3 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 98, som gjennom avgjerd i EØS-komiteen gjer det mogleg å endre vedlegga til EØS-avtala.
Artikkel 1 i avgjerda i EØS-komiteen slår fast at rådsdirektiv 1999/63/EF om avtala om organisering av arbeidstida til sjøfolk skal takast inn som nytt nr. 32 b i vedlegg XVIII til EØS-avtala.
Artikkel 2 slår fast at teksta til rådsdirektiv 1999/63/EF skal utarbeidast på norsk og islandsk, som skal ha same rettskrafta som dei andre språka, og vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 28. oktober 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har fått alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.