1 Innleiing
FN og visse av FNs særorganisasjonar har i mange år arbeidd for å betre stillinga til kvinnene og å avskaffe diskriminering av kvinner. Dette arbeidet har ført til at det har vorte vedteke fleire konvensjonar, og mellom desse er FN-konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner av 18. desember 1979 - kvinnekonvensjonen - den viktigaste. Noreg ratifiserte kvinnekonvensjonen utan atterhald 21. mai 1981, og han tok til å gjelde 3. september same år. Kvinnekonvensjonen hadde per 1. november 2001 168 partar.
Kvinnekonvensjonen pålegg partane å treffe høvelege tiltak med sikte på å avskaffe diskriminering av kvinner. Som diskriminering vert rekna all kjønnsmessig sondring, utestenging eller innskrenking som har som verknad eller føremål å nekte kvinner å bruke menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane sine på alle samfunnsområde på lik line med menn og utan omsyn til ekteskapleg status.
Kvinnekonvensjonen etablerer ein komité - Kvinnekomiteen - til å overvake at konvensjonspartane gjennomfører pliktene sine etter konvensjonen. Partane har plikt til å sende komiteen periodiske rapportar som klargjer korleis statane gjennomfører konvensjonspliktene sine. Denne rapporthandsaminga har hittil vore den einaste praktiske overvakingsmekanismen under kvinnekonvensjonen.
Alt under utarbeidinga av kvinnekonvensjonen på slutten av 1970-talet vart det gjort framlegg om ein klageprosedyre for einskildpersonar. Men framlegget førte ikkje fram. Verdskonferansen for menneskerettar i Wien i 1993 støtta at det skulle vurderast å utarbeide ein klageprosedyre under kvinnekonvensjonen. Det vart gjeve tilsvarande støtte på FNs 4. globale kvinnekonferanse i Beijing i 1995. På bakgrunn av denne støtta vedtok FNs Kvinnekommisjon å oppnemne ei arbeidsgruppe med oppgåve å utarbeide ein valfri protokoll til kvinnekonvensjonen. Noreg var representert under forhandlingane med representantar frå Utanriksdepartementet.
Under FNs 54. generalforsamling den 6. oktober 1999 vart den valfrie protokollen vedteken. Protokollen gjev Kvinnekomiteen kompetanse til å ta imot og vurdere førespurnader frå einskildpersonar eller grupper av einskildpersonar som meiner rettane deira etter kvinnekonvensjonen er krenkte. Avgjerdene til komiteen er ikkje rettslege bindande. Protokollen gjev òg komiteen kompetanse til å gjere visse undersøkingar av om dei rettane som kvinnekonvensjonen vernar, vert krenkte i ein stat.
På grunnlag av kongeleg resolusjon av 26. november 1999, underteikna Noreg protokollen i New York 10. desember 1999, som var den dagen protokollen vart opna for underteikning. Protokollen tok til å gjelde 22. desember 2000 og var per 1. november 2001 ratifisert eller tiltredd av 28 statar, blant desse Danmark, Finland og Island.
Diverre viser det seg stadig at menneskerettsplikter ikkje i tilstrekkeleg grad vert gjennomført i den einskilde stat, noko som fører til eit mishøve mellom regel og praksis. Ein ventar at protokollen vil medverke til å sikre at statane i større grad gjennomfører pliktene sine etter kvinnekonvensjonen og dermed medverke til å styrkje rettane til kvinnene og sikre reell likestilling mellom kjønna.
I handlingsplanen for menneskerettar (St.meld. nr. 21 (1999-2000)) vert norsk ratifikasjon av protokollen sett i samanheng med spørsmålet om korleis ein kan styrkje gjennomføringa av kvinnekonvensjonen ved å innarbeide han i norsk lovgjeving. Men protokollen inneheld ikkje materielle føresegner, og gjennomføringa av protokollen krev ikkje endringar av lover eller forskrifter. Ettersom ein ikkje bør vente lenger enn naudsynt med å ratifisere protokollen, vert det gjort framlegg om dette sjølv om prosessen med innarbeiding av kvinnekonvensjonen i norsk lovgjeving ikkje er avslutta.
Departementet legg til grunn at protokollen er så viktig at ratifikasjon krev samtykke frå Stortinget etter Grunnloven § 26 andre ledd.
Som vedlegg til proposisjonen følgjer protokollen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk.