3 Merknader til dei einskilde artiklane
Artiklane 1 og 2 har reglar om avtalen sitt saklege bruksområde.
I følgje artikkel 1omfattar avtalen personar som er busette (heimehøyrande) i den eine eller i begge statane.
Artikkel 2reknar opp kva for skattar som avtalen omfattar for tida. Albanias skatt på eigedom er inntil vidare ein skatt på fast eigedom, men dei albanske styresmaktene planlegg å utvide han så han blir ein generell skatt på formue. Blir skatten utvida til å gjelde fast eigedom i Noreg eigd av albanarar, er det deira bustadland Albania som må gi kredit ved dobbel skattlegging (sjå artikkel 24). Noreg skattlegg ikkje fast eigedom i utlandet.
Artiklane 3-5inneheld definisjonarav forskjellige ord og uttrykk i avtalen.
Det følgjer av artikkel 3punkt 1 a) at avtalen også får verknad på kontinentalsoklane til dei respektive landa når det gjeld utøving av rettar med omsyn til havbotnen og undergrunnen og naturressursar der. Lik dei andre skatteavtalane Noreg har inngått, får heller ikkje avtalen med Albania verknad på Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.
Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjer stort sett OECD-mønsteret.
Artikkel 4definerer omgrepet «person bosatt i en kontraherende stat».Punkta 2 og 3 regulerer korleis situasjonen blir når ein fysisk eller juridisk person blir rekna for å vere busett (heimehøyrande) både i Noreg og i Albania etter dei to statane si interne lovgjeving.
Artikkel 5inneheld definisjonen av omgrepet «fast driftssted».Denne definisjonen er viktig fordi han gir ramma for skattlegging etter artikkel 7 av den fortenesta frå forretningsverksemd som ein person busett i den eine staten har frå verksemd i den andre staten.
I følgje artikkel 5 punkt 3 bokstav a) skal staden for eit byggjearbeid, eller eit anleggs- eller installasjonsprosjekt sjåast på som ein fast driftsstad for føretaket berre dersom staden blir halden ved lag eller prosjektet varer lenger enn 6 månader. Dette avvik frå OECD-mønsteret ved at fleire typar verksemder er tekne med, og ved at tidsfristen er korta ned frå 12 til 6 månader som i FN-mønsteret.
Underpunkt b) gjeld næringsverksemd gjennom tilsette eller anna personell, og liknar artikkel 5 punkt 3 b) i FN-mønsteret. Det gjeld berre tenester i verksemder som liknar vesentleg på dei som er nemnde i punkt 3 a).
Punkt 4 nemner kva omgrepet «fast driftssted» ikkjeomfattar. Kort sagt går regelen ut på at innretningar som berre er til bruk for lagring og utstilling eller anna hjelpeverksemd ikkje skal utgjere fast driftsstad.
Punkt 5 regulerer når ein representant skal seiast å utgjere ein fast driftsstad for føretaket. Regelen seier at når personen har, og vanlegvis nyttar, fullmakt til å slutte kontraktar på vegner av føretaket, skal han reknast som ein avhengig representant. Også dersom han ikkje har slik fullmakt, men vanlegvis har eit varelager som han på vegner av føretaket leverer varer frå, skal han bli rekna for å utgjere ein fast driftsstad. Denne regelen er lik FN-mønsteret.
Punkt 6 slår fast at ein uavhengigrepresentant ikkje utgjer fast driftsstad for oppdragsgjevar så lenge han opptrer innanfor ramma av si vanlege forretningsverksemd.
For verksemd på kontinentalsokkelen er det fastsett særreglar i artikkel 21, jf. kommentarane nedanfor.
Artiklane 6-22inneheld reglar om skattlegging av ulike former for inntekt. Desse reglane har som formål å hindre dobbel skattlegging, dvs at ein skattytar blir skattlagt i begge statar av same inntekt. Dei detaljerte reglane om dei ulike formene for inntekt avgjer kva for stat som skal ha den primære retten til å skattleggje: anten den staten der den skattepliktige er busett, eller den staten der inntekta skriv seg frå (kjeldestaten).
Skatteavtalen regulerer ikkje forskot på skatt. Statane kan derfor i prinsippet halde tilbake kjeldeskatt etter den fulle satsen som følgjer av interne lover. Når skatteavtalen fører til at skatt anten skal betalast med ein redusert sats eller inntekta ikkje skal skattleggjast, må ein gjere ei justering (refusjon) i ettertid.
