4 Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering og tilråding
Arbeids- og administrasjonsdepartementet har innhenta uttaler frå Oljedirektoratet når det gjeld tryggleiken i tilknyting til disponeringa av betongunderstellet TCP2. Forhold som er særleg viktige for tryggleiken er nærmare omtalte i kapittel 2.2. Oljedirektoratet ser det slik at tryggleiken i samband med operatøren si tilrådde løysing er innanfor akseptable rammer. På denne bakgrunnen tilrår Arbeids- og administrasjonsdepartementet at betongunderstellet blir etterlate på staden.