I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget, ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje vart reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2005, var på kr 16.237.000,-. Det er løyvd kr. 15.800.000,- på kap. 1541, Pensjonar frå statskassa, post 01, på statsbudsjettet for 2006.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.