1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala til òg å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane. Europaparlaments- og rådsdirektivet tek til å gjelde i EU 8. oktober 2004.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett vil krevje ei lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert ved denne proposisjonen bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å gje EØS-komiteen melding om godkjenning av avgjerda er 25. desember 2002.
Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.