St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

2 Rådsavgjerd av 3.desember 2001 om Det europeiske åretfor funksjonshemma 2003(2001/903/EF)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 13,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 2,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 4 og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Det europeiske fellesskapet har som mål å fremje eit høgt nivå for sysselsetjing og sosialomsorg og å betre levestandarden og livskvaliteten til innbyggjarane i medlemsstatane.

  2. Fellesskapspakta om grunnleggjande sosiale rettar for arbeidstakarar sannkjenner at det er naudsynt å gjere høvelege tiltak med sikte på sosial og økonomisk integrering av funksjonshemma personar.

  3. I resolusjonen av 31. mai 1990 om integrering av funksjonshemma born og unge i det vanlege utdanningssystemet, som vart vedteken av Rådet og utdanningsministrane samla i Rådet, vert det lagt vekt på at medlemsstatane er vortne samde om, der det er naudsynt, å styrkje innsatsen sin for å integrere eller oppmuntre til integrering av funksjonshemma elevar og studentar i det vanlege utdanningssystemet.

  4. I resolusjonen av 20. desember 1996 om like høve for funksjonshemma 5, som vart vedteken av Rådet og representantane for regjeringane i medlemsstatane samla i Rådet, og i rådsresolusjon av 17. juni 1999 om like høve til sysselsetjing for funksjonshemma 6 vert det stadfesta på nytt at like høve til deltaking i det sosiale og økonomiske livet er grunnleggjande rettar for funksjonshemma.

  5. I konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet i Lisboa 23.-24. mars 2000 vert medlemsstatane oppmoda om å leggje større vekt på sosial utstøyting i politikken sin på områda sysselsetjing, utdanning og opplæring og helse- og bustadsspørsmål, og om å definere prioriterte tiltak for særskilde målgrupper, som t.d. funksjonshemma.

  6. I Den europeiske sosiale dagsordenen, som vart vedteken under møtet til Det europeiske rådet i Nice 7.-9. desember 2000 7, vert det slått fast at Den europeiske unionen, særleg i samband med Det europeiske året for funksjonshemma 2003, skal gjere alle tiltak for å sikre ei betre integrering av funksjonshemma på alle område av samfunnslivet.

  7. I 2003 er det ti år sidan Generalforsamlinga i SN vedtok standardreglane for like høve for menneske med funksjonshemming, som har ført til store framsteg når det gjeld ei tilnærming til funksjonshemming som er i samsvar med prinsippa for menneskerettane.

  8. Denne avgjerda respekterer dei grunnleggjande rettane og etterlever særleg dei prinsippa som er sannkjende i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar 8. Denne avgjerda tek særleg sikte på å fremje bruken av prinsippa om lik handsaming og integrering av funksjonshemma.

  9. Europaparlamentet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet har oppmoda Fellesskapet om ein sterkare medverknad i den innsatsen medlemsstatane gjer for å fremje like høve for funksjonshemma med sikte på at dei skal integrerast i samfunnet.

  10. Kommisjonen vedtok 10. mai 2000 meldinga «På veg mot eit Europa utan hindringar for funksjonshemma», der han tek på seg å utarbeide og støtte ein overordna og integrert strategi med sikte på å overvinne hindringar på det sosiale plan og når det gjeld bygningar og utforming som heilt unødvendig avgrensar det høvet som funksjonshemma har til å ta del i sosial og økonomisk verksemd. Parlamentet har samrøystes vedteke ein liknande resolusjon.

  11. Den allmenne ramma som er fastsett i direktiv 2000/78/EF 9 og i fellesskapshandlingsprogrammet til kamp mot ulik handsaming med sikte på å støtte og utfylle lovgjevingsmessige tiltak på fellesskaps- og på medlemsstatsplan, som vart innført ved vedtak 2000/750/EF 10, tek sikte på endre praksis og haldningar ved å mobilisere dei aktørane som det gjeld, og ved å oppmuntre til utveksling av informasjon og god praksis.

