St.prp. nr. 26 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet for 2008

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Utgifter i samband med kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA

I samband med kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA har OED engasjert rådgjevarar for å sikre at statens interesser er handsama på ein best mogleg måte i dette arbeidet.

OEDs utgifter omfattar finansielle og juridiske tenester i samband med kjøpet, og kurtasje til dei meklarane som kjøper aksjar for staten.

OED reknar at desse utgiftene i 2008 vil bli på om lag 9,2 mill. kroner. Det vart gitt samtykke til overskriding av løyvinga med inntil 15 mill. kroner under kap. 1800 Olje- og energidepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter ved kongeleg resolusjon av 27. juni 2008 for å dekkja meklarhonorar og utgifter til fagleg rådgjeving ved statens aksjekjøp i StatoilHydro ASA, jf. Budsjett-innst. S. nr. 9 (2007-2008).

Tilskot til Telemarkskanalen og Haldenkanalen

Det blir foreslått å omdisponere 4 mill. kroner frå denne posten til museums- og kulturminnetiltak under NVEs budsjett, jf. kap. 1820, post 21. Omdisponeringa gir rom for eit samla tilskot på til saman 4 mill. kroner i 2008 til naudsynt vedlikehald av kulturminna Telemarkskanalen og Haldenkanalen.

Energiutgreiingar og skredførebygging

Det blir foreslått omdisponert til saman 1,8 mill. kroner frå OEDs utgreiingbudsjett til inndekking av auka utgifter under NVE, jf. omtale under kap. 1820, post 01. Midlane skal dekkje auka kostnader knytt til NVEs arbeid med utredingar innan energiområdet. Vidare skal midlane gå til inndekking av auka utgifter knytt til oppstart og førebuing av ansvaret for skredførebygging frå 1. januar 2009, mellom anna rekruttering, organisatorisk førebuing, kompetanseoppbygging, kurs og informasjonstiltak i regionane.

Oppdrags- og samarbeidsverksemd

OED har ein samarbeidsavtale med NORAD om bruk av faglege ressursar innan petroleumsrelatert utviklingssamarbeid. Det blir foreslått å redusere gjeldande løyving til dette formålet frå 1 til 0,5 mill. kroner i 2008. Endringa har samanheng med lågare aktivitetsnivå enn tidlegare budsjettert. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4800, post 03 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Samandrag

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter med netto 2,9 mill. kroner, frå om lag 31,1 til 34 mill. kroner.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 43 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008. Endringa har hovudsakeleg samanheng med høgare aktivitetsnivå enn tidlegare budsjettert knytt til Norad og Diskos. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd. Det er uvisse knytt til budsjetteringa av oppdrags- og samarbeidsverksemda.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 249,7 mill. kroner.

Kap. 1811 StatoilHydro ASA

Post 96 Aksjekjøp

OED er gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 (2007-2008) gitt fullmakt til å utgiftsføre kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA utan løyving under kap. 1811 StatoilHydro ASA, post 96 Aksjekjøp, jf. Budsjett-innst. S. nr. 9 (2007-2008). Denne fullmakta er tilrådd vidareført i 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009).

OED har fram til medio november kjøpt aksjar for om lag 15 000 mill. kroner. Det er usikkert kor mange aksjar staten vil kjøpe resten av året. Prisen på desse aksjane er også usikker. OED legg utrekningsteknisk til grunn at aksjekjøpet for resten av året svarar til aksjekjøp og pris i perioden august til november. Samla for 2008 kan dette utgjere om lag 18 900 mill. kroner. Dette er ei budsjetteknisk framskriving som ikkje utan vidare er eit uttrykk for kva departementet meiner er sannsynleg pris og mengd aksjar som blir kjøpt.

Det blir foreslått å løyve 18,9 mill. kroner på posten for 2008.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 01 Driftsutgifter

Posten blir foreslått auka med 1,8 mill. kroner.

I samband med NVEs overtaking av statleg skredansvar frå 2009 har det vore naudsynt for NVE å starte førebuingar til dette allereie i 2008. Mykje av arbeidet blir gjort ved å omprioritere interne ressursar. For å sikre at førebuingane ikkje går monaleg utover andre viktige oppgåver i NVE, blir det foreslått å auke NVEs driftsbudsjett for 2008. Meirutgiftene er i hovudsak knytt til utlysning av nye stillingar til skredførebygging og gjennomføring av kurs- og informasjonstiltak i samarbeid med NGU og NGI for NVEs regionkontor og kommunar.

NVE har for tida gåande ei rad utredningar og prosjekt, mellom anna knytt til ressursgrunnlaget for fornybar energi, konsesjonshandsaming og energiomlegging som inneberer auka utgifter.