Artikkel 6fastset at inntekt frå fast eigedomkan skattleggjast i den staten der eigedommen ligg (kjeldestaten). Det same gjeld inntekt frå direkte bruk av fast eigedom eller anna utnytting av han. Slik er også regelen i OECD-mønsteret.
Artikkel 7inneheld reglar om skattlegging av fortenesta frå den forretningsverksemdasom eit føretak heimehøyrande i ein kontraherande stat utøver i den andre staten. Inntekt frå slik verksemd kan berre skattleggjast i den sistnemnde staten dersom verksemda blir utøvd gjennom ein fast driftsstad der. Dei nærmare definisjonane av kva ein skal forstå med omgrepet ein fast driftsstad er tekne inn i artikkel 5. Men artikkel 7 inneheld hovudprinsippa for sjølve fastsetjinga av fortenesta som skriv seg frå den faste driftsstaden.
Som i OECD-mønsteret, er hovudregelen at berre inntekt som kjem frå den faste driftsstaden skal kunne skattleggjast i kjeldestaten. Inntekt frå anna, ikkje tilknytt, verksemd i same stat, fell såleis utanfor grunnlaget for skattlegging av driftsstaden. Men også inntekt frå sal av liknande varer som dei som blir selde gjennom den faste driftsstaden, eller frå anna liknande forretningsverksemd skal kunne skattleggjast i kjeldestaten, dersom føretaket ikkje kan bevise at slikt sal eller slik verksemd er heilt uavhengig av verksemda til den faste driftsstaden, jf reglane i bokstavane (b) og (c) i punkt 1. Denne regelen er henta frå FN-mønsteret.
Punkt 2 i artikkelen inneheld grunnregelen for fastsetjing av fortenesta til den faste driftsstaden: Driftsstaden skal reknast å ha den fortenesta som han venteleg ville ha hatt dersom han hadde vore eit særskilt sjølvstendig føretak som utøvde same eller liknande verksemd under same eller liknande tilhøve, og han opptredde heilt uavhengig av det føretaket som den faste driftsstaden tilhøyrer («armlengdeprinsippet»).
Punkt 3 i artikkelen gir reglar om ramma for kva for utgifter ein kan trekke frå når ein fastset den skattbare fortenesta til den faste driftsstaden.
Artikkel 8gir reglar om skattlegging av forteneste frå internasjonal skips- og luftfartsverksemd,slik denne verksemda er definert i artikkel 3 punkt 1 f).
Punkt 1 i avtalen avvik noko frå OECD-mønsteret, ettersom det fastset at forteneste frå drift av skip eller luftfartøy som blir drivne i internasjonal fart, berre kan skattleggjast i den staten der føretaket er heimehøyrande. Dette er likt med dei skatteavtalane Noreg har inngått dei siste åra.
Etter ei tilråding frå OECD er det i punkt 2 fastsett at forteneste frå bruk, rådvelde eller utleige av containarar (inkludert tilhengjarar og tilknytt utstyr for transport av containarar) nytta til transport av gods eller varer, berre skal kunne skattleggjast i den staten der den verkelege leiinga held til - dersom ikkje det handlar om transport berre mellom stader innanfor den andre staten.
Punkt 3 klargjer at reglane i punkt 1 også gjeld forteneste når eit føretak tek del i ein «pool», i ei felles forretningsverksemd eller i eit internasjonalt driftskontor.
I punkt 4 i artikkelen finn ein særreglar som tek omsyn til inntekter som SAS-konsortiet eller liknande konsortium tek i mot. Namnet på den norske interessenten i SAS har blitt endra frå Det Norske Luftfartsselskap A/S (DNL) til SAS Norge ASA etter at avtalen blei parafert.
Artikkel 9omhandlar føretak med fast tilknyting til kvarandre.Artikkelen gjeld assosierte føretak, dvs mor- og dotterselskap og føretak under felles kontroll og leiing. Regelen gir likningsstyresmaktene høve til å setje opp den skattbare fortenesta til eit føretak. Vilkåret for slik auke er at fortenesta er redusert fordi føretaket og eit tilknytt føretak i sitt økonomiske samkvem har nytta forretningsvilkår som avvik frå dei som ville ha vore avtalt mellom uavhengige føretak under tilsvarande tilhøve. Når likningsstyresmaktene rettar opp fortenesta i slike høve, så skal dei forretningsvilkåra som blei nytta, for skattleggingsformål bli erstatta med den såkalla armlengde-standarden, jf skatteloven § 54 første ledd. Regelen byggjer på prinsippa i OECD-mønsteret, men ein har ikkje teke med reglar om korresponderande retting i den staten der føretaket er heimehøyrande. (Slik korrigering kan likevel gjerast med heimel i artikkel 26.)
