2 Endringsforslag
Kap. 904 Brønnøysundregistra (jf. kap. 3904)
Post 01 Driftsutgifter
Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga
Sikkerhetsportalen er eit prosjekt under Moderniseringsdepartementet (MOD) i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet. Prosjektansvaret er lagt til Brønnøysundregistra og blir finansiert av midlar på post 22 (Altinn) med tilleggsmidlar frå MOD. Arbeidet knytt til portalen skulle ha ei samla ramme på 20 mill. kroner.
I arbeidet med sikkerhetsportalen er det avdekka behov for å auke ramma til 22 mill. kroner. MOD ga i september 2005 1 mill. kroner meir enn først avtalt, og det blei lagt til grunn at Brønnøysundregistra òg skulle tilføre 1 mill. kroner. Dette vil auke ramma for sikkerhetsportalen frå 20 til 22 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 1 mill. kroner og auke løyvinga under post 22 med 1 mill kroner.
Kap. 909 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Post 71 Tilskot til ferjereiarlag i utanriksfart i NOR, overslagsløyving
Post 72 Tilskot til offshorefartøy i NOR, overslagsløyving
Samla løyvingar over kapitlet utgjer 1 060 mill. kroner, fordelt med 130 mill. kroner under post 70, 315 mill. kroner under post 71 og 615 mill. kroner under post 72.
Løyvinga under post 70 dekkjer refusjon for delar av lønsutgiftene (9,3 eller 12 pst.) reiarlaga har til norske sjøfolk på dei fartøytypane som er omfatta av tilskotsordninga. Tilskota under post 71 og 72 gjeld nettolønsordningar og dekkjer refusjon for innbetalt inntektsskatt, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift for dei aktuelle sjøfolka. Nærare utgreiing om innretting av og vilkår for dei ulike refusjonsordningane er gitt i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Tilskotsordningane er regelstyrte og særleg talet på sjøfolk som er omfatta av ordningane, er avgjerande for storleiken på refusjonsutbetalingane (seks terminutbetalingar i året).
På bakgrunn av utbetalingsrapportar for ordningane hittil i 2005 (for fire terminar) og venta utbetalingar resten av året (to terminar), gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om følgjande endringar i løyvingane under kap. 909:
Post 70: løyvinga blir redusert med 25 mill. kroner, frå 130 til 105 mill. kroner. Det har vore ein vesentleg nedgang i talet på sjøfolk som det kan krevjast refusjon for, frå 3 035 hausten 2004 til 2 225 i juni 2005.
Post 71: løyvinga blir auka med 20 mill. kroner, frå 315 til 335 mill. kroner. Talet sjøfolk som det kan krevjast nettolønsrefusjon for, har auka frå 2 200 hausten 2004 til 2 335 i juni 2005.
Post 72: løyvinga blir auka med 55 mill. kroner, frå 615 til 670 mill. kroner. Talet på sjøfolk som det kan krevjast nettolønsrefusjon for, har auka frå 3 980 hausten 2004 til 4 290 i juni 2005.
Samla gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvingane under kap. 909 blir auka med netto 50 mill. kroner, frå 1 060 til 1 110 mill. kroner.
Kap. 922 Romverksemd
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Det er lagt til grunn at løyvingane til kontingent i den europeiske romorganisasjonen ESA skal justerast dersom valutakursen på Euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursen som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i Euro til ESA i seks transaksjonar til kursar som var lågare enn den kursen på Euro som blei lagt til grunn i budsjettframlegget for 2005. Dette utgjer ei innsparing på 4,6 mill. kroner. I tillegg viser justeringar i kontingentoppkallinga frå ESA at løyvinga kan reduserast med ytterlegare 0,5 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med til saman 5,1 mill. kroner, frå 89,5 til 84,4 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Det er lagt til grunn at løyvingane til internasjonal romverksemd skal justerast dersom valutakursane på Euro og amerikanske dollar har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i Euro til den europeiske romorganisasjonen ESA i seks transaksjonar til kursar som var lågare enn den budsjetterte. Vidare har Norsk Romsenter hatt utbetalingar i amerikanske dollar til Radarsat International Inc. i to transaksjonar til kursar som var lågare enn den budsjetterte. Dette utgjer ei samla innsparing på 9,3 mill. kroner. I tillegg viser justeringar i oppkallinga av programmiddel frå ESA at løyvinga kan reduserast med ytterlegare 1,2 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med til saman 10,5 mill. kroner, frå 181,4 til 170,9 mill. kroner.
