget til auking på kap. 400, post 01 vil mellom anna dekkje auka husleige i Justisdepartementet.
Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning/Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 01 Driftsutgifter/post 03 Andre inntekter
Avtala om poengberekning for fengselsstellet frå 1. januar 1997 har falle bort etter forhandlingar mellom Kriminalomsorga si sentrale forvaltning og dei berørte tenestemannsorganisasjonane. Det er no fastsett eit system der uniformseffektar vert erstatta ved behov etter lokalt fastsette kriteriar. Tenestemenn treng ikkje lenger betale eigeandel for uniformseffektar.
På bakgrunn av endringa og rekneskapstal hittil i år, foreslår Justisdepartementet å setje ned løyvinga under kap. 430, post 01 med 1,4 mill. kr, mot at løyvinga under kap. 3430, post 03 Andre inntekter vert sett ned tilsvarande.
Kap. 432 Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)
Post 01 Driftsutgifter
Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 432, post 01 med 1 mill. kr, som delvis inndekking av meirutgiftene til Dei særskilde etterforskingsorgana, jf. omtale under kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana.
Kap 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten
Utgiftene til asyl- og utlendingsaker
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter
Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2003, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003) vedtok Stortinget å auke løyvinga til politiet sin innsats på asyl- og utlendingsområdet med til saman 88,5 mill. kr. Regjeringa gjorde i St.prp. nr. 65 (2002-2003) greie for nye tal for kostnadene for politiet på asyl- og utlendingsområdet. Det vart og gjort greie for at Regjeringa ville setje i verk fleire ulike tiltak for å auke politiet sin innsats på dette området, og at ein arbeidde på mange felt for å få ned kostnadene. Stortinget vedtok også regjeringa sitt framlegg om å auke plantalet på uttransporterte i asyl- og utlendingssaker frå 8 000 til 10 500. Regjeringa skreiv i St.prp. nr. 65 (2002-2003) at det var stor uvisse om kor store samla løyvingar politiet har behov for på asyl- og utlendingsområdet, og at det kunne verte nødvendig å koma med nye forslag seinare i budsjetterminen.
Regjeringa legg no fram forslag om tilleggsløyving på feltet. Hovudårsakene til dette er samansette. Det har teke lengre tid enn føresett å få full effekt av dei effektiviseringstiltaka som skulle setjast i verk, og som låg til grunn for Regjeringa sitt forslag om tilleggløyving i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003. Det har og blitt meir krevjande uttransportar no enn tidlegare. Dette har mykje å seie både for uviklinga av kostnadane og for talet på uttransporterte i 2003.
Regjeringa prioriterer effektiviseringsarbeidet på asyl- og utlendingsområdet svært høgt. Mange tiltak er allereie sette i verk, og vil få effekt i 2003. Det viktigaste tiltaket på politiet sitt område er etableringa av eit nytt og permanent særorgan under Politidirektoratet. Dette skal ha eit nasjonalt ansvar for alle registreringar og uttransportar. Sommaren og hausten 2003 har det vorte lagt ned eit stort arbeid i å etablere den nye eininga. Dette har skjedd samstundes med monalege forbetringar i politiet sitt arbeid på feltet. All registrering av nye asylsøkjarar skjer no i løpet av 24 timar, og gjennomsnittskostnaden for uttransportane er på veg ned. Denne positive utviklinga har krevd stor innsats og omstilling. Dei tiltaka som enten er sette i verk eller som vil verte sett i verk i 2003 er til dømes desse:
Auka personellressursar for å redusere bruk av overtid, engasjement og vikarbyrå
Styrking av kapasiteten til ID-etterforsking, og at denne etterforskinga vert sett inn tidlegare i prosessen
Betre samordning av uttransportane, mellom anna ved oppretting av eit eige kontor for koordinering av transportar innanlands og utanlands
Det vert lagt til rette for etablering av sivilt transportkorps med avgrensa politimynde, og at sivilt tilsette sjåførar kan redusere behovet for eksterne transporttenester og politiutdanna personell
Ny avtale med charterflyselskap for å redusere kostnadane ved uttransportar
Samlokalisering av funksjonane innan registrering og uttransport
Utviding av kapasiteten ved Trandum internat, som er viktig for å samle dei som er klare til uttransport for å sikre effektiv transport.
Utan desse tiltaka, ville kostnadene i 2003 vorte høgare enn det Regjeringa her legg til grunn.
