5 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking for EFTA/EØS-statane i det femte likestillingsprogrammet til EU vil EØS-komiteen vedta ei endring av artikkel 5 i protokoll 31 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar det nye likestillingsprogrammet (2001-2005). I innleiinga til utkastet til avgjerd vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga og visse protokollar i avtala. Vidare vert det slått fast at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte rådsavgjerd om fastsetjing av det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005).
Artikkel 1 i utkastet slår fast at denne avgjerda vert teken inn i artikkel 5 nr. 8 tredje avsnittet i protokoll 31 i EØS-avtala.
Artikkel 2slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Ho skal nyttast frå 1. januar 2001.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.