Meirutgiftene på til saman 1,8 mill. kroner blir foreslått dekka inn ved at kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter blir redusert tilsvarande.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

OED har motteke søknad om statlig medfinansiering av naudsynt vedlikehald av dei nasjonale kulturminna Telemarkskanalen og Haldenkanalen. Behovet for rehabilitering av sluser og dammar er stort og det er naudsynt at staten er med på å ta vare på desse unike nasjonale kulturminna. Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner knytt til naudsynt vedlikehald av kulturminna Telemarkskanalen og Haldenkanalen. Auken blir foreslått dekka inn ved at kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter blir redusert tilsvarande.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 61,5 mill. kroner.

Post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overførast

Området Bøle i Skien er eit kvikkleireområde som er klassifisert til å ha høg risiko og eit skred er vurdert å ha særs alvorlege konsekvensar. NVE har likevel utsett prosjektet fordi det har vore naudsynt å prioritere andre enda meir kritiske prosjekt, mellom anna etter flaumen på Austlandet i 2007. Også i 2009 og store deler av 2010 er kapasitet og budsjettmidlar til sikringstiltak i NVEs Region Sør bunde opp i prosjekt som alt er starta opp og som må avsluttast før det er rom for nye prosjekt innan ordinær budsjettramme.

I 2009 skal Skien kommune starte å sprenge ut ein fjellhall som vil innebere at 75 000 m3 stein skal fraktast ut. Dersom sikringsprosjektet ved Bøle kan gjennomførast parallelt med arbeidet med å sprenge ut fjellhallen og NVE kan inngå ein avtale om å kjøpe steinen etter kvart som den blir teke ut, reknar NVE at sikringsprosjektet vil kunne gjennomførast med ein innsparing på 5-6 mill. kroner. Det vil innebere ei innsparing på 20 pst. Regjeringa foreslår difor å gje NVE fullmakt til å inngå avtaler for heile prosjektet på inntil 20 mill. kroner i 2008 knytt til denne posten, jf. Forslag til vedtak II. På den måten kan NVE planlegge prosjektet og i tillegg inngå kontrakt om kjøp av steinen i inneverande år. Regjeringa vil komme tilbake når det gjeld budsjettkonsekvensane for 2009.

Kap. 1833 CO2-handtering

Testanlegg for CO2-fangst på Mongstad

Operatøren for testsenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) har orientert OED og partnerane i TCM om at investeringskostnadene for TCM er estimert til om lag 5 mrd. 2008-kroner (inklusiv meirverdiavgift). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget vedrørande investeringsbeslutningen og budsjettkonsekvensane for 2009 når det gjelder testsenteret på Mongstad.

Post 22 CO2-handtering, internasjonalt, kan overførast

Ved behandlinga av St.prp. nr. 59 (2007-2008) ble det løyvd 10 mill. kroner under denne posten til oppfølging av internasjonalt CCS-arbeid.

Forutan departementets meirutgifter var det lagt opp til at deler av løyvinga skulle brukast til seminarverksemd og reisekostnader, mellom anna for representantar frå utviklingsland på desse seminara.

Det var også planlagt at deler av løyvinga skulle nyttast i tilknyting til ein CCS-konferanse som var planlagt i 2008 der statsministeren skulle være vertskap. Konferansen er nå utstatt til 2009 og det er difor behov for å overføre midlane til neste år.

På den bakgrunn blir det foreslått at posten tilføres stikkordet «kan overførast», jf. Forslag til vedtak III.

Post 70 Administrasjon, Gassnova SF

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008. Endringa skuldast mellom anna at vekst i talet på tilsette i 2008 er lågare enn tidlegare budsjettert, mindre bruk av innleigde personar og kjøp av eksterne tenester, og lågare reise- og kursutgifter.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 48,5 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter blir auka med 6 mill. kroner, frå 47 til 53 mill. kroner. Driftsinntektene er forventa å bli høgare enn tidlegare antatt, mellom anna på grunn av forsering av anlegg som var avhengig av vinterlige forhold, meirinntekter frå eksterne prosjekter og auka arbeidsmengde i Region Sør.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter blir auka med 6 mill. kroner, frå 40,2 til 46,2 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka materialkostnader og innkjøp av eksterne tenester på grunn av auka produksjon.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.4 Renter på statens kapital blir redusert med 0,5 mill. kroner, frå 1,3 til 0,8 mill. kroner. Dette skuldast seinare levering av utstyr enn tidlegare antatt.

Vidare blir uttaket frå reguleringsfondet redusert med 0,5 mill. kroner, frå 1 til 0,5 mill. kroner.

Tabell 2.1 Endringar under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpostNemningGjeldande overslagNytt overslagEndring
249024.1Driftsinntekter-47 000-53 000-6 000
24.2Driftsutgifter40 20046 2006 000
24.3Avskrivingar5 5005 500
24.4Renter av statens kapital1 300800-500
24.5Investeringsformål1 0001 0000
24.6Reguleringsfond-1 000-500500
24Driftsresultat000

Ovannemnde endringar i underpostar medfører inga endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 i høve til gjeldande løyving for 2008.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2008 frå Petoro AS. Det er mellom anna stor uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.

