1 Samandrag
I denne proposisjonen blir det foreslått å auke ulike postar på budsjettet for utviklingshjelp for 2000 med 104,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjonar på andre postar. Forslaga blir fremma for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret, og for å støtte viktige humanitære tiltak som og skal omfatte innsats mot spreiing av hiv/aids. Det er blitt ledige midlar til omfordeling på grunn av at ODA-godkjente utgifter til flyktningar i Noreg i år blir mindre enn rekna med. Vidare blir det noko mindre innbetalingar til internasjonale finansinstitusjonar enn budsjettert. Dersom det blir fleire ledige midlar i 2000, m.a. som følgje av at dei ODA-godkjente utgiftene går ytterlegare ned, vil Regjeringa komme attende til dette i nysalderingsproposisjonen som blir lagt fram i månadsskiftet november/desember 2000.