1 Innleiing
1.1 Olje- og energidepartementet sin proposisjon
Olje- og energidepartementet legg med dette fram proposisjon til Stortinget om å gje løyve til å føre vatn mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet i Øvre Ottavassdraget i Skjåk kommune i Oppland.
1.2 Bakgrunn for proposisjonen
Ved kongeleg resolusjon 8. juni 2001 fekk Opplandskraft DA og Tafjord kraftselskap AS konsesjon til å byggje Framruste og Øyberget kraftverk i Skjåk kommune. Konsesjonen vart gjeven med bakgrunn i ein planendringssøknad i samband med den saka som vart handsama i Stortinget i juni 1999, jf. St.meld. nr. 50 (1997-98) og Innst. S. nr. 200 (1998-99).
Kraftverka er planlagt gjort ferdige i 2005. Øyberget kraftverk vil nytte begge reguleringsmagasina, medan Framruste kraftverk berre vil nytte driftsvatn frå Raudalsmagasinet.
Ei overføring av vatn frå Breidalsmagasinet til Raudalsmagasinet via tunnel vil gjere det mogleg å nytte Breidalsmagasinet og i Framruste kraftverk. Prosjektet vil gje om lag 125 GWh/år ny kraft. Overføringa vil gje om lag 20.000 innvunne naturhestekrefter (nat.hk.). I tillegg til betre utnytting av vassressursen vil overføringa medverka til ei litt forbetra flaumdemping i Ottadalføret.
Sidan Stortinget i 1999 handsama ein større søknad om kraftutbygging i Øvre Otta, legg Olje- og energidepartementet den omsøkte overføringa fram for Stortinget i medhald av vassdragsreguleringslova.
1.3 Konsesjonssøkjaren
Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) er ei brukseigarforeining stifta med basis i § 9 i vassdragsreguleringslova. GLB er ansvarleg for 26 reguleringar og overføringar i Glomma og Lågenvassdraget. Medlemane i foreininga er kommunale, fylkeskommunale og private kraftselskap som til saman produserer om lag 10 TWh i eit gjennomsnittleg år.
1.4 Søknaden
GLB har søkt om løyve til å overføre vatn mellom to magasin som har vore regulert for kraftproduksjon sidan tidleg på 1940-talet i Skjåk kommune i Oppland. Overføringa føreset tidvis pumping av vatnet frå Breidalsvatnet som følgje av innbyrdes ulike kotehøgder for høgaste og lågaste regulerte vasstand (HRV og LRV) i dei to magasina. Det omsøkte prosjektet gjer det ikkje naudsynt med endring av eksisterande reguleringskonsesjonar for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet.
Det er naudsynt med løyve etter vassdragsreguleringslova for overføringa.