1 Samandrag
I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2003.
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det foreslått endringar, jf. omtale nedanfor.
På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 83,5 mill. kroner.
Det blir og gjort framlegg om å auke bistandsramma med 166,8 mill. kroner til å dekkje meirutgifter til flyktningar i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Kap. 101 Utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Da statsbudsjettet for 2003 blei vedtatt hausten 2002, blei det lagt til grunn at det frå 2003 skulle innførast eit behandlingsgebyr på søknader om statsborgarskap, om opphalds-, arbeids- og busetjingstillatingar og om fornying av tillatingar. Det blei rekna med gebyrinntekter i 2003 på 9,2 mill. kroner på Utanriksdepartementets budsjett. Som følgje av innføringa av behandlingsgebyr blei det oppretta ny inntektspost under kap. 3101 Utanriksstasjonane post 02 Gebyrer, utlendingssaker.
I tillegg blei utgiftssida i budsjettet for 2003 auka med 1,7 mill. kroner til å dekkje administrasjonskostnader.
Innføringa av behandlingsgebyr er blitt forseinka, og ordninga trådte først i kraft 1. oktober i år. Dette vil seie at både inntekts- og utgiftssida må reduserast med 75 pst.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på Utanriksdepartementets kap. 101 post 01 på 1,275 mill. kroner og ein reduksjon av inntektene på 6,9 mill. kroner jf. omtale under kap 3101 post 02.
Kap. 3101 Utanriksstasjonane
Post 02 Gebyrer utlendingssaker
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 6,9 mill kroner jf. omtale under kap 101 post 01.
Kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer mellom anna utgifter til statsbesøk frå utlandet. For å kunne dekkje opp venta besøk i år, blir det gjort framlegg om ein auke på 2,3 mill. kroner.
Kap 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet
Post 01 Driftsutgifter
Med utgangspunkt i eit redusert løyvingsbehov blir det gjort framlegg om ein reduksjon på 2,3 mill. kroner.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Det ser ut til å bli eit mindreforbruk på om lag 30 mill. kroner i 2003. Dette har i hovudsak samanheng med redusert løyvingsbehov knytt til FNs fredsbevarande operasjonar. Desse utgiftene vil variere avhengig av talet på operasjonar som startar opp og blir fasa ut, og det er følgjeleg knytt ein del usikkerheit til anslaget.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 30 mill. kroner.
ODA-godkjend utviklingshjelp
Kap. 153 Utviklingshjelp til Mellom-Amerika
Post 79 Tiltak under utfasing, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 1,3 mill. kroner på grunn av utfasing av prosjekt på Cuba.
Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling
Post 72 Demokratistøtte/parti, kan overførast
Opprettinga av Norsk Senter for Demokratistøtte blei forseinka. Senteret blei oppretta i oktober 2002. Ubrukte midlar på til saman 4,3 mill. kroner blei overførte frå 2002 til 2003.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 3 mill. kroner
Post 75 Internasjonale ikkje-statlege organisasjonar og nettverk, kan overførast
Enkelte av tiltaka på miljøområdet har ikkje latt seg realisera i inneverande år. Det er difor mindre behov for midlar til internasjonale ikkje-statlege organisasjonar og nettverk enn venta.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 0,8 mill. kroner.
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 70 Nærings- og handelstiltak, kan overførast
Det vil bli gjort mindre utbetalingar til nærings- og handelstiltak i år enn venta på grunn av mindre etterspurnad.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 7,5 mill. kroner.
Post 72 Finansieringsordninga for utviklingstiltak, kan overførast
Det er mindre behov for midlar enn rekna med mellom anna fordi ein ikkje reknar med utbetaling av ubundne blanda kredittar. Dette gjeld mellom anna ei større utbetaling til Kina på 20 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 30,5 mill. kroner.
Kap. 163 Nødhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast
Den omfattande matvarekrisa på Afrikas horn har kravd store ressursar. Samtidig er det behov for auka innsats for førebyggjing av naturkatastrofar, ikkje minst i Afrika, men også i Asia og LatinAmerika.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 5 mill. kroner.
Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast
Den humanitære situasjonen i D.R. Kongo er svært vanskeleg samtidig som situasjonen i Burundi er blitt ytterlegare forverra. I Liberia er det fortsatt store udekka humanitære behov. Den positive utviklinga i Angola har ført til store behov i forbindelse med repatriering og gjenbusetjing.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 10 mill. kroner.
Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering
Post 01 Driftsutgifter
Det er mindre behov for midlar enn rekna med fordi det vil bli gjennomført færre evalueringar enn planlagt.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,2 mill. kroner.
Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak
Post 70 Ymse tilskot
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 20 mill. kroner.
Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar m.v., kan overførast
Det er mindre behov for midlar til oppfølgjing og støtte til utviklingslanda si deltaking i internasjonale prosessar og konvensjonar på miljøområdet enn ein rekna med.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 3,7 mill. kroner.
Kap 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Anslag over utgifter til flyktningar i Noreg har auka monaleg sidan budsjettet for 2003 blei vedteke. Nokre utgifter knytta til flyktningars opphald i Noreg det første året er godkjend som offisiell utviklingshjelp (ODA) og blir dekka under kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette gjeld mellom anna opphaldsutgifter, utgifter til opplæring av barn i mottak og andre opplæringsformål. Meirutgiftene til slike formål er rekna til 166,8 mill. kroner. Beløpet blir foreslått dekka ved å auke bistandsramma.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 166,8 mill. kroner.
Kap. 0170 FN-organisasjonar m.v.
Post 78 Tilskot andre FN-organisasjonar m.v.
På posten løyvast ODA-delen av kontingentar til FN-organisasjonar og andre multilaterale organisasjonar. Hovudsakeleg grunna valutakursendringar kan løyvinga reduserast.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 10 mill. kroner.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 70 Verdsbanken, kan overførast
Noreg forplikta seg under IDA 13-forhandlingane til å bidra med til saman 1 751 270 000 kroner for treårsperioden 2002-2004. I budsjettet for 2003 blei det løyva 584 mill. kroner til føremålet. Stortinget vedtok i omfordelinga i vår å redusere posten med til saman 70 mill. kroner, jf Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Ved omfordelingar innafor den ODA-godkjende bistandsramma er det funne midlar til inndekjing for reduksjonen nemnd ovanfor, og det pliktige bidraget på 584 mill. kroner til IDA kan utbetalas som opphavleg planlagd. Til saman 1,5 mill. kroner kan dekkast av ledige midlar på posten og resten må løyvast.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 68,5 mill. kroner.
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Det er løyvd 499 mill. kroner til ei rad organisasjonar på posten. Hovudsakleg grunna valutakursendringar kan løyvinga reduserast med 4,5 mill. kroner til 494,5 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 4,5 mill. kroner.