Post 72 Nasjonale følgjemiddel
Departementet viser til utgreiing om norsk deltaking i Galileo under kap. 922, post 72 i St.prp. nr. 65 (2004-2005) der det blei gjort framlegg om å halde tilbake 6 mill. kroner under denne posten og 20 mill. kroner under kap. 2421 Innovasjon Norge, post 72 Forskings- og utviklingskontraktar, til seinare dekking av norsk deltaking på EU-sida i satellittnavigasjonssystemet Galileo. Ei samarbeidsavtale med EU om Galileo vil ikkje bli klar før i 2006. Nærings- og handelsdepartementet gjer av den grunn framlegg om at løyvinga på post 72 Nasjonale følgjemiddel, blir gjort overførbar ved å tilføye stikkordet «kan overførast».
Kap. 934 Internasjonaliseringstiltak
Post 95 Innskot i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD)
Den årlege løyvinga til EBRD skal justerast dersom Eurokursen har endra seg i høve til den kursen som blei lagt til grunn for saldert budsjett. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner i 2005, frå 29,9 til 28,7 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Over statsbudsjettet for 2005 er det løyvd 11,5 mill. kroner til å dekkje transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under NHD si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er overført 2 mill. kroner frå 2004, og det er vidare knytt ei overskridingsfullmakt til posten.
I 2005 har det vore nytta konsulenthjelp for om lag 8,5 mill. kroner til eigarmessige vurderingar av selskap som Nærings- og handelsdepartementet forvaltar. Vidare er det betalt VPS-gebyr på om lag 1,5 mill. kroner.
I tillegg kjem transaksjonskostnader og bistand knytt til børsnotering og sal av aksjar i Cermaq. Salet og børsnoteringa blei gjennomført i oktober 2005 og omfatta 29 184 400 aksjar. Staten sin eigardel blei redusert frå 79,4 til 43,5 pst. Staten sine utgifter knytt til salet og børsnoteringa utgjer samla om lag 33 mill. kroner og omfattar hovudsakleg utgifter til rådgjeving m.m., provisjon og godtgjering til tilretteleggjarane.
Nærings- og handelsdepartementet sine rådgjevingsutgifter omfattar strategiske, finansielle og juridiske tenester. Desse kostnadene utgjer om lag 6,5 mill. kroner. I tillegg har departementet hatt utgifter til salsprovisjon til tilretteleggjarane og utgifter til annonsar, utarbeiding av prospekt og diverse utgifter i samband med sal til privatpersonar. Desse kostnadene utgjorde til saman om lag 26,5 mill. kroner.
Salet av aksjar ga eit proveny på 1 284 mill. kroner. Av salskostnadene på om lag 33 mill. kroner. kan om lag 3 mill. kroner dekkjast av den ordinære løyvinga.
Når ein tek omsyn til 2 mill. kroner som er overført frå 2004, er det behov for ei tilleggsløyving på 30 mill. kroner for 2005. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med til saman 30 mill. kroner, frå 11,5 til 41,5 mill. kroner.
Post 96 (ny) Aksjar
DnB NOR ASA
Grunna DnB NOR ASA sin emisjon knytt til opsjonsprogram for sine tilsette i slutten av mars 2005 blei statens eigardel i selskapet redusert frå 34 til 33,75 pst. Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) fekk Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til utan løyving å utgiftsføre kjøp av aksjar i DnB NOR ASA slik at den statlege eigardelen i selskapet kunne utgjere 34 pst. I samsvar med føresetnaden i fullmakta frå Stortinget kjøpte Nærings- og handelsdepartementet i mai 2005 3,3 mill. aksjar i DnB NOR ASA i marknaden for 211,5 mill. kroner, slik at den statlege eigardelen på ny utgjorde 34 pst.
Nammo AS
Staten eig 45 pst. av aksjane i Nammo AS. Dei andre aksjonærane i Nammo er svenske SAAB AB med 27,5 pst. og finske Patria Oyj med 27,5 pst. Tilhøvet mellom eigarane er regulert i ei aksjonæravtale. Ein aksjonær kan ikkje eige meir enn 50 pst. av aksjane i selskapet utan at dei andre aksjonærane godtek det. Sal av aksjar frå ein aksjonær utløyser ein førsterett til kjøp for dei andre aksjonærane.
Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 41 og Innst. S. nr. 154 (1999-2000) Statens engasjement i Raufoss ASA og Nammo AS, fekk Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til å justere staten sin eigardel i Nammo AS i intervallet 34-51 pst.
Patria Oyj og SAAB AB er samde om at Patria Oyj skal kjøpe alle SAAB AB sine aksjar i Nammo AS. Prisen for aksjane er 340 mill. kroner. Dersom staten ikkje nyttar sin førsterett til å kjøpe, kjem Patria Oyj til å få ein eigardel på 55 pst. i Nammo AS.
Regjeringa har vedteke at Nærings- og handelsdepartementet kan nytte nemnde fullmakt frå Stortinget til å kjøpe 5 pst. av aksjane i Nammo AS. Staten vil dermed auke sin eigardel til 50 pst., noko som reduserer Patria Oyj sin eigardel til 50 pst. Ei slik løysning er viktig av omsyn til kva mon staten kan gjere sine interesser gjeldande i Nammo AS i framtida og til tryggleiken for lokalsamfunnet og dei tilsette i Nammo AS på Raufoss. Kjøpet av aksjane vil utgjere ca. 62 mill. kroner.
Oppsummering
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve til saman 273,5 mill. kroner under ny post 96 Aksjar.
Kap. 960 (nytt) Raufoss ASA
Post 71 Refusjon for miljøtiltak
Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) samtykte Stortinget i at Nærings- og handelsdepartementet kunne utgiftsføre betalingar knytt til pålagte miljøtiltak etter verksemda til Raufoss-gruppa utan løyving på førehand. Ramma for ordninga er på 50 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 40 og Innst. S. nr. 147 (2003-2004).
Statens Forureiningstilsyn har kome med fleire miljøpålegg mot private grunneigarar på Raufoss. Med bakgrunn i pålegga har ei rekkje private verksemder fått statlege garantiar for opprensking knytt til historisk forureining frå Raufoss-gruppa. Arbeidet med å rydde opp er kome godt i gang. Miljøarbeidet er krevjande. Det vil ta fleire år før alle dei pålagte tiltaka er følgt opp. Refusjon skjer etter rekning. Departementet har knytt til seg ein eigen miljørådgjevar og ekstern bistand for revisjon. Det er utarbeidd interne reglar for handsaminga i departementet. I 2005 har aktivitetar mellom anna ved fjellanlegget og slamdeponiet på Raufoss vore handsama. Fram til midten av november har departementet fått krav om utbetalingar for om lag 10 mill. kroner i samband med oppryddinga av den historiske forureininga. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare utbetalingar før utgongen av 2005.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 15 mill. kroner under posten for 2005. Departementet gjer merksam på at storleiken på utbetalingane er usikker. Nokre utbetalingar som ein no reknar med vil kome i 2005, kan bli utsett til etter årsskiftet.
Kap. 2421 Innovasjon Norge (jf. kap. 5325 og 5625)
Post 50 Innovasjon – prosjekt, fond
På bakgrunn av tapssituasjonen i Innovasjon Norge i 2002 og 2003 blei ein i handsaminga av 2004-budsjettet samd om at tapsfonda knytt til risikolåneordningane skulle styrkast over ein periode på fire år. Styrkinga av tapsfonda var ein føresetnad for implementeringa av eit nytt system for handtering av tap hausten 2003, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 (2003-2004). I tillegg til å dekkje konstaterte tap og spesifiserte tapsavsetjingar skal tapsfonda no òg dekkje uspesifiserte tapsavsetjingar.
Tapsfondet blei tilført totalt 138 mill. kroner i 2003 og 2004, jf. omtale og framlegg i St.prp. nr. 18 (2003-2004) og St.prp. nr. 16 (2004-2005). Innovasjon Norge har rekna ut at behovet for ytterlegare styrking er 20 mill. kroner. Dette er ei nedjustering av tidlegare utrekning og eit såpass lågt beløp at Nærings- og handelsdepartementet vurderer det som mest føremålsteneleg å løyve heile beløpet i 2005. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å styrke tapsfondet knytt til landsdekkjande risikolån ved å auke løyvinga under posten med 20 mill. kroner i 2005, frå 85 til 105 mill. kroner. Den ekstraordinære styrkinga av tapsfondet som det blei lagt opp til i 2003, vil vere fullført med denne løyvinga.
