5 Vurdering
Utviklinga på medieområdet går i retning av stadig større internasjonalisering. Det er i norsk interesse å medverke til utviklinga av internasjonalt og europeisk kultