St.prp. nr. 32 (1996-97)

Om etablering av Noregsnettrådet

Til innholdsfortegnelse

1 BAKGRUNN

1.1 Innleiing

Rådsfunksjonane i høgre utdanning vart drøfta i St meld nr 40 (1990-91) Fra visjon til virke. Departementet uttalte der at det kunne bli aktuelt å vurdere rådsfunksjonen for nokre av utdanningane på ny etter at rådsstrukturen for skoleverket var klarlagd, og at sekretariatsspørsmålet måtte vurderast nærare med sikte på samanslåing til eit felles sekretariat.

I Ot prp nr 85 (1993-94) Om lov om høgre utdanning blei det vist til at både når departementet utøver sitt systemansvar, og når institusjonane samordnar praksis, vil det vere nødvendig med organ som kan gi faglege råd til departement og institusjonar, og som kan vere forum for samarbeid og meiningsutveksling. Departementet viste til at omorganiseringa av høgskolesektoren og ny felles lov for universitet og høgskolar gjorde det nødvendig å vurdere rådsorgana i høgre utdanning på ny, særleg med tanke på kva organ det vil vere behov for i framtida. Departementet varsla derfor at ein ville setje ned eit utval til å sjå på dei eksisterande råda og korleis desse eventuelt kunne samordnast.

Ei eiga arbeidsgruppe har sidan utgreidd spørsmålet om rådsstruktur og rådsfunksjonar, og forslag om å opprette eit Noregsnettråd blei lagt fram i St prp nr 1 (1996-97). Ved budsjetthandsaminga bad Stortinget om at det blei lagt fram ei eiga sak om arbeidsoppgåver og mandat for eit eventuelt slikt råd.

I denne proposisjonen gjer Regjeringa framlegg om å opprette eit Noregsnettråd, og gjer greie for mandat og samansetjing av rådet.

1.2 Utgreiing av rådsstruktur og rådsfunksjonar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet oppnemnde 29. september 1994 ei arbeidsgruppe, leia av studiedirektør Toril Johansson, til å greie ut rådsstruktur og rådsfunksjonar i høgre utdanning. Arbeidsgruppa leverte si innstilling 7. mars 1995. Departementet sende innstillinga på høyring 23. mai 1995.

1.2.1 Kort om noverande rådsstruktur

Innan høgre utdanning finst det ei rekkje råd og samarbeidsorgan. Somme har ein understruktur av organ og utval av ulike slag. Det breiaste arbeidsfeltet har Det norske universitetsråd, Det norske høgskolerådet, Lærarutdanningsrådet, Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag og Ingeniørutdanningsrådet. Elles er det også organ med nasjonale oppgåver på meir avgrensa felt som Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskolenivå (SOFF), Informasjonssenter for internasjonal utdanning (NAIC) og Samordna opptak (SO).

Det norske universitetsråd

Universitetsrådet er etablert av institusjonane sjølve som samarbeidsorgan for universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Rektorane (samt prorektor ved universiteta) og direktørane ved institusjonane utgjer rådet, saman med tre representantar frå Norsk studentunion. Rådet har 30 medlemmer og oppnemner sjølv eit styre på 7 medlemmer.

Universitetsrådet har etablert nasjonale fakultetsmøte for å samordne høgre utdanning og forsking innanfor dei fagområda som er organiserte under dei ulike fakulteta ved universiteta. Det er også etablert nasjonale fagråd for ulike fag ved grunneiningane ved, eller fagområde ved vitskaplege høgskolar. Fagråda har også ein viss representasjon frå høgskolar som ikkje er medlemmer av Universitetsrådet.

Det er også ei rekkje særorgan og utval under Universitetsrådet.

I samsvar med vedtektene har Universitetsrådet som føremål på vegne av medlemmene å medverke til å utvikle og formidle ei felles målsetjing for forsking og høgre utdanning, og til å skape ein nasjonal forskings- og utdanningspolitikk. Rådet skal fremje koordinering og arbeidsdeling innanfor universitetssektoren og i forhold til andre nasjonale aktørar. Universitetsrådet skal vere eit bindeledd mellom universitetssektoren i Noreg og det internasjonale forskings- og utdanningsmiljøet. I tråd med føremålet skal Universitetsrådet m a medverke til å fastleggje overordna mål og utvikle ein felles strategi for universitetssektoren, dessutan gi fråsegner om årlege budsjett, offentlege langtidsplanar og andre forhold og utgreiingar av overordna forskings- og utdanningspolitisk karakter. Rådet skal fungere som konsultativt organ for dei sentrale styresmakter, og sjølv ta initiativ i aktuelle saker av felles interesse, i form av utgreiingar, tilrådingar, resolusjonar o.l.

Det norske høgskolerådet

Dei nye fusjonerte statlege høgskolane etablerte i 1995 Det norske høgskolerådet som eit samarbeidsorgan. Rådet er sett saman av rektorane og direktørane ved høgskolane, samt fire representantar for studentane. Styret har 6 medlemmer.

Rådet kan organisere nasjonale fagmøte og administrative samarbeidsorgan og gir nærare reglar for desse.

Oppgåvene til rådet er å medverke til å utvikle og fremje felles mål og oppgåver innan høgskolesektoren sitt verkeområde. Høgskolerådet er eit forum for informasjons- og meiningsutveksling, dei drøftar saker av felles interesse og kjem med fråsegner i viktige spørsmål som gjeld heile høgskolesektoren. Høgskolerådet er eit koordineringsorgan overfor styresmakter og samfunn - og overfor universitetssektoren. På det faglege området skal Høgskolerådet fremje utdannings- og forskingspolitisk samarbeid og arbeidsdeling innanfor ramma av Noregsnettet og i høve til internasjonal verksemd.

Lærarutdanningsrådet

Lærarutdanningsrådet (LR) er det einaste rådsorganet innan høgre utdanning som har heimel i lov. Samansetjinga av rådet er fastlagd i § 33 i lov om lærarutdanning. Departementet oppnemner Rådet, som skal ha 11 til 15 medlemmer.

Lærarutdanningsrådet har i tillegg til arbeidsutval særutval og ad-hoc-utval, og oppnemner representantar til ulike utval og råd.

Lærarutdanningsrådet skal gi fråsegner og tilrådingar i faglege spørsmål til lærarutdanningsinstitusjonane, departement og statsadministrasjonen elles. Rådet skal verke som eit initierande, koordinerande og kontaktskapande organ internt mellom lærarutdanningsinstitusjonane og mellom desse og departementet. Det skal vidare stimulere og eventuelt koordinere forskings- og utviklingsarbeid, dessutan stimulere til internasjonal kontakt mellom lærarutdanningsinstitusjonane.

Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag (RHHS)

Rådet blei oppretta i 1991 ved at funksjonane i dei tidlegare fagråda for kvar av helseutdanningane vart slått saman med Rådet for sosialarbeidarutdanning. Det har 16 medlemmer oppnemnde av departementet, 8 frå høgskolane, 6 frå brukar/samfunnsinteresser og 2 studentar.

RHHS skal gi råd og fråsegner til departement og høgskolar i faglege spørsmål knytte til høgskoleutdanning i helse- og sosialfag. Rådet skal verke som eit initierande, koordinerande og kontaktskapande organ mellom helse- og sosialfagutdanningane og høgskolar som har slik utdanning, og andsynes departement, andre utdanningar, organisasjonar, arbeids- og næringsliv. Det skal ha særleg ansvar for fagleg utviklingsarbeid, for å følgje opp rammeplanar og ta initiativ til nye studieopplegg, stimulere høgskolane fagleg og hjelpe til med å fremje internasjonal kontakt mellom helse- og sosialfaglege utdanningar.

Ingeniørutdanningsrådet

Ingeniørutdanningsrådet (IR) definerer seg som eit samarbeidsorgan for all høgre teknologisk utdanning. Rådet blei konstituert som eit frivillig samarbeidsorgan i 1982. Ved revisjon av statuttane i 1994 vart det vedteke at alle høgskolar, vitskaplege høgskolar og universitet som gir ingeniørgrad/sivilingeniørgrad, skal vere representerte i rådet, større institusjonar med to, og NTNU fem medlemmer. Studentane skal ha fire medlemmer, og det skal vere åtte medlemmer frå nærings- og arbeidsliv.

Rådet skal i hovudsak handsame generelle og prinsipielle utdanningspolitiske, faglege, pedagogiske og organisatoriske spørsmål for høgre teknisk utdanning og etter- og vidareutdanning. Ingeniørutdanningsrådet skal ha ein rådgivande funksjon og ha som hovudoppgåve å arbeide for at eit Noregsnett for høgre teknisk utdanning fungerer etter føresetnadene i lov om universitet og høgskolar. Det skal verke som eit kontaktskapande organ mellom institusjonane og i høve til omverda. Det skal arbeide med å vidareutvikle og koordinere utdanningane, gi informasjon, fremje forsking og utviklingsarbeid og knyte internasjonal kontakt.