Artikkel 10gjeld skattlegging av dividendar (utbyte).Etter punkt 1 i artikkelen kan slike inntekter skattleggjast i den kontraherande staten der aksjonæren er busett. Dei same inntektene kan dessutan skattleggjast i den staten der selskapet som deler ut dividendane er heimehøyrande (kjeldestaten), men reglane i punkt 2 avgrensar den skattesatsen som kan nyttast.
Punkt 2 a) gjeld dividende til selskap som direkte kontrollerer minst 25 prosent av aksjekapitalen i det utdelande selskapet. Kjeldestatens skattesats i desse høva må ikkje overstige 5 prosent av bruttobeløpet. Regelen i punkt 2 b) avgrensar kjeldeskattesatsen i andre høve til 15 prosent. Det er eit vilkår i både 2 a) og b) at mottakaren er den verkelege rettshavar og ikkje til dømes ein stråmann for den faktiske eigar anten i kjeldelandet eller i eit tredje land.
Dei avgrensingane i retten til å krevje kjeldeskatt som er nemnde ovanfor, gjeld likevel ikkje alltid. Kjeldestaten er ikkje bunden av desse satsane når dei aksjane som det blir utdelt dividende frå, reelt er knytt til næringsverksemd eller utøving av eit fritt yrke og verksemda eller utøvinga skjer gjennom ein fast driftsstad eller ein fast stad for sjølvstendige personlege tenester som rettshavaren har i den staten der det utdelande selskapet er heimehøyrande. Etter punkt 4 i artikkelen skal dividendane i desse høve skattleggjast i samsvar med reglane i respektive artikkel 7 eller artikkel 14. (Tilsvarande reglar gjeld etter artikkel 11 punkt 4 for renter og etter artikkel 12 punkt 4 for royalty).
Punkt 5 inneheld reglar som skal hindra at ein kontraherande stat skattlegg dividendar utbetalt av eit selskap i den andre kontraherande staten, berre fordi fortenesta som ligg til grunn for dividendane har si kjelde i den førstnemnde staten. Slike dividendar kan berre skattleggjast i den førstnemnde staten dersom mottakaren er busett i denne staten, eller som ein del av fortenesta til ein fast driftsstad.
Artikkel 11handlar om renteinntekter.Som i OECD-mønsteret er det fastsett at slike inntekter kan skattleggjast både i den staten der mottakaren er busett, jf. punkt 1, og i den staten der rentene skriv seg frå, jf. punkt 2. Kjeldeskatten i den sistnemnde staten skal likevel ikkje overstige 10 prosent av bruttobeløpet av rentene. Det er for tida ingen heimel i norske skattelover til å krevje kjeldeskatt av renter som blir utbetalte frå Noreg til mottakar busett i utlandet.
I punkta 3 a), b) og c) har ein gjort nokre unntak frå retten til å krevje kjeldeskatt. Dette gjeld mellom anna for tilfelle der renter blir mottekne av ein kontraherande stat eller ei av forvaltningsstyresmaktene i staten. Dessutan skal Albania ikkje kunne krevje kjeldeskatt av renter som blir mottekne av - og renter av lån som er garanterte eller forsikra av - Garanti-instituttet for Eksportkreditt eller AS Eksportfinans eller tilsvarande institusjonar som dei kompetente styresmaktene blir samde om.
Artikkel 12gir reglar om skattlegging av royalty.Reglane svarer til reglane for renter i artikkel 11. Royalty kan skattleggjast både i staten der mottakaren er busett og i kjeldestaten, men kjeldeskattesatsen er avgrensa til 10 prosent av bruttobeløpet av royaltyen. Det er for tida ingen heimel i norske skattelover til å krevje kjeldeskatt av royalty som blir utbetalt frå Noreg til ein mottakar busett i utlandet.