  12. Utestenginga av funksjonshemma frå arbeidsmarknaden har ein klar samanheng med haldningar og med manglande informasjon om funksjonshemmingar, og difor er det naudsynt å auke forståinga i samfunnet om kva rettar funksjonshemma har, kva dei treng og kva potensial dei har, og det krevst ein felles innsats frå alle dei partane som det gjeld, for å utvikle og fremje informasjonsstraumen og utvekslinga av god praksis.

  13. Auka medvit krev først og fremst verksame tiltak på medlemsstatsplan, som bør utfyllast med ein samla innsats på fellesskapsplan, og Det europeiske året vil kunne verke som ein katalysator for å auke medvitet og gje nye impulsar.

  14. Det er naudsynt med samanheng og komplementaritet med andre fellesskapstiltak, særleg med tiltak som gjeld kamp mot ulik handsaming og sosial utstøyting, og tiltak som kan fremje utdanning, opplæring, menneskerettar og jamstelling mellom kvinner og menn.

  15. Den felles fråsegna av 20. juli 2000 gjev budsjettstyresmakta fullmakt til å gje fråsegn med omsyn til om dei nye framlegga som har budsjettmessige følgjer, eventuelt kan sameinast med den finansielle ramma, utan at det fører til innskrenkingar i den eksisterande politikken.

  16. Avtala om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtala) inneheld føresegner om eit nærmare samarbeid på området sosiale saker mellom på den eine sida Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane i EF, og på den andre sida dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som tek del i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EFTA/EØS-statane). Programmet bør opnast for deltaking på den eine sida for dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa (ASSAE) i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda, og på den andre sida for Kypros, Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med desse statane.

  17. I denne avgjerda er det ført opp ein finansiell referansesum, slik det er definert i punkt 34 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betring av framgangsmåten for budsjetthandsaming 11, utan at dette rører ved dei fullmaktene som budsjettstyresmakta har i medhald av traktaten.

  18. Ettersom måla for det framlagde tiltaket, som tek sikte på å auke medvitet på europeisk plan om rettane til funksjonshemma personar, ikkje i tilstrekkeleg grad kan nåast av medlemsstatane, m.a. fordi det trengst fleirsidige partnarskap, utveksling av informasjon over landegrensene og spreiing av god praksis i heile Fellesskapet, og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  19. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 12 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av Det europeiske året for funksjonshemma

Året 2003 skal vere «Det europeiske året for funksjonshemma».

Artikkel 2

Mål

Måla med Det europeiske året for funksjonshemma skal vere

  1. å auke medvitet om dei rettane som funksjonshemma har til vern mot ulik handsaming og til å kunne nytte seg av rettane sine fullt ut og på like vilkår,

  2. å oppmuntre til ettertanke og drøfting med omsyn til tiltak som er naudsynte for å fremje like høve for funksjonshemma i Europa,

  3. å fremje utveksling av røynsler med god praksis og verksame strategiar som er utarbeidde på lokalt, nasjonalt og europeisk plan,

  4. å styrkje samarbeidet mellom alle dei partane som det gjeld, særleg regjeringar, partane i arbeidslivet, ikkje-statlege organisasjonar, sosialtenester, den private sektoren, frivillige grupper og funksjonshemma og familiane deira,

  5. å betre kommunikasjonen når det gjeld funksjonshemming, og å fremje eit positivt bilete av funksjonshemma personar,

  6. å auke medvitet om at funksjonshemma personar er ei heterogen gruppe, og at det finst mange former for funksjonshemming,

  7. å auke medvitet om at funksjonshemma personar vert utsette for mange former for ulik handsaming,

  8. å leggje særleg vekt på å auke medvitet om dei rettane som funksjonshemma born og unge har til utdanning på like vilkår, for såleis å oppmuntre til og støtte ei fullstendig integrering av dei i samfunnet, og å fremje utviklinga av eit europeisk samarbeid mellom fagfolk som arbeider med utdanning av funksjonshemma born og unge, med sikte på at elevar og studentar som treng særskild merksemd, skal verte betre integrerte i vanlege eller spesialiserte utdanningsinstitusjonar og i nasjonale og europeiske utvekslingsprogram.

