2 Endringsforslag
Kap. 320 Allmenne kulturformål
Post 01 Driftsutgifter
Under kap. 320 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak er det for 2008 løyvt 3,0 mill. kroner til prosjekt m.m. i regi av Mangfaldsåret 2008. Utgiftene til konsulenttenester, honorar, reiser m.m. er rekna til kr 1 770 000. Desse midlane må utbetalast frå post 01 Driftsutgifter. Behovet for løyving under kap. 320, post 78 blir redusert tilsvarande.
I samband med etablering av det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock (Rockheim) er det under kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål, post 78 Ymse faste tiltak løyvt 6 mill. kroner i 2008 til dette senteret. Kultur- og kyrkjedepartementet skal betale lønn til prosjektleiaren for det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock. Lønnsutgiftene er rekna til om lag kr 850 000 inkl. arbeidsgivaravgift og må utbetalast frå post 01 Driftsutgifter. Behovet for løyving under kap. 328, post 78 blir redusert tilsvarande.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 320, post 01 Driftsutgifter blir auka med kr 2 620 000.
Post 78 Ymse faste tiltak
Jf. omtale under kap. 320, post 01 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 320, post 78 Driftsutgifter blir redusert med kr 1 770 000.
Kap. 322 Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom
Post 01 Driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 3322 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 322, post 01 Driftsutgifter blir redusert med kr 100 000.
Kap. 324 Scenekunstformål
Post 01 Driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 3324 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 324, post 01 Driftsutgifter blir auka med kr 12 000 000.
Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål
Post 21 Særskilte driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 3326, post 02 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 326, post 21 Særskilte driftsutgifter blir auka med kr 4 400 000.
Kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål
Post 01 Driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 328, post 78 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 328, post 01 Driftsutgifter blir redusert med kr 250 000.
Post 78 Ymse faste tiltak
Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) og Stiftinga Ullandhauggarden, som driv jernaldergarden på Ullandhaug i Stavanger, har inngått avtale om at AmS skal tilføre midlar til drifta og utføre enkelte oppgåver for stiftinga. Som følgje av dette har Riksrevisjonen bedt om at stiftinga får tilført midlane frå ein tilskottspost. Det er behov for eit tilskott til Stiftinga Ullandhauggarden i 2008 på kr 250 000. Beløpet kan dekkjast ved tilsvarande reduksjon under kap. 328, post 01 Driftsutgifter.
Det er behov for å omdisponere kr 850 000 av tilskottet til det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock som er løyvt under kap. 328, post 78, til kap. 320, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 320, post 01 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 328, post 78 Ymse faste tiltak blir redusert med kr 600 000.
Kap. 340 Kyrkjeleg administrasjon
Post 01 Driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 3340, post 01 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 340, post 01 Driftsutgifter blir auka med kr 7 500 000.
Post 21 Særskilte driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 3340, post 02 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 340, post 21 Særskilte driftsutgifter blir auka med kr 18 000 000.
Kap. 341 Presteskapet
Post 01 Driftsutgifter
Jf. omtale under kap. 3341, post 01 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 341, post 01 Driftsutgifter blir auka med kr 4 000 000.
Kap. 3322 Billetkunst, kunsthandverk og offentleg rom
Post 01 Ymse inntekter
Posten gjeld inntekter knytt til ulike prosjekt i regi av Kunst i offentlege rom - KORO. Løyvinga blei i samband med revidert nasjonalbudsjett 2008 justert ned til kr 100 000, jf. St.prp. nr. 59 (2007-2008) og Innst. S. nr. 270 (2007-2008). Det viser seg no at KORO ikkje får inntekter i 2008, jf. også omtale under kap. 322, post 01 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3322, post 01 Ymse inntekter blir redusert med kr 100 000.
Kap. 3324 Scenekunstformål
Post 01 Inntekter ved Riksteatret
Riksteatrets inntekter i 2008 frå sal av billettar og program, sponsorinntekter m.m. blir vesentleg høgare enn budsjettert, i hovudsak som følgje av stor publikumstilstrøyming til teatret sine framsyningar. Dei samla inntektene i 2008 er venta å bli om lag 28 mill. kroner. Dette er 12 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 324, post 01 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3324, post 01 Inntekter ved Riksteatret blir auka med kr 12 000 000.
Kap. 3326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål
Post 02 Inntekter ved oppdrag
Oppdragsverksemda ved Nasjonalbiblioteket får eit langt større omfang enn budsjettert. Dei samla oppdragsinntektene i 2008 er venta å bli om lag 5,25 mill. kroner. Dette er 4,4 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 326, post 21 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3326, post 02 Inntekter ved oppdrag blir auka med kr 4 400 000.
Kap. 3340 Kyrkjeleg administrasjon
Post 01 Ymse inntekter
Opplysningsvesenets fond skal dekkje utgifter knytt til innføring av demokratireforma i Den norske kyrkje. Inntektene til Kyrkjerådet blir m.a. som følgje av dette høgare enn venta. Dei samla inntektene i 2008 er venta å bli om lag 17,8 mill. kroner. Dette er 7,5 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 340, post 01 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3340, post 01 Ymse inntekter blir auka med kr 7 500 000.
Post 02 Inntekter ved oppdrag
Opplysningsvesenets fond skal dekkje utgifter i samband med nytt medlemsregister i Den norske kyrkja. Oppdragsinntektene blir m.a. som følgje av dette høgare enn venta. Dei samla inntektene i 2008 er venta å bli om lag 34,2 mill. kroner. Dette er 18 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande økte utgifter, jf. omtale under kap. 340, post 21 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3340, post 02 Inntekter ved oppdrag blir auka med kr 18 000 000.
Kap. 3341 Presteskapet
Post 01 Ymse inntekter
Inntektene frå refusjonar og eigendelar ved ulike samlingar, etterutdanningskurs m.m. blir høgare enn venta. Dei samla inntektene i 2008 er venta å bli om lag 16,6 mill. kroner. Dette er 4 mill. kroner høgare enn budsjettert og gjeld i hovudsak refusjon av utgifter frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet i samband med gjennomføring av forsøk med redusert arbeidstid for prestar. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 341, post 01 Driftsutgifter ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3341, post 01 Ymse inntekter blir auka med kr 4 000 000.