1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under administrasjon, luftfartsformål, vegformål, jernbaneformål og post.
Sakene fordeler seg under dei ulike programkategoriane som følgjer:
Under administrasjon:
Forslag om å gjere om to stillingar (2-årsheimlar som avdelingsdirektør og rådgjevar) som Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet 1997, til to rådgjevarstillingar, tidsavgrensa til 2 år. Bakgrunnen for forslaget er endringar i ansvarsområda og dermed arbeidsoppgåver i Samferdselsdepartementet.
Forslag om å overføre eigedomane Skjalgheim og Solvang i Sola kommune frå Samferdselsdepartementet til Ellen og Axel Lunds stiftelse.
Under luftfartsformål:
Forslag om at Samferdselsdepartementet skal kunne avtale rentekompensasjon for utsett oppgjer ved statleg overtaking av regionale lufthavner.
Forslag om å auke låneramma for 1997 til Oslo Lufthavn AS til finansiering av fleire kommersielt lønsame prosjekt.
Under vegformål:
Orientering om oppfølging av vedtak om gassdrift i ferjesambandet i Boknafjorden.
Orientering om investeringar i Lier i samband med ulemper som vegnettet i ytre Lier blir påført pga. Kjellstadbommen på E-18 i Lier.
Orientering om rettingar i rekneskapen til Statens vegvesen for 1996 av tidlegare feil ved føringa av tilbakehald av betaling til entreprenørar.
Under jernbaneformål:
Forslag om endringar i vedteke budsjett for 1997 for kap. 1350 Jernbaneverket. Bakgrunnen for framlegget er auka utgifter til meirverdiavgift pga. at køyrevegen og trafikkdelen i det tidlegare NSB no er formelt skilde, og at trafikkdelen er etablert som eit sjølvstendig rettssubjekt.
Under post:
Forslag om at den statlege garantien for innskot i Postbanken skal falle bort frå 1. januar 1997 fordi banken no er medlem av Forretningsbankenes sikringsfond, og at inntektsløyvinga for 1997 som gjeld garantiavgift til staten, også skal falle bort.