Utval for maritim utdanning

Utval for maritim høgskoleutdanning vart skipa av departementet, som presiserte at det ikkje skulle vere eit offentleg oppnemnt utval, men eit samarbeidsorgan slik som Ingeniørutdanningsrådet. Utval for maritim utdanning er assosiert med Ingeniørutdanningsrådet og skal i viktige spørsmål samarbeide med dette. Utvalet deler sekretariat med Ingeniørutdanningsrådet. Utvalet har ein medlem frå kvar høgskole som gir maritim utdanning, ein studentmedlem og fem medlemmer frå organisasjonar og brukarinteresser.

Andre organ med nasjonale oppgåver

Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskolenivå (SOFF) er eit fast organ med sekretariat knytt til Universitetet i Tromsø. Det har eit styre på 7 medlemmer oppnemnt av departementet. SOFF skal registrere, koordinere og gjere framlegg om fjernundervisningstilbod ved norske universitet og høgskolar. Det skal gi tilråding til departementet om disponering av ei sentral løyving til ulike fjernundervisningsprosjekt og skal evaluere prosjekta.

Informasjonssenter for internasjonal utdanning (NAIC) vart oppretta etter initiativ frå departementet. Senteret blir administrert av Universitetet i Oslo. NAIC skal koordinere handsaminga av søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning, fungere som nasjonalt informasjons- og kompetansesenter for institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, gjere framlegg om tiltak som kan betre og effektivisere systemet med godkjenning av utanlandsk utdanning. Senteret svarar på brev og førespurnader frå utanlandske studentar om vilkår for å studere i Noreg og fungerer som nasjonalt knutepunkt for samarbeid med internasjonale informasjonsnettverk.

Samordna opptak (SO) er administrativt knytt til Universitetet i Oslo, men har ei eiga styringsgruppe på 6 medlemmer oppnemnde av departementet. Senteret har ei operativ rolle i opptaksarbeidet etter den nye opptaksmodellen ved at alle søknader skal sendast SO, som så fordeler dei vidare til opptaksorgana.

Vidare har departementet oppnemnt eit fagutval for revisorutdanning. Institusjonane har sjølve etablert eit fagutval for bedriftsøkonomistudiet. I tillegg er det i nokre landsdelar etablert kontakt- og samarbeidsorgan. Dette gjeld m a Råd for høgre utdanning i Nord-Noreg.

1.2.2 Kort om innstillinga frå arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa tilrådde at det ikkje blei etablert noko nytt rådsorgan, men at ein på høgste nivå i rådsstrukturen bør byggje vidare på den todelte strukturen som eksisterer med Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet. Føresetnaden var at desse råda burde utveksle observatørar til rådsmøta sine og i tillegg avtale gjensidig representasjon i rådsorgan på lågare nivå. Arbeidsgruppa meinte at dei to råda burde etablere felles møteplassar for informasjonsutveksling og samarbeid, og for å gi råd til politiske styresmakter når desse ber om samordna rådgiving frå universiteta og høgskolane. I tillegg til den type rådgivings- og samarbeidsoppgåver som m a står i vedtektene for Universitetsrådet, tilrådde arbeidsgruppa at Universitetsrådet og Høgskolerådet utviklar vidare eit gjensidig rådssamarbeid. Det blei tilrådd at departementet klargjorde kva forventningar departementet har til dei to råda.

Arbeidsgruppa såg ikkje bort frå ei utvikling som over tid vil føre til ei samanslutning av dei to råda - jf. m a utviklinga av Noregsnettet -, men meinte tida ikkje var moden for å etablere eit felles universitets- og høgskoleråd, fordi eit felles råd vanskeleg kan etablerast før arbeidsdelinga innan høgre utdanning har fått ei nærare politisk avklaring. Vidare blei det lagt vekt på at både institusjonane innan høgskolesektoren og universitetssektoren meinte dei framleis vil ha behov for eigne samarbeidsorgan.

Når det gjeld eksisterande rådsorgan på mellomnivået, slik som dei nasjonale fakultetsmøta og sakkunnige råd/samarbeidsorgan som Lærarutdanningsrådet, Ingeniørutdanningsrådet og Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag, meinte arbeidsgruppa m a at:

  • departementet i samråd med råda på øvste nivå og mellomnivå bør klargjere når råda på mellomnivå skal rapportere direkte til departementet

  • dei nasjonale fakultetsmøta bør framleis vere sentrale organ innan rådsstrukturen, men dei bør på møta også ha representantar frå høgskolesektoren

  • Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag, Lærarutdanningsrådet og Ingeniørutdanningsrådet bør få sambandsliner til Universitetsrådet og Høgskolerådet

  • det må klargjerast i kva spørsmål profesjonsråda framleis skal rapportere direkte til departementet, og kva saker som bør gå gjennom Universitetsrådet og Høgskolerådet.