Artikkel 13handlar om skattlegging av formuesgevinstar.Regelen byggjar på prinsippet om at retten til å skattleggje formuesgevinst bør liggje hos den staten som hadde rett til å skattleggje det formuesgodet gevinsten skriv seg frå og avkastninga av dette, før det blei avhenda.
Etter punkt 1 kan gevinst frå avhending av fast eigedom skattleggjast i den kontraherande staten der eigedommen ligg. Dette gjeld som hovudregel også om gevinsten kjem frå avhending av aksjar når dei underliggjande verdiane av aksjane kjem frå fast eigedom i den andre kontraherande staten, jf. punkt 5.
Gevinst frå avhending av lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad eller ein fast stad for utøving av fritt yrke, kan etter punkt 2 i artikkelen skattleggjast i den kontraherande staten der den faste driftsstaden eller den faste staden ligg. Det same gjeld gevinst frå avhending av sjølve den faste driftsstaden eller den faste staden.
Etter punkt 3 skal gevinst frå avhending av skip og luftfartøy i internasjonal fart berre kunne skattleggjast i den staten der personen som tek i mot gevinsten er heimehøyrande.
Punkt 4 inneheld ein særregel som gir Noreg rett til å skattleggje gevinstar frå sal av aksjar, andeler, opsjonar og andre finansielle instrument knytte til norske selskap i inntil 5 år etter at aksjonæren har vore skattemessig busett i Noreg. Regelen er kome med på bakgrunn av reglane om utflytting i skattelova § 15 første ledd bokstav e.
Gevinst frå avhending av andre formuesgode enn dei som er særskild nemnde, kan berre skattleggjast i den staten der avhendaren er busett, jf. punkt 7.
Artikkel 14gjeld skattlegginga av inntekt frå utøving av fritt yrke.Regelen om skattlegging av inntekt frå slik verksemd avvik noko frå OECD-mønsteret. Etter dette mønsteret blir inntekter frå utøving av fritt yrke skattlagde i den staten der yrkesutøvaren er busett, dersom han ikkje i ein annan kontraherande stat vanlegvis rår over ein fast stad (kontor eller liknande) som tener utøvinga av verksemda hans. I så fall kan sistnemnde stat skattleggje den delen av inntekta som kan reknast til ein slik stad. Utkastet har her fått eit tillegg som avvik frå OECD-mønsteret ved at den sistnemnde staten også kan skattleggje dersom opphaldet i denne staten i eit eller fleire tidsrom til saman utgjer minst 183 dagar i løpet av ein periode på tolv månader.
Punkt 2 i artikkelen definerer nærmare kva som ligg i omgrepet «fritt yrke», og nemner eksempel på aktivitetar og yrkesgrupper som kan falle inn under artikkelen. Opprekninga er ikkje uttømmande. Regelen omhandlar berre sjølvstendige yrkesutøvarar, og såleis ikkje t.d. ein lege som er fast tilsett i ei bedrift. Artistar og idrettsutøvarar er særskilt omtala i artikkel 17 i utkastet.
Lønnsinntekterer omhandla i artikkel 15.Som etter OECD-mønsteret har den staten der lønnsmottakaren er busett rett til å skattleggje lønnsinntektene, viss ikkje arbeidet blir utført i den andre kontraherande staten. I så fall har den staten der arbeidet blir utført, rett til å skattleggje inntektene. Frå denne regelen gjer punkt 2 eit unntak på visse vilkår for kortvarige opphald, den såkalla 183-dagars regelen. Regelen avvik frå OECD-mønsteret ved at det i punkt 2 b) i utkastet er eit vilkår at arbeidsgjevaren er heimehøyrande i den staten der lønnsmottakaren er busett. Under forhandlingane blei problematikken om skattlegginga av leigde arbeidstakarar drøfta. Etter vanleg oppfatning får unntaket i punkt 2 ikkje verknad dersom arbeidstakaren er leigd, og dette har ein derfor presisert i punkt 2 b). Regelen er elles i samsvar med OECD-mønsteret.
Punkt 3 i artikkelen gir særreglar for lønnsarbeid utført om bord i eit skip eller luftfartøy drive i internasjonal fart. Lønnsinntekter frå slikt arbeid skal berre kunne skattleggjast i den staten der føretaket er heimehøyrande.
Når det gjeld lønn til norsk mannskap i SAS, er det tatt med ein regel i punkt 4 om at ho berre skal kunne skattleggjast i Noreg.