Post 78 Administrasjonsstønad for distriktsretta såkornfond
I statsbudsjettet for 2005 blei det løyvd 3,3 mill. kroner til ei ordning med administrasjonsstønad til distriktsretta såkornfond. Fonda i ordninga vil ikkje bli operative i 2005. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, til kr 0. Dette endrar ikkje ambisjonen om administrasjonsstønad til fonda over 15 år, men inneber berre ei utsetjing av løyvingane.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. Innovasjon Norge refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2005 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar frå Innovasjon Norge på innlån og avdrag for resten av året.
Innlån og avdrag har i 2005 auka fordi Innovasjon Norge nyttar meir kortsiktige lån (hyppigare refinansiering) enn ein la til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber òg at avdraga aukar om lag tilsvarande, jf. under kap. 5325, post 90. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 5,4 mrd. kroner, frå 30,0 til 35,4 mrd. kroner.
Orientering om inndeling av dei distriktsretta såkornfonda
Nærings- og handelsdepartementet viser til dei fire distriktsretta såkornfonda som blei vedteke i statsbudsjetta for 2003 og 2004, til brev frå dåverande nærings- og handelsminister til Stortinget av 26. november 2004 med svar på spørsmål om fonda og den geografiske inndelinga av dei og til omtale av status for fonda i St.prp. nr. 1 (2005-2006). Vidare skal det opprettast fire landsdekkjande fond lokalisert til universitetsbyane i Sør-Noreg, som blei vedteke gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 2005.
EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, godkjende 15. juli 2005 den distriktsretta såkornordninga. Godkjenninga innebar ei innsnevring av ordninga, både med omsyn til storleiken på oppfølgingsinvesteringar og dei kommunane ordninga skal femne om. Dette jamført med Nærings- og handelsdepartementet sitt opphavlege framlegg. Departementet er i dialog med ESA om å endre vilkåra for oppfølgingsinvesteringar for alle såkornfonda. Spørsmålet om høve til å investere utanfor A-, B- og C-kommunar for dei distriktsretta fonda er ikkje drøfta med ESA.
Opphavleg la ein opp til å opprette tre av dei fire distriktsretta såkornfonda i Sør-Noreg og eitt i Nord-Noreg. Av omsyn til godkjenninga frå ESA og for å behandle Tromsø likt med universitetsbyane i Sør-Noreg ønskjer Nærings- og handelsdepartementet no å opprette to av fonda i Sør-Noreg og to i Nord-Noreg, der eitt skal vere lokalisert til Tromsø. Fondet i Tromsø vil få gunstigare finansielle vilkår enn dei landsdekkjande fonda, men kan ikkje investere utanfor det distriktspolitiske verkeområdet.
Kap. 3901 Styret for det industrielle rettsvern (jf. kap. 901)
Post 03 Mønsteravgifter
Post 04 Ymse avgifter
Rekneskapsoversikter og overslag frå Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) syner at inntektene under post 03 vil bli om lag 1,2 mill. kroner høgare enn budsjettert, medan løyvinga under post 04 vil bli om lag 1,7 mill. kroner lågare enn budsjettert for 2005. Årsaka til avviket under post 03 er ei auke i fornyingsavgifta på bakgrunn av utvida høve til å krevje designtrygging i samsvar med ny designlov og ei generell utvikling med fleire design i kvar søknad. Post 04 omfattar ein rekkje ulike avgifter der nokre har falle bort som følgje av ei endring i forskrifta i 2003. Effekten av endringa har blitt større enn berekna og forklarer avviket under posten. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under post 03 Mønsteravgifter, med 1,2 mill. kroner, frå 2,2 til 3,4 mill. kroner, og redusere løyvinga under post 04 Ymse avgifter, med 1,7 mill. kroner, frå 4,7 til 3,0 mill. kroner.
Kap. 3904 Brønnøysundregistra (jf. kap. 904)
Post 01 Gebyrinntekter
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2005. Dette gjeld særleg Føretaksregisteret (registrering av nye føretak). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20 mill. kroner, frå 396,7 til 416,7 mill. kroner.
Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet (jf. kap. 907)
Post 04 Gebyr for skip i NIS
Rekneskapsoversikter og overslag frå Sjøfartsdirektoratet indikerer at det vil bli ein svikt i gebyrinntektene under posten på om lag 4,5 mill. kroner i høve til løyvinga på 40 mill. kroner. Hovudårsaka til endringa er ein markert reduksjon i talet på registrerte skip i NIS i høve til det som blei lagt til grunn i saldert budsjett (om lag 700 registrerte skip). Pr. 1. oktober 2005 var det 625 skip i registeret. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner, frå 40 til 35,5 mill. kroner.
