1 Innleiing
13. juni 1995 fatta Stortinget følgjande vedtak i plenum:
Alle nærradioar med konsesjon skal ha høve til å sende program mellom kl. 06.00 og kl. 18.00, også i område med berre ein frekvens.
Vedtaket kom etter eit representantforslag som vart sett fram under debatten om Innst.S. nr. 190 (1994–95), jf. St.meld. nr. 42 (1993–94) Kringkasting og dagspresse 1993 m.v.
1. juli 2008 tek ein ny konsesjonsperiode for lokalradio til. Det vil bli fastsett nye rammevilkår for lokalradio, m.a. om deling av sendetid mellom radioane. Prinsippa for deling av sendetid vil kunne vere i strid med plenumsvedtaket. Vedtaket må såleis opphevast.