Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet i samsvar med eit vedlagt forslag.