4 Matvarehjelpkonvensjonen av 1999
Det er gjort fleire endringar frå 1995-konvensjonen. Den viktigaste sett frå norsk side er auken av minstebidraget frå verdien av 20 000 tonn til 30 000 tonn kveiteekvivalentar, som er det same nivået som etter tidlegare konvensjonar.
I tillegg til det som er nemnt i det førre punktet, kan ein merkje seg desse endringane i den nye konvensjonen:
I artikkel VII er det teke inn ei avgjerd om kva for utviklingsland som kan motta matvarehjelp. Desse skal no vere dei minst utvikla landa og låginntektsland, samt lågare mellominntektsland og andre land på WTO si liste over utviklingsland som er netto-matvareimportørar.
Det har tidlegare ikkje vore restriksjonar på kor stor del av eit gjevarland sitt minstebidrag som kan vere matvarehjelp basert på lån til gunstige vilkår. No har ein i artikkel IX fastsett at minst 80 pst. av minstebidraget skal vere gåvehjelp.
Som nemnt under punkt tre har forhandlingane ført til endringar når det gjeld korleis forpliktingane skal reknast ut. Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane er den einaste konvensjonsparten som har valt å fastsetje bidraget i verdi. Dei har òg fastsett eit minstebidrag i volum. Partane kan òg indikere den samla verdien av bidraga sine, medrekna transportkostnader og andre tilleggskostnader, dersom dei ynskjer det. USA er framleis den største gjevaren. Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane sitt bidrag er ei fellesforplikting som omfattar bidrag frå fleire medlemsstater samt frå EU-kommisjonen. Det er difor uråd å seie noko om fordelinga statane imellom. Canada og Noreg vil auke bidraga sine. Ingen medlemmer ynskjer å redusere bidraga.
Tabell 4.1 Dei enkelte landa sine årlege minstebidrag ( artikkel III bokstav e)):
Medlem | Volum (tonn | Verdi (mill.) | Pårekna samla |
kveiteekvivalentar) | verdi (mill.) | ||
Argentina | 35 000 | - | - |
Australia | 250 000 | - | AUD 90 |
Canada | 420 000 | - | CAD 150 |
Det europeiske fellesskapet | |||
og medlemsstatane | 1 320 000 | EUR 130 | EUR 422 |
Japan | 300 000 | - | - |
Noreg | 30 000 | - | NOK 59 |
Sveits | 40 000 | - | - |
USA | 2 500 000 | - | USD 900-1000 |
Til saman | 4 895 000 | EUR 130 | - |