Justisdepartementet reknar med at det samla talet på uttransporterte i 2003, må justerast ned frå 10 500 til å verte på om lag 8 500. Tala for 2001 var om lag 5 200 og i 2002 8 065. Etter politiet sine registreringar er det medio oktober 2003 uttransportert om lag 6 400 personar i utlendingssaker, inklusive dei som reiser med IOM (International Organisation Migration). Hovudårsakene til at måltalet på uttransporterte må justerast ned er desse:
Det har vorte enda meir krevjande å finne identiteten til mange asylsøkjarar, og kun 6,2 % av asylsøkjarane i dei 9 første månadene i 2003 hadde pass. Dette gjer at store ressursar må nyttast til etterforsking i staden for til uttransportar
Det er stadig auke i asylsøkjarar frå land langt borte, og fleire land er representerte enn tidlegare. Dette gjev ei meir kompleks og krevjande samansettning av klientane. Det er og viktig at det i 2003 vil vere langt færre såkalla «enkle» uttransporteringar enn i 2002, noko som vil føre til auka ressursbruk. Reiseavstanden vert lengre, færre uttransporteringar pr. destinasjon gjer det lite aktuelt å bruke charterfly
Mange som sit i statlege asylmottak forsvinn frå mottaket like før politiet kjem for å utføre returen. Justisdepartementet reknar med at om lag 1 000 personar har forsvunne som følgje av auka politiinnsats hittil i år. Sidan 15.06.2003 har ein måtte avbestille ca. 900 flybillettar til uttransporteringar som var planlagde, på grunn av forsvinningar
Talet på uttransportar gjennom IOM vil bli lågare enn det ein la til grunn for forslaget til revidert budsjett
Saker etter Dublin-konvensjonen har vorte meir ressurskrevjande fordi enkelte land har innførd kvoter på talet på personer som får returnere, og ein del land krev levering på opptil fleire stader innan kvart land. Dette gjer uttransportane meir krevjande
Redusert kapasitet hos Utlendingsdirektoratet i transittmottak i austlandsområdet gjev mindre grad av oppsamling av søkjarar enn det som vart lagt til grunn.
Justisdepartementet ønsker ikkje at innsatsen på utlendingsområdet skal gå ut over kampen mot kriminalitet. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap 440, post 01 med 25 mill. kr, og løyvinga under kap 440, post 21 med 25 mill. kr.
Overføring av midlar frå post for tilskot
Som følgje av den samla budsjettsituasjonen på politibudsjettet, foreslår departementet å auke løyvinga på kap 440, post 01 med 0,75 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon av kap 440, post 70.
Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast
Etter ei vurdering av rekneskapstala, og som delvis inndekking av meirbehovet til politiet, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap 440, post 22 med 1 mill. kr.
Post 70 Tilskot
Det vert foreslått å redusere løyvinga med 0,75 mill. kr, jf. omtale under kap 440, post 01.
Kap 3440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten
Post 04 Gebyr - vaktselskap
Saldert budsjett 2003 er 0,207 mill. kr. På bakgrunn av tal frå rekneskapen og venta utvikling foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 04 med 0,65 mill. kr.
Post 05 Gebyr i utlendingsaker
I budsjettforslaget for 2003 vart det foreslått ei løyving på 36,8 mill. kr på ny inntektspost 05 Gebyr i utlendingsaker. Forslaget var basert på eit lovforslag frå Kommunal- og regionaldepartementet om å innføre nye gebyr på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids-, og busettingsløyve, med verknad frå 01.01.2004.
Dei nye gebyrordningane vart sette i verk først frå 01.10.2003. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 05 med 27,8 mill. kr, til 9 mill. kr, jf. også omtale under kap. 441, post 01.
Kap. 441 Oslo politidistrikt
Post 01 Driftsutgifter
I samband med innføring av gebyr i utlendingsaker, jf. omtale under kap. 3440, post 05, vart budsjettet på kap. 441, post 01 auka, for å dekkje meirarbeidet for Oslo politidistrikt. Som følgje av at lovendringa vart sett i verk forseinka, reknar Justisdepartementet med at det kan førast over 2 mill. kr frå kap 441, post 01 til andre føremål i 2003.
JD foreslår å redusere løyvinga på kap. 441, post 01 med 2 mill. kr, som delvis inndekking av meirutgiftene til Dei særskilde etterforskingsorgana, jf. omtale under kap. 460.
Det vert foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 441, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3441, post 05, jf. forslag til vedtak.
Kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO)
Post 01 Driftsutgifter
Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO) skal leie etterforskinga av meldingar av embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta som skal ha gjort seg skyldige i straffbare handlingar i tenesta.
Det er ein tendens til at talet på store og ressurskrevjande saker auker. Belastninga for etterforskingsorgana har derfor auka over tid. Departementet har begrensa moglegheit til å styre forbruket på posten fordi sakene er av ein spesiell karakter. Ein nedprioritering av sakene med etterfølgjande restanseoppbygging vil vere særs uheldig med tanke på at ordninga skal ha truverde blant publikum.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, post 01 med 3 mill. kr. For å dekkje opp det auka behovet blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 432, post 01 med 1 mill. kr og på kap. 441, post 01 med 2 mill. kr, jf. omtale under desse kapitla.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9 og 9 a. Dei totale utgiftene på kapitlet avhengjer av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne.
Ut fra rekneskapstall og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 25 mill. kr.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 70 Fri sakførsel
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til advokatar i saker der det er gjeve fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470, post 70 med 20 mill. kr.
Post 71 Fritt rettsråd
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelpere i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 15 mill. kr.
Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
I juni vart det inngått forlik i saken mellom Amelia Riis og Staten v/Justisdepartementet på i alt 55,1 mill. kr. Det har ikkje vorte teke omsyn til ein slik utbetaling i budsjettet for 2003. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 471, post 71 med 53 mill. kr.