På lågaste nivå, fagrådnivå, meinte arbeidsgruppa m a at:

  • fagområda framleis må vere samarbeidsorgan knytte til einskildfag/fagområde. Fagmiljøa frå universitetssektor, høgskolesektor og private høgskular må kunne delta på lik linje i fagråda

  • Universitetsrådet og Høgskolerådet må i samråd med rådsorgan på mellomnivå gi nærare retningslinjer for kva overordna rådsorgan fagråda skal forholde seg til.

Når det gjeld private høgskolar, meinte arbeidsgruppa m a at:

  • Noregsnettet bør vere ei samla koordinering av nasjonale utdanningsressursar

  • private høgskolar bør få observatørstatus i Universitetsrådet eller Høgskolerådet, dersom råda finn dette føremålstenleg

  • private høgskolar bør kunne delta på lik linje med offentlege lærestader i råd på mellomnivå og lågare nivå

  • det er behov for eit sjølvstendig organ for vurdering av privat høgskoleutdanning. I tillegg til dei vurderingar av utdanning som tidlegare blei gjort av Nasjonalt koordinerande utval (NKU), bør eit slikt organ også vurdere privat utdanning ut over cand.mag.-nivå. I tillegg blir det gjort framlegg om å vurdere institusjonar med tanke på ei institusjonsakkreditering. Organet bør ha eit styre med representantar frå universiteta, statlege høgskolar og private høgskolar.

Når det gjeld rådssekretariata, meinte arbeidsgruppa m a at:

  • Universitetsrådet treng tilsvarande sekretariat som i dag

  • Høgskolerådet vil ha behov for om lag dei same sekretariatsressursane som Universitetsrådet. Departementet bør dekkje halvparten av sekretariatskostnadene, slik som for Universitetsrådet, mens høgskolane saman dekkjer resten

  • etter ein gjennomgang av oppgåvene til dei sakkunnige råda bør sekretariata i Parkveien kunne reduserast noko. Frigjorde ressursar bør omfordelast, m a for å dekkje Høgskolerådet sitt sekretariatsbehov

  • dei tre store fakultetsmøta bør få ei stilling kvar til sekretariatsoppgåver

  • arbeidsgruppa har ikkje grunnlag for å ta stilling til om sekretariatsfunksjonane i ein framtidig rådsstruktur vil krevje auke i ressursar ut over nivået i dag. Arbeidsgruppa kan likevel ikkje sjå at sekretariatsressursane bør reduserast i høve til nå. Dersom det ikkje er mogeleg å omdisponere ressursar frå sekretariata for sakkunnige råd, vil det etter arbeidsgruppa si vurdering vere behov for 9 nye stillingar.

Arbeidsgruppa konkluderte med at følgjande område innanfor lov om universitet og høgskular er særskilt relevante for tverrinstitusjonelle rådgivande organ:

  • Utdanningskrav for opptak til høgre utdanning (§ 37)

  • Studentopptak (§ 38)

  • Opptaksregulering (§ 39)

  • Gradar, yrkesutdanningar og andre utdanningsprogram. Titlar. (§ 45)

  • Fag og emne. Rammeplan. Studieplan (§ 46)

  • Godskriving av grad, yrkesutdanning, fag eller emne frå institusjonar under lova (§ 47)

  • Godkjenning av grad eller utdanning frå utanlandsk eller norsk institusjon som ikkje går innunder lova (§ 48)

Når det gjeld privathøgskolelova, er det behov for instansar for å ta vare på oppgåvene som kjem fram i kapittel 3:

  • Godkjenning av eksamen og gradar (§ 9)

  • Rett til tittel (§ 10)

Slik godkjenning skjer m a med bakgrunn i dei krava som er gjevne i §§ 5-6 i privathøgskolelova.

1.2.3 Kort om høyringsfråsegnene

I høyringsbrevet bad departementet høyringsinstansane vurdere om den rådsstrukturen det er gjort framlegg om, i stor nok grad tok vare på dei utfordringane Noregsnettet reiser på tvers av institusjonstypar, eller om ein modell med eit felles rådsorgan på øvste nivå betre kunne ta vare på desse utfordringane.

