3 Forslag til lokalisering og organisering
Lokalisering av Noregs veterinærhøgskole til Ås og samorganisering med Universitetet for miljø- og biovitskap inneber ei større investering enn lokalisering av høgskolen på Adamstua. Regjeringa vel likevel å gå inn for ei lokalisering på Ås og ei samorganisering med Universitetet for miljø- og biovitskap. Regjeringa meiner at ei samorganisering og samlokalisering av NVH og UMB, samt flytting av VI til Ås, vil medverke til å byggje ei samla og integrert primærnæringsretta verksemd. Lokalisering av Noregs veterinærhøgskole til Ås vil leggje eit grunnlag for etablering av ei unik nyskaping der NVH og UMB inngår i ei tett samvirke med andre relevante forskingsinstitusjonar innanfor feltet. Satsing på etablering av eit «grønt universitet» inneber noko nytt og innovativt for norsk høgre utdanning og forsking og for veterinærfeltet.
Regjeringa føreset at Noregs veterinærhøgskole si avdeling på Sandnes blir utvikla vidare i samarbeid med Universitetet for miljø- og biovitskap.
Regjeringa legg vekt på at dei godt fungerande miljøa innan fiskehelse og marine veterinærtenester som er bygd opp i Bergen og i Tromsø, skal behaldast og styrkjast i samarbeid med miljøa på Ås.
Regjeringa foreslår ei lokalisering av Noregs veterinærhøgskole på Ås og ei samorganisering med Universitetet for miljø- og biovitskap. Regjeringa legg til grunn at samorganiseringa først kan realiserast når nye bygg står ferdige på Ås. Det blir sett i gang prosjektering av nye anlegg for veterinærfaga på Ås i regi av Statsbygg. Ved gjennomføring av byggjeprosjekta vil det vere viktig å leggje til rette for at eksisterande og ny aktivitet inngår i eit nytt og innovativt «grønt universitet». Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med forslag til endeleg kostnadsramme. Realisering av ny bygningsmasse på Ås vil ikkje endre Regjeringa si prioritering av nye bygg i universitets- og høgskolesektoren.