1 Endringar av løyvingar i 2005 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område
Kap. 1020 Havforskningsinstituttet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Pga. eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, fremjast det av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering forslag om å auke både inntekts- og utgiftssida med 65 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter aukar med 65 mill. kroner.
Kap. 1021 Drift av forskningsfartøyene
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Pga. eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, fremjast det av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering forslag om å auke både inntekts- og utgiftssida med 40 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter aukast med 40 mill. kroner.
Kap. 1023 Fiskeri-, havbruks- og transport- rettet FoU
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Pga. eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, fremjast det av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering forslag om å auke både inntekts- og utgiftssida med 30 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1023 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4023 post 01 Inntekter aukast med 30 mill. kroner.
Kap. 1062 Kystverket
Post 01 Driftsutgifter
I løyvinga på kap. 1062 post 01 er det for 2005 lagt til grunn ei avsetjing til husleigekostnader knytt til Kystdirektoratet sine gamle kontorlokale i Rådhusgaten i Oslo for første halvår 2005. Dette var basert på at det skulle lukkast å få avvikla leigekontrakten frå og med 1. juli 2005.
I forhandlingar med ny eigar av lokala har det lukkast å kome til semje om å få avvikla leigekontrakten, men først frå og med november 2005. Dette inneber at det er behov for ei auka løyving på 1,7 mill. kroner for å dekkje husleige for perioden juli - november 2005.
Det fremjast derfor forslag om ei auke i løyvinga på kap. 1062 post 01 på 1,7 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til aksjonar mot akutt ureining. I tilfelle av akutt ureining kan det raskt bli behov for midlar til aksjonar som staten sett i gang, eller for garantiar for kommunar som sett i gong aksjonar med vesentlege utgifter, og som sjølv ikkje er i stand til å dekkje utgiftene før erstatningsbeløpet er innbetalt.
Den ordinære løvyinga på posten vil medgå i heilskap til mindre aksjonar osb. i 2005. I tillegg er det utløyst garantiar for om lag 2 mill. kroner, av dette éin større aksjon i Ål kommune på 1,778 mill. kroner. Det vil derfor vere behov for ei auka løyving i 2005 på 2 mill. kroner på posten. Saka i Ål kommune er politietterforska utan at nokon er funne som kan gjerast ansvarlig for utslippet.
På bakgrunn av dette fremjast det forslag om at løvyinga på kap. 1062 post 21 aukar med 2 mill. kroner i 2005.
Kap. 4020 Havforskningsinstituttet
Post 03 Oppdragsinntekter
Pga. eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, fremjast det av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering forslag om å auke både inntekts- og utgiftssida med 65 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter aukar med 65 mill. kroner.
Kap. 4021 Drift av forskningsfartøyene
Post 01 Oppdragsinntekter
Pga. eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, fremjast det av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering forslag om å auke både inntekts- og utgiftssida med 40 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter aukast med 40 mill. kroner.
Kap. 4023 Fiskeri-, havbruks- og transport- rettet FoU
Post 01 Inntekter
Pga. eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, fremjast det av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering forslag om å auke både inntekts- og utgiftssida med 30 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1023 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4023 post 01 Inntekter aukast med 30 mill. kroner.
Kap. 4062 Kystverket
Post 01 Gebyrinntekter
Som følgje av lønskompensasjonen for 2005 er det behov for å auke løyvinga på kap. 4062 post 01 med 4,66 mill. kroner. Det fremjast derfor forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 01 aukast med 4,66 mill. kroner i 2005.