1 Innleiing
I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om godkjenning av eit nytt investeringsprosjekt. Dei styrande dokumenta for innhaldet i denne proposisjonen er St.prp. nr. 45 (2000-2001) Omlegging av Forsvaret i perioden 2002-2005 og St.prp. nr. 42 (2003-2004) Den videre moderniseringen av Forsvaret i perioden 2005-2008. Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne investeringsproposisjonen er eit supplement til budsjettproposisjonen.
1.1 Innhald
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av eit nytt materiellprosjekt: Taktisk Data Link 16 (LINK-16).
Bygginga av nye fregattar og utviklinga av nye sjømålsmissilar.
Informasjonssaker: Følgjande saker vert til informasjon lagt fram for Stortinget: Nye fregattar - status for prosjektet sitt «risikobilete» og nedjustering av kostnadsramma for panserbekjempingsvåpen middels rekkevidde.