3 Tilhøvet til norsk rett, økonomiske og administrative konsekvensar
I medhald av artikkel 7 bokstav a) i EØS-avtala skal «en rettsakt som tilsvarer en EØF-forordning som sådan gjøres til en del av avtalepartenes interne rettsorden». Når det gjeld Noreg, inneber dette at forordningar som vert tekne inn i EØS-avtala, skal ord for ord gjerast til norsk rett ved lov- eller forskriftsvedtak.
Rådsforordning 2964/95 gjeld eit avgrensa område og er utforma på ein svært teknisk og detaljert måte. Fordi norske lover er utforma på ein meir overordna og generell måte, medan dei detaljerte reglane går fram av forskrifter, er denne forordninga ikkje særleg godt eigna til å verte teken inn i norsk rett i lovs form. Men det finst ingen lovheimel som eignar seg direkte som heimel for ei forskrift som gjennomfører denne forordninga i norsk rett. Som følgje av at rådsforordning 2964/95 vert teken inn i vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala, vert det difor gjort framlegg om fastsetjing av ei generell heimelslov for rapporteringsordningar på energisektoren. Rådsforordning 2964/95 vil deretter verte gjennomførd i norsk rett ved ei eiga forskrift.
I medhald av artikkel 93 nr. 2 i EØS-avtala skal avgjerda i EØS-komiteen takast ved semje mellom Fellesskapet på den eine sida og EFTA-statane, som handlar samstemt, på den andre sida. Det følgjer av artikkel 103 nr. 1 at avgjerda vert bindande for Noreg først etter at Noreg har gjeve dei andre avtalepartane melding om at dei forfatningsrettslege krava er stetta, det vil seie at Stortinget har gjeve sitt samtykke.
Gjennomføringa av rådsforordning 2964/95 i norsk rett vil ikkje ha viktige økonomiske eller administrative konsekvensar. Men fordi gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen vil krevje lovendring, vert Stortinget bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.