Eit klart fleirtal av høyringsinstansane slutta seg til framlegget frå arbeidsgruppa om organisering på øvste nivå. Fleire opna likevel for ei løysing med eit felles råd på sikt. Argumenta mellom dei som støttar utvalet sitt framlegg, er m a at:

  • interessemotsetnader bør kome tydeleg fram, for så å avvegast i departement og Storting

  • vedtak og tilrådingar i eit felles råd kan bli så prega av interessemotsetnader at dei ikkje vil ha legitimitet ved den einskilde institusjon

  • dei er kritiske til om departementet vil oppnå den effekten som er ønska, dersom dei to råda blir slått saman mot deira eigen vilje

  • ved å halde oppe to råd vert institusjonane sine behov for samarbeid og koordinering teke vare på.

Argumenta til dei som ikkje støttar utvalet si innstilling, er m a at:

  • på institusjonsnivå er det vektige moment som talar for eit felles rådsorgan og meir heilskaplege løysingar

  • den tenkinga Noregsnettet byggjer på, tilseier ein rådsstruktur på tvers av institusjonstypar

  • den logiske tilnærming går kanskje i favør av eitt råd, medan det er institusjonane sine interesser som konkluderer med to råd.

Fleire institusjonar i universitetssektoren opnar for eit nasjonalt organ for å handsame fellesoppgåver departementet har ansvar for. Høgskolesektoren har i liten grad uttalt seg om dette spørsmålet. Dei private høgskolane sluttar seg til framlegget om å etablere eit sjølvstendig organ for å evaluere privat høgskoleutdanning.

Sidan dei fleste instansane er samde i ei organisering på øvste nivå basert på to organ, meiner dei også at samansetjinga av Universitetsrådet og Høgskolerådet bør vere som i dag. Når det gjeld samansetjinga av eit eventuelt nasjonalt råd for høgre utdanning, synest det ikkje å vere støtte for eksterne representantar i styret. Så godt som alle dei statlege høgskulane uttalar:

«Same kva for ein rådsstruktur som blir valt, må den statlege høgskolesektoren og universitetssektoren vere representert med likeverdig styrke i organa. Dei to sektorane må sjølve få oppnemne sine representantar.»

Dei fleste instansar har basert fråsegnene sine om organisering på mellomnivå på synspunktet om organisering på øvste nivå. Dei er positive til at rådsorgana på mellomnivå blir organiserte under Universitetsrådet og Høgskolerådet. Mange meiner det er behov for klare rapporteringsliner om når mellomnivået skal uttale seg til kva for instans. Andre meiner mellomnivået sjølv må kunne avgjere når dei vil uttale seg til departementet eller til rådsorgana på øvste nivå. Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar framlegget i rådsinnstillinga om å gå gjennom mandata til dei sakkunnige råda i høgskolesektoren.

1.3 St prp nr 1 (1996-97)

Etter å ha vurdert innstillinga frå arbeidsgruppa om rådsfunksjonar og høyringsfråsegnene gjorde departementet i St prp nr 1 (1996-97) framlegg om at det blir oppretta eit Noregsnettråd, som kan gi departementet råd i høgre utdanningsspørsmål. Det blei her vist til at ei rekkje viktige utfordringar går på tvers av skiljet mellom universitet og vitskaplege høgskolar på den eine sida og statlege høgskolar på den andre sida. Føresetnaden er at Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet skal halde fram som frivillige samarbeidsorgan for institusjonane. Det var lagt som føresetnad at Noregsnettrådet sitt arbeid skal kunne skje på grunnlag av faglege råd frå nasjonale fakultetsmøte og andre samarbeidsorgan under Universitetsrådet og Høgskolerådet.

I Innst S nr 12 (1996-97) uttalte eit fleirtal i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen m a at det kan vere fag- og arbeidsområde i skjeringspunktet mellom universiteta og høgskolane, eller som er sektorovergripande, som krev nærare drøfting når det gjeld organisering i høve til noverande rådsstruktur. Fleirtalet stiller seg likevel kritisk til at eit slikt råd skal få eit operativt ansvar på område der lov om universitet og høgskolar og privathøgskolelova legg styringsansvar til departementet. Fleirtalet bad derfor departementet vurdere dette nærare og la til grunn at Universitetsrådet, Høgskolerådet og dei nasjonale studentorganisasjonane skulle bli trekte inn i denne prosessen. Med utgangspunkt i dette fatta Stortinget følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen ikke oppnevne et Norgesnettråd før Stortinget har mottatt og behandlet egen sak om arbeidsoppgaver og mandat for et eventuelt slikt råd.»