Artikkel 16handlar om styregodtgjersle.Slike inntekter kan, i samsvar med OECD-mønsteret, skattleggjast i den staten der selskapet er heimehøyrande.
Artikkel 17fastset at artistar og idrettsutøvararkan skattleggjast i den staten der slik verksemd blir utøvd, uansett reglane i artikkel 14 om fritt yrke og artikkel 15 om lønnsarbeid i privat teneste. Punkt 2 i artikkelen inneheld eit tillegg som presiserer at den staten der artisten eller idrettsutøvaren opptrer, har rett til å skattleggje også når vederlaget blir utbetalt til ein tredjemann, t d eit artistbyrå eller eit selskap artisten har oppretta. Reglane i punkta 1 og 2 byggjer på OECD-mønsteret.
I punkt 3 er det gjort unntak frå desse reglane når framsyninga i den eine kontraherande staten for ein vesentleg del blir finansiert av offentlege midlar i den andre kontraherande staten. I slike tilfelle skal inntekta berre kunne skattleggjast i den staten der artisten eller idrettsutøvaren er busett.
Artikkel 18handlar om pensjonar, livrenter og sosiale trygdeytingar.I motsetnad til dei tilsvarande reglane i OECD-mønsteret omfattar denne artikkelen alle typar pensjonar, både private og offentlege. Etter reglane skal pensjonar berre skattleggjast i den staten der pensjonisten er busett.
Punkt 2 fastset at beløp til underhald berre kan skattleggjast i bustadsstaten i den mon det kan trekkjast frå i kjeldestaten. Regelen hindrar økonomisk dobbel skattlegging av slike betalingar.
Artikkel 19handlar om offentleg teneste.Som hovudregel og i samsvar med OECD-mønsteret, er det den staten som betalar ut godtgjersla som har rett til å skattleggje. For godtgjersle knytt til utøving av offentleg forretningsverksemd gjeld ikkje hovudregelen. Offentlege pensjonar går som nemnt under artikkel 18.
Artikkel 20gjeld studentar og lærlingarsom er busette i den eine kontraherande staten og som oppheld seg mellombels i den andre staten for å få si personlege utdanning eller opplæring. Dei skal ikkje skattleggjast i den sistnemnde staten av pengebeløp som dei mottek til underhald, utdanning eller opplæring frå kjelder utanfor denne staten. Regelen samsvarer med OECD-mønsteret og med skattelova paragraf 26 første ledd, bokstav o.
Artikkel 21inneheld reglar om verksemd utanfor kysten(offshoreverksemd).
Punkt 1 slår fast at reglane i artikkelen skal gå føre same kva som elles følgjer av avtalen.
Punkta 2 og 3 gjeld skattlegging av næringsverksemd. Dei fastset at verksemd utøvd utanfor kysten av ein stat skal reknast som verksemd utøvd gjennom ein fast driftsstad eller ein fast stad i denne staten, dersom verksemda blir utøvd til saman over 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Inntekta frå slik verksemd kan i så fall skattleggjast frå første dag i denne staten. Reglane i punkt 3 a) og b) tek sikte på å hindre at fristen på 30 dagar blir omgått.
Punkt 4 inneheld eit unntak frå dei generelle reglane i punkta 2 og 3. Det gjeld forteneste av transport av forsyningar eller personell, eller av drift av taubåtar eller liknande hjelpefartøy knytt til verksemd som omhandla i artikkelen. Slik forteneste skal skattleggjast i den staten der personen som tek i mot fortenesta er busett.
I punkt 5 a) er det gitt reglar om skattlegging av lønnsinntekter i samband med verksemd på kontinentalsokkelen. Slik inntekt kan skattleggjast i sokkelstaten dersom arbeidsopphaldet til saman varer meir enn 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Det er gjort unntak frå denne regelen i punkt 5 b). Lønnsinntekter for teneste om bord i skip eller luftfartøy som er omfatta av unntaket i punkt 4 skal berre kunne skattleggjast i den staten der arbeidsgjevaren er heimehøyrande. Sistnemnde unntak gjeld likevel ikkje dersom fartøyet blir driven av ein fast driftsstad etter artikkel 5 eller aktiviteten går føre seg i meir enn 6 månader i løpet av ein periode på tolv månader, jf. pkt 4.