Artikkel 3

Innhald i tiltaka

  1. Dei tiltaka som er gjorde med sikte på å stette dei måla som er fastsette i artikkel 2, kan omfatte utarbeiding av eller støtte til følgjande:

    1. tilrettelegging av møte og tilskipingar,

    2. opplysnings- og reklamekampanjar i alle medlemsstatane i Den europeiske unionen,

    3. samarbeid med kringkastings- og medieorganisasjonar,

    4. rundspørjingar og rapportar på fellesskapsplan.

  2. I vedlegget vert det gjort nærmare greie for dei tiltaka som er nemnde i nr. 1.

Artikkel 4

Gjennomføring på fellesskapsplan

Kommisjonen skal sikre at dei fellesskapstiltaka som er omfatta av denne avgjerda, vert gjennomførde i samsvar med vedlegget.

Kommisjonen skal jamleg utveksle synspunkt på fellesskapsplan med representantar for funksjonshemma personar når det gjeld utforming, gjennomføring og oppfølging av Det europeiske året for funksjonshemma. For dette føremålet skal Kommisjonen gjere dei relevante opplysningane tilgjengelege for desse representantane. Kommisjonen skal kome med ei fråsegn til det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 6 nr. 1.

Artikkel 5

Samarbeid og gjennomføring på nasjonalt plan

  1. Kvar medlemsstat skal ha ansvaret for samordninga og gjennomføringa på nasjonalt plan av dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, medrekna utveljing av prosjekt i samsvar med del B i vedlegget.

    For dette føremålet skal kvar medlemsstat oppnemne eller peike ut eit nasjonalt samordningsorgan eller eit tilsvarande organ som skal ha ansvaret for å organisere deltakinga for den aktuelle medlemsstaten i Det europeiske året for funksjonshemma. Dette organet skal syte for at det representerer eit breitt spekter av organisasjonar for funksjonshemma og andre relevante aktørar.

  2. Dei tiltaka som krevst for å fastsetje tildeling av samla tilskot til medlemsstatane som støtte til innsats på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 6 nr. 2. Samla tilskot skal berre tildelast offentlegrettslege organ eller organ som utfører offentlege tenester som medlemsstatane garanterer for.

  3. Framgangsmåten for bruk av samla tilskot skal vere underlagd ei avtale mellom Kommisjonen og den aktuelle medlemsstaten.

    I samsvar med finansforordninga av 21. desember 1977 om det allmenne budsjettet til Det europeiske fellesskapet 13 skal framgangsmåten særleg fastsetje

    1. tiltaka som skal gjennomførast,

    2. kriteria for utveljing av støttemottakarar,

    3. vilkåra for og omfanget av støttesummen,

    4. føresegnene for overvaking av, vurdering av og finansiell kontroll med det samla tilskotet.

Artikkel 6

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval (heretter kalla «Utvalet»).

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 7

Finansielle føresegner

  1. Tiltak som omfattar heile Fellesskapet, slik det er gjort greie for i del A i vedlegget, kan få støtte med opptil 80 % av kostnadene, eller gje høve til at det vert gjort avtale om offentlege innkjøp over det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa.

  2. Tiltak som er lokale, regionale eller nasjonale, eventuelt tverrnasjonale, slik det er gjort greie for i del B i vedlegget, kan samfinansierast over det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa med opptil 50 % av dei samla kostnadene.

Artikkel 8

Framgangsmåte for innsending og utveljing av søknader

  1. Avgjerder om finansiering og samfinansiering av tiltak i medhald av artikkel 7 nr. 1 skal takast i samsvar med framgangsmåten med rådgjevande utval som er nemnd i artikkel 6 nr. 2. Kommisjonen skal syte for at det er ei jamn fordeling mellom ulike aktuelle typar verksemd.

  2. Søknader om finansiering av tiltak i medhald av artikkel 7 nr. 2 skal leggjast fram for medlemsstatane. På grunnlag av fråsegna frå dei nasjonale samordningsorgana skal medlemsstatane velje ut støttemottakarar og gje finansiell støtte til søkjarar som er valde ut i samsvar med artikkel 5 nr. 3.

