2 Framlegg til endringar
Kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Det vil i år bli fleire offisielle statsbesøk enn det som har vore vanleg tidlegare år.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 2,2 mill. kroner.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Ein gjennomgang av Noregs pliktige kontingentar til enkelte internasjonale organisasjonar i 2000 viser eit samla meirbehov på 40 mill. kroner. Meirbehova har i hovudsak samanheng med auka utgifter til FNs fredsbevarande operasjonar og endring av kursen på US dollar.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 40 mill. kroner.
Kap. 140 Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve 1,7 mill. kroner som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2000.
Kap. 141 Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve 2,4 mill. kroner som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2000.
Kap. 142 NORADs administrasjon av utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve 1,2 mill. kroner som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2000.
Kap. 143 Utanriksdepartementets administrasjon av utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve 0,6 mill. kroner som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2000.
Kap. 150 Utviklingshjelp til prioriterte land og regionar
Post 73 Utviklingshjelp til Det palestinske område, kan overførast
I lys av den ekstraordinære situasjonen som har oppstått i palestinske område vil det vere behov for ulike strakstiltak, særleg for å kompensere for fysiske øydeleggjingar og bortfall av inntekter.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner.
Kap. 161 Generelle stønader - FN-organisasjonar
Post 70 Tilskot til FN-organisasjonar
Det samla beløpet for tiltak mot aids gjennom det multilaterale systemet har dei seinare åra vore om lag 60 mill. kroner. Aids har utvikla seg til ei utviklingskatastrofe, spesielt i Afrika. Det er ønskeleg å auke støtta til multilaterale aidstiltak, og det er behov for rask igangsetjing og gjennomføring av ei rekkje tiltak. Støtta vil bli gitt til UNAIDS sitt arbeid i Afrika og Verdsbanken.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.
Kap. 190 Humanitær hjelp ved naturkatastrofar
Post 70 Tilskot ved naturkatastrofar, kan overførast
I det siste har det vore nye naturkatastrofar - m.a. flaum i Sør-Asia og i landa langs Mekongelva i Søraust-Asia. Det er såleis stort behov for auka naudhjelp.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 30 mill. kroner.
Kap. 191 Menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningetiltak
Post 70 Tilskot til menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningetiltak, kan overførast
Det er stort behov for humanitær hjelp til naudlidande i Afrika og Asia/Midtausten.
I lys av situasjonen i grenseområda i Guinea og Sierra Leone arbeider UNHCR med å få overført 125 000 flyktningar frå Sierra Leone og Liberia lenger inn i Guinea. Det blir gjort framlegg om 6 mill. kroner til dette arbeidet.
Til hjelpetiltak i Kongo vert det foreslått å gi 7 mill. kroner til FN sin appell om støtte til m.a. arbeidsreiskapar og andre yrkesretta tiltak for kvinner.
Til hjelpetiltak for Burundi vert det foreslått å gi 10 mill. kroner til FN sin appell om hjelp til UNHCR sitt arbeid for flyktningane i Tanzania.
Vidare vert det foreslått 2 mill. kroner til UNHCR sitt arbeid på Aust/Vest-Timor og 10 mill. kroner til humanitære hjelpetiltak i Midtausten.
Det blir gjort framlegg om 35 mill. kroner i samla tilleggsløyving på posten.
Kap. 192 Fred, forsoning og demokrati
Post 71 Tilskot til ODA-godkjent land på Balkan og andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast
Det er behov for auka innsats på Balkan, særleg sett i samanheng med stabilitetspakta. Stabilitetspakta er nyleg utvida med Jugoslavia som medlem. Den demokratiske utviklinga i Jugoslavia, spesielt i Serbia, har ført til eit monaleg auka behov for støtte til demokratiutvikling og institusjonsbygging. Det er viktig med rask gjennomføring av enkelte prosjekt i Jugoslavia, samstundes som regionale prosjekt blir utvida til også å gjelde Jugoslavia.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner.
Kap. 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjent som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Det viser seg at dei ODA-godkjente flyktningeutgiftene i Noreg blir lægre enn det som vart anslått i St. prp.nr. 5 (2000-2001). Nye utrekningar frå Kommunal- og regional-departementet og Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet tilseier at desse utgiftene blir ytterlegare 120,9 mill. kroner lægre. Det blir difor gjort framlegg om at 120,9 mill. kroner kan omdisponerast til andre utviklingstiltak, jf. omtale ovanfor.