Kap. 3908 Skipsregistra (jf. kap. 908)
Post 01 Gebyr NOR
Rekneskapsoversikter og overslag frå Skipsregistra indikerer at inntektene under posten vil bli om lag 1,8 mill. kroner høgare enn budsjettert. Hovudårsaka til endringa er auka aktivitet ved at Skipsregistra har fått innmeldt langt fleire saker som gjeld nyregistrering (særleg av fritidsbåtar), eigarskifte, pant og refinansiering enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner, frå 6,2 til 8 mill. kroner.
Kap. 3939 Stønad til skipsbygging (jf. kap. 939)
Post 50 Tilbakeføring frå fond for stønad ved skipskontraktar
Den ordinære ordninga for stønad til skipskontraktar blei lagt ned med verknad frå 1. januar 2001. Dei siste kontraktane blei fullførte i 2004. Det står att ca. 7 mill. kroner av fondet som skal tilbakeførast til statskassa.
Staten har vore i ein rettstvist med eit islandsk reiarlag om urettmessig utbetalt stønad. Nærings- og handelsdepartementet har fått medhald i denne saka, og stønad på 14 mill. kroner er betalt tilbake. Reiarlaget har framleis ikkje innbetalt renter, som pr. 1. oktober 2005 er utrekna til ca. 6,5 mill. kroner. Departementet følgjer opp denne saka, og renteinntektene blir ikkje foreslått løyvd som ei inntekt på noverande tidspunkt. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under posten med 21 mill. kroner, frå 40 til 61 mill. kroner.
Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656)
Post 96 Sal av aksjar
Nærings- og handelsdepartementet har fullmakt frå Stortinget til å kunne redusere eigardelen i Cermaq ASA ned til 34 pst. Selskapet blei lista på Oslo Børs 24. oktober 2005 til kr 44 pr. aksje. Cermaq emitterte 5 mill. aksjar, og staten selde om lag 29,2 mill. aksjar som ledd i listinga. Staten sitt eigarskap i Cermaq ASA er redusert frå 79,38 til 43,54 pst. Kursen på kr 44 pr. aksje gir eit samla verde på Cermaq ASA på vel 4 mrd. kroner. Til samanlikning var den bokførte kapitalen i selskapet vel 2,5 mrd. kroner ved utgongen av første halvår 2005.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 284 mill. kroner, frå 2 317 til 3 601 mill. kroner.
Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 5609)
Post 70 Garantiprovisjon, Statkraft SF
Statkraft SF kjøpte i mai 2005 tilbake lån med statsgaranti for om lag 4,5 mrd. kroner og i juni 2005 for 1,8 mrd. kroner. I tillegg har Statkraft betalt nokre avdrag på andre lån som har statsgaranti. Som følgje av desse endringane blir staten sin garantipremie frå statsgaranterte Statkraftlån i 2005 redusert. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg i å redusere løyvinga med 33,1 mill. kroner, frå 186,6 til 153,5 mill. kroner. Samla hadde Statkraft pr. 1. oktober 2005 att statsgaranterte lån for om lag 19,8 mrd. kroner.
Post 92 Avdrag på uteståande fordringar, SIVA SF
I 2005 blei det løyvd 100 mill. til avdrag på lån frå SIVA. Selskapet har betalt eit avdrag på 140 mill. kroner utan refinansiering i nye lån. 50 mill. kroner av beløpet er konvertert frå gjeld til eigenkapital. Det siste er i samsvar med framlegg i St.meld. nr. 46 (2003-2004) SIVA si framtidige verksemd, og er første del av ei tilførsle på 150 mill. kroner i ny eigenkapital. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til avdrag på uteståande fordringar med 40 mill. kroner, frå 100 til 140 mill. kroner.
Kap. 5325 Innovasjon Norge (jf. kap. 2421 og 5625)
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på gamle og nye lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av hyppigare refinansiering av lån enn forventa er det behov for å auke løyvinga. I tillegg har Innovasjon Norge redusert dei totale innlåna sine i statskassa i løpet av året slik at avdraga aukar meir enn innlåna under kap. 2421, post 90. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,8 mrd. kroner, frå 30,3 til 36,1 mrd. kroner.