Det blir vist til melding frå StatoilHydro om auka kostnadar på Snøhvit, jf. omtale i kapittel 4. SDØEs del av desse kostnadane i 2008 viser mindre endringar som det er dekning for i nytt forslag til løyving for SDØE.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er samla redusert med 1 300 mill. kroner, frå 23 900 til 22 600 mill. kroner. Det ventas reduserte investeringskostnadar mellom anna på grunn av lågare boreframdrift på fleire felt. Dette blir til dels motverka av større investeringar på Snøhvit med om lag 200 mill. kroner på grunn av dei utfordringane som har vore på feltet.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 29 500 mill. kroner, frå 187 100 til 216 600 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at venta oljepris for 2008 er høgare enn det som vart lagt til grunn i revidert budsjett 2008. Gassprisen er og auka.

Det er no lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 565 per fat for 2008. I revidert budsjett 2008 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på 500 per fat.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 5 200 mill. kroner, frå 35 200 til 40 400 mill. kroner. Endringa skuldast auka kostnadar ved kjøp av gass for vidaresal både på grunn av auka kjøpspris og auka volum.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 800 mill. kroner, frå 3 300 til 2 500 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak redusert aktivitet som følgje av mangel på tilgjengelege riggar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 300 mill. kroner, frå 15 800 til 15 500 mill. kroner. Dette skuldast lågare investeringsoverslag.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er auka med 200 mill. kroner, frå 6 400 til 6 600 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakeleg oppdatering av overslag for statens faste kapital. Overslaget for kalkulatorisk rente for 2008 er basert på ein rentesats på 4,64 pst.

Endringane nemnd ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar netto med 25 200 mill. kroner, frå 126 400 til 151 600 mill. kroner.

Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 700 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2008 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.

Tabell 2.2 Endringar på statsbudsjettet 2008 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post/ underpostNemningGjeldande løyving1Forslag til ny løyvingEndring
244030Investeringar23 90022 6001 300
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 8411 8410
Sum kap. 244025 74124 4411 300
544024.1Driftsinntekter187 100216 60029 500
24.2Driftsutgifter-35 200-40 400-5 200
24.3Leite- og feltutviklingsutgifter-3 300-2 500800
24.4Avskrivingar-15 800-15 500300
24.5Renter av statens kapital-6 400-6 600-200
24Driftsresultat126 400151 60025 200
30Avskrivingar15 80015 500-300
50 (ny)Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond0700700
80Renter av statens kapital6 4006 600200
Sum kap. 5440148 600174 40025 800
Kontantstraum frå SDØE:
Innbetalingar2187 100217 30030 200
Utbetalingar364 24167 3413 100
Nettokontantstraum frå SDØE122 859149 95927 100

1 Gjeldande løyving for 2008 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 7. desember 2007 og seinare endringar i 2008 (revidert budsjett), jf. St.prp. nr. 59 og Innst. S. nr. 270 (2007-2008).

2 Innbetalingar = driftsinntekter + overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond.

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + investeringar + overføring til Statens petroleumsforsikringsfond.

Desse endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 27 100 mill. kroner, frå 122 859 til 149 959 mill. kroner.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 03 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008, jf. omtale og tilsvarande reduksjon under kap. 1800, post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 0,5 mill. kroner.

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,3 mill. kroner, frå 1,8 til 1,5 mill. kroner. Endringa har samanheng med at forsikringspremien på Gassco sin ordinære ansvarsforsikring for 2008 er venta å bli lågare enn tidlegare estimert.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

I samband med TFO 2008 (tildeling i forhandsdefinerte områder) og 20. konsesjonsrunde antar OD at det vil vere stor søkarinteresse. Dette vil medføre auka gebyrinntekter i 2008 som følgje av at søknadsfristen er i 2008 og gebyret innbetalast i 2008. Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008. Gebyrinntektene skal dekkje ODs utgifter i samband med handsaming av søknadane. OD vil få vesentlig auka arbeidsbelastning i samband med handsaming av søknadane, inkludert behov for ekstern hjelp. Arbeidet med TFO 2008 og 20. konsesjonsrunde vil i hovudsak skje mot slutten av 2008 og første halvår 2009. Løyvinga for 2009 under kap. 1810, post 01 Driftsutgifter vil bli foreslått auka med 5 mill. kroner i revidert budsjett til våren for å dekkje OD sine auka utgifter knytt til handsaminga.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 21 mill. kroner.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å auke løyvinga med 43 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008, jf. omtale og tilsvarande auking under kap. 1810, post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 79,5 mill. kroner.

Kap. 5490 NVE Anlegg

Post 01 Sal av utstyr mv.

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,5 mill. kroner, frå 1 til 0,5 mill. kroner. Endringa har samanheng med reduserte inntekter frå sal av utstyr.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 70 Bidrag til kulturminnevern

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,6 mill. kroner, frå 15,7 til 9,1 mill kroner. Justeringa skjer som følgje av færre ferdigbehandla revisjons- og fornyingssaker i løpet av 2008 enn venta då budsjettet for året blei sett opp.