1 Bakgrunn
Fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing vart etablert for å styrkje det europeiske samarbeidet med omsyn til å redusere risiko og skade på menneske, miljø og eigedom ved naturkatastrofar og teknologiske katastrofar. Programmet vart vedteke for perioden 2000–2004, men vart lengt til og med 2006 ved rådsvedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004.
EU evaluerer for tida arbeidet innanfor sivil katastrofevernebuing. Dette kan kome til å resultere i at eit nytt handlingsprogram på feltet vert vedteke for perioden 2007–2013. På bakgrunn av dette, og ettersom det eksisterande handlingsprogrammet gjekk ut 31. desember 2004, har EU sett det naudsynt å lengje handlingsprogrammet med to år, utan at innhaldet og intensjonane i programmet vert endra.
Noreg har teke del i EU sitt handlingsprogram for katastrofevernebuing sidan programmet vart etablert i 1998. St.prp. nr. 45 (1999–2000) stadfesta Noreg si deltaking i programmet til og med 2004. Norsk deltaking i lenginga av handlingsprogrammet fører med seg ei plikt til løyving av midlar over to år (2005 og 2006) på om lag 680 000 NOK. Stortinget sitt samtykke er difor naudsynt etter Grunnlova § 26, andre leddet.
Ettersom lenginga gjeld allereie frå 2005, er det viktig med ein så rask avgjerdsprosedyre som mogleg. For å få dette til er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsavgjerd nr. 2005/12/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.