Punkt 6 gjeld gevinst frå overføring av rettar til undersøking eller utnytting av naturførekomstar, eigedom som i sokkelstaten blir nytta i samband med verksemda utanfor kysten, og aksjar eller andeler som hentar sin verdi frå slike rettar eller slik eigedom. Retten til å skattleggje slike gevinstar ligg hos kyststaten.
Artikkel 22gjeld anna inntekt,dvs. inntekt som ikkje er særskilt omhandla i dei andre artiklane i avtalen. Slike inntekter kan skattleggjast i den staten der mottakaren er busett, jf. punkt 1. Etter punkt 3 i same artikkel kan dei også skattleggjast i kjeldestaten.
Inntekter som er knytt til ein fast driftsstad eller ein fast stad for utøving av fritt yrke, skal ikkje skattleggjast etter artikkel 22, men etter artiklane 7 og 14 jf. punkt 2.
Artikkel 23gjeld skattlegging av formue.Formue som består av fast eigedom kan skattleggjast i den staten der eigedommen ligg. Formue som består av lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad eller fast stad, kan skattleggjast i den staten der driftsstaden eller den faste staden ligg, jf. punkta 1 og 2.
I følgje punkt 3 kan formue som består av skip og luftfartøy, og lausøyre knytt til drifta av dei, berre skattleggjast i den staten der det føretaket som eig skipet eller luftfartøyet er heimehøyrande.
I punkt 4 er det stadfesta at formue som består av containarar, inkludert tilhengjarar og tilknytt utstyr for transport av containarar, nytta til transport av varer i internasjonal fart, berre skal kunne skattleggjast i den staten der føretaket er heimehøyrande.
Alle andre delar av formuen som tilhøyrer ein person busett i ein av statane, kan berre skattleggjast i denne staten, jf. pkt. 5.
Artikkel 24gir reglar om korleis ein går fram for å hindre dobbel skattlegging.
Kreditsystemet (godskrivingssystemet) inneber at Noreg, overfor personar busette i Noreg, kan skattleggje ei inntekt også når det går fram av dei materielle reglane i avtalen at inntekta kanskattleggjast i Albania. Noreg må så gje frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Albania (kjeldestaten), jf. punkt 2 a) (i). Motsvarande gjeld for Albania. Dette gjeld også for formuesskatten, jf. 1 a) (ii) og 2 a) (ii).
I tillegg er det i b) fastsett at i den grad ein person busett i Noreg tek i mot inntekter eller eig formue som etter nokon av reglane i avtalen er unnateken frå skattlegging i Noreg, så kan Noreg likevel ta omsyn til denne inntekta eller formuen ved utrekning av den skatten som skal betalast av resten av inntekta og formuen til personen (progresjonsatterhald).
Punkt gir 3 særreglar som aukar storleiken på det frådraget som blir gitt i den norske skatten for den skatten som ein fast driftsstad betalar i Albania. Når Albania, i samsvar med eigne lovar som er nemnde i punkt 3, let vere å krevje selskapsskatt eller reduserer han vesentleg, skal Noreg ved berekninga av frådraget som blir gitt i norsk skatt sjå bort frå desse unntaka eller reduksjonane og gi frådrag som om Albania hadde kravd selskapsskatt etter vanlege satsar. Dette gjer ein for at ikkje skattelette som er meint å fremme investeringar i Albania blir nøytraliserte når overskottet frå den faste driftsstaden blir skattlagt i Noreg. Men det er ein føresetnad at inntekta til den faste driftsstaden skriv seg frå slike aktivitetar som er nemnde i punkt 3 og ikkje frå finansielle tenester. Reglane gjeld i dei første fem åra som avtalen har effekt, men dei kompetente styresmaktene kan forlengje denne perioden.
Artiklane 25-29inneheld nokre særlege reglar om ikkje-diskriminering(artikkel 25), framgangsmåten ved inngåing av gjensidige avtalermellom dei kompetente styresmaktene i dei to statane (artikkel 26), utveksling av opplysningar(artikkel 27), og om diplomatiske og konsulære tenestemenn(artikkel 28). Artiklane 29-30 inneheld sluttreglarom når avtalen skal tre i kraft og når han sluttar å gjelde.
I samsvar med artikkel 30trer avtalen i kraft når begge statane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Når det gjeld kjeldeskattar vil avtalen få verknad på beløp betalte eller godskrivne i det kalenderåret som følgjer etter det året da avtalen trer i kraft. Når det gjeld andre skattar vil avtalen få verknad med omsyn til skattar som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.