Artikkel 9

Samanheng og komplementaritet

Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for at det er samanheng mellom dei tiltaka som er fastsette ved denne avgjerda, og andre fellesskapstiltak og -initiativ

Kommisjonen skal likeins syte for at det vert gjort ein eigna innsats for gjere det mogleg for funksjonshemma å ta del på like vilkår i fellesskapsprogram og -initiativ.

Kommisjonen skal syte for at det er størst mogleg komplementaritet mellom Det europeiske året for funksjonshemma og andre eksisterande initiativ og ressursar på fellesskapsplan og på nasjonalt og regionalt plan, i den grad dei kan medverke til at måla for Det europeiske året for funksjonshemma vert nådde.

Artikkel 10

Deltaking for EFTA/EØS-statane, dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa, Kypros, Malta og Tyrkia

Det europeiske året for funksjonshemma er ope for deltaking for følgjande statar:

  1. EFTA/EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

  2. søkjarstatane i Sentral- og Aust-Europa (SSAE) i samsvar med dei vilkåra som er fastlagde i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,

  3. Kypros, Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med desse statane.

Artikkel 11

Budsjett

  1. Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av denne avgjerda er 12 millionar euro.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

  3. Tiltak med sikte på å førebu innføringa av Det europeiske året for funksjonshemma kan finansierast frå og med 1. januar 2002.

Artikkel 12

Internasjonalt samarbeid

Innanfor ramma av denne avgjerda kan Kommisjonen samarbeide med relevante internasjonale organisasjonar.

Artikkel 13

Overvaking og vurdering

Kommisjonen skal seinast 31. desember 2004 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om gjennomføringa, resultata og den samla vurderinga av dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, medrekna ei vurdering av dei langsiktige verknadene av tiltaka. Kommisjonen skal syte for at rapporten vert utarbeidd i format som er tilgjengelege for funksjonshemma.

Artikkel 14

Iverksetjing

Denne avgjerda skal kunngjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Ho skal nyttast frå den dagen ho vert kunngjord.

Utferda i Brussel, 3. desember 2001.

For Rådet

F. VANDENBROUCKE

Formann

Vedlegg

Omtale av dei tiltaka som er nemnde i artikkel 3

A. Tiltak på fellesskapsplan

  1. Møte og tilskipingar:

    1. tilrettelegging av møte på fellesskapsplan,

    2. tilrettelegging av tilskipingar for å auke medvitet om rettane til funksjonshemma personar, medrekna konferansar i samband med opninga og avslutninga av Det europeiske året for funksjonshemma.

  2. Opplysnings- og reklamekampanjar som omfattar:

    1. utarbeiding av ein logo og av slagord for Det europeiske året for funksjonshemma, som skal nyttast i tilknyting til all verksemd i samband med dette året,

    2. ein opplysningskampanje på fellesskapsplan,

    3. framstilling av verktøy og hjelpemiddel som skal vere tilgjengelege for funksjonshemma i heile Fellesskapet,

    4. eigna initiativ frå ikkje-statlege europeiske organisasjonar med sikte på spreiing av opplysningar om Det europeiske året som er utforma slik at dei er tilgjengelege for personar som har særlege eller fleire ulike funkjonshemmingar, og/eller for funksjonshemma som vert utsette for fleire former for ulik handsaming,

    5. tilskiping av europeiske konkurransar der merksemda vert retta mot det som er oppnådd og dei røynslene som er gjorde i samband med temaa for Det europeiske året for funksjonshemma.

Kommisjonen skal syte for at organisasjonane for funksjonshemma vert tekne med i planlegginga av bodskap og bilete som vert utarbeidde i samband med opplysningskampanjen.

  1. Andre tiltak:

    Samarbeid med kringkastings- og medieorganisasjonar for å spreie opplysningar om Det europeiske året for funksjonshemma når det gjeld bruk av nye verktøy som gjev enklare tilgang til slike opplysningar (t.d. teksting for høyrselshemma og biletforklaring for synshemma) og i størst mogleg grad til andre program, og for å betre kommunikasjonen når det gjeld funksjonshemma personar.

