Forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2008 i samband med etterbetaling av pensjon og renter til statsarbeidarar mv.
I
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1542 | Tilskudd til Statens Pensjonskasse | ||
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 84 000 000 | |
frå kr 8 794 000 000 til kr 8 878 000 000 |
II
Omdisponeringsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2008 kan omdisponere løyvingar frå kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter, kap. 1560 Spesielle IKT-tiltak post 22 Samordning av IKT-politikken, og kap. 1561 Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram post 70 Tilskudd til internasjonale program til kap. 1521 Direktoratet for forvaltning og IKT postane 01 Driftsutgifter, 21 Spesielle driftsutgifter og 22 Miside.