Kap. 5343 (nytt) Staten si varekrigsforsikring
Post 50 Avvikling
Staten si varekrigsforsikring (SVF) blei avvikla i 2004. Som nemnt i St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet medrekna folketrygda 2005, gjorde styret i SVF ei avsetjing på 1,7 mill. kroner i avviklingsrekneskapen for å dekkje resterande kostnader knytt til SVF etter avviklinga. Det blei berre behov for å nytte om lag kr 115 000 av dei avsette midla, i hovudsak til bistand med å avlevere SVF sine arkiv til Riksarkivet. Den resterande, ikkje brukte delen av avsetjingsmidla er tilbakeført til statskassa. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei ny inntektsløyving på 1,6 mill. kroner.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge (jf. kap. 2421 og 5325)
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Innovasjon Norge kan ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga. Dei faktiske rentene blir lågare i andre halvår enn det som låg til grunn for løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at renteinntektene blir redusert med 14 mill. kroner, frå 300 til 286 mill. kroner.
Post 81 Rentemargin, risikolåneordninga
Renta på innlån frå statskassa for å finansiere Innovasjon Norge sine utlån under risikolåneordninga følgjer renta på statspapir med same løpetid. Ordninga sine administrasjonskostnader blir dekt av rentemarginen. Netto rentemargin etter fråtrekk for administrasjonskostnader blir ført tilbake til statskassa. I statsbudsjettet for 2005 blei det budsjettert med 2 mill. kroner i netto rentemargin for 2004. Innovasjon Norge sitt rekneskap for 2004 viser ein netto rentemargin på kr 2 780 962,14. Det endelege beløpet er høgare enn budsjettert. Dette har bakgrunn i at rentemarginen varierer med mellom anna utlånsvolum, rente og tap og derfor er vanskeleg å berekne. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med kr 800 000, frå 2,0 til 2,8 mill. kroner.
Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950)
Post 80 Utbyte
I statsbudsjettet for 2005 er det lagt til grunn eit aksjeutbyte frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S på 107 mill. kroner for rekneskapsåret 2004. Statsbudsjettet sin føresetnad om utbyte blei følgt opp med vedtak på selskapet si ordinære generalforsamling i juni 2005 som vedtok at utbytet skulle utbetalast i september 2005.
Den 30. juli 2005 braut det ut brann i hovedstollen i Svea Nord-gruva. Arbeidet med å sløkkje blei sett i gang med det same og heldt fram i om lag halvannan månad. Pr. 7. september tydde målingar av avgassane frå gruva på at brannen var sløkt. Etter den tid har røykdykkarar med jamne mellomrom vore inne i gruva for å måle gassar og temperatur og kartlegge øydeleggingane. I St.prp. nr. 1 (2005-2006) er det gitt nærare informasjon om gruveselskapet og brannen.
Brannen i Svea Nord-gruva vil gi selskapet eit stort økonomisk tap. Selskapet har vurdert at tapet vil kunne bli om lag 225 mill. kroner netto, etter forsikringsdekkinga. Dette vil svekkje driftsresultatet for 2005 vesentleg. Som følgje av at salsinntekter fell bort, og at det tek tid før forsikringsoppgjeret blir klart for utbetaling, vil likviditeten vere vanskeleg for selskapet hausten 2005 og første halvår 2006.
Grunna konsekvensane brannen har hatt for selskapet sin økonomi og likviditet, har styret bede om å få utsett betalinga av utbyte for rekneskapsåret 2004. Nærings- og handelsdepartementet har i brev av 12. oktober 2005 forlenga betalingsfristen til 20. desember 2005. Departementet understreka i brevet at ei endeleg avklaring av utbytespørsmålet vil måtte sjåast i samband med ei samla løysing for gruveselskapet sin likviditet og finansielle situasjon.
Konsulentfirmaet Hartmark Consulting AS har på oppdrag frå departementet gjort ein økonomisk og finansiell gjennomgang av kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S. Konsulenten har kome fram til at gruveselskapet som følgje av brannen i Svea Nord-gruva vil ha ein svært anstrengt likviditet fram til sommaren 2006, og at selskapet si gjeld er høg. Regjeringa har drøfta den vanskelege økonomiske situasjonen til selskapet og kome til at utbytet for 2004 bør justerast ned til 7 mill. kroner, tilsvarande det som er fastsett for dei to føregåande åra.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere utbyteløyvinga med 100 mill. kroner, frå 8 909,5 til 8 809,5 mill. kroner.