    Rundspørjingar og granskingar på fellesskapsplan, medrekna ein serie spørsmål som tek sikte på å vurdere verknaden av Det europeiske året for funksjonshemma, og som skal leggjast inn i ei Eurobarometer-gransking og ein vurderingsrapport om effektiviteten og verknaden av det nemnde året. Denne granskinga må òg vurdere den innsatsen som er gjord for å integrere desse personane i Fellesskapet, særleg gjennom program som skal fremje eit sjølvstendig levevis.

  2. Denne finansieringa kan ha følgjande form:

    • direkte kjøp av varer og tenester, særleg innanfor kommunikasjon, gjennom innbydingar til opne og/eller avgrensa tilbodskonkurransar,

    • direkte kjøp av rådgjevingstenester, gjennom innbydingar til opne og/eller avgrensa tilbodskonkurransar,

    • tilskot til å dekkje utgifter til særskilde tilskipingar på europeisk plan med sikte på å framheve og auke medvitet om Det europeiske året for funksjonshemma; slik finansiering skal ikkje overstige 80 %.

B. Tiltak på nasjonalt plan

Tiltak som vert lagde fram på lokalt, regionalt og nasjonalt plan, kan stette vilkåra for å verte finansierte over fellesskapsbudsjettet med opptil 50 % av kostnadene, alt etter kva type tiltak det dreier seg om og kva slags innhald dei har. Slike tiltak kan m.a. vere:

  1. Tilskipingar som har samanheng med måla for Det europeiske året for funksjonshemma, medrekna ei tilskiping i samband med opninga av året.

  2. Andre opplysningskampanjar og tiltak for å spreie døme på god praksis enn dei som det er gjort greie for i del A nr. 2 i dette vedlegget.

  3. Utdeling av prisar eller tilskiping av konkurransar.

  4. Andre rundspørjingar og granskingar enn dei som er nemnde i del A nr. 3.

C. Tiltak som ikkje kan få finansiell støtte over fellesskapsbudsjettet

Fellesskapet vil gje moralsk støtte, medrekna skriftleg løyve til å nytte logoen og anna materiale som har samanheng med Det europeiske året for funksjonshemma, til initiativ som er sette i verk av offentlege eller private organisasjonar når desse organisasjonane kan stadfeste overfor Kommisjonen at initiativa alt er eller vil verte sette i verk i 2003, og at dei kan ventast å medverke monaleg til at eitt eller fleire av måla for Det europeiske året for funksjonshemma vert nådde.

For gjennomføringa av denne avgjerda kan Kommisjonen, til ymsesidig nytte for Kommisjonen og støttemottakarane, nytte seg av fagleg og/eller administrativ hjelp når det gjeld identifisering, førebuing, forvalting, overvaking, revisjon og kontroll av dei tiltaka som er fastsette i artikkel 3.

Kommisjonen kan likeins gjennomføre granskingar, skipe til møte mellom sakkunnige, setje i verk opplysningskampanjar og gje ut publikasjonar som har samanheng med målet for denne avgjerda.

Fotnotar

1.

TEF C 240 av 28.8.2001, s. 160.

2.

Fråsegn gjeven 15. november 2001 (enno ikkje offentleggjord i TEF).

3.

Fråsegn gjeven 17. oktober 2001 (enno ikkje offentleggjord i TEF).

4.

Fråsegn gjeven 15. november 2001 (enno ikkje offentleggjord i TEF).

5.

TEF C 12 av 13.1.1997, s. 1.

6.

TEF C 186 av 2.7.1999, s. 3.

7.

TEF C 157 av 30.5.2001, s. 4.

8.

TEF C 364 av 18.12.2000, s. 1.

9.

TEF L 303 av 2.12.2000, s. 16.

10.

TEF L 303 av 2.12.2000, s. 23.

11.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1.

12.

TEF C 184 av 17.7.1999, s. 23.

13.

TEF L 356 av 31.12.1977, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 762/2001 (TEF L 111 av 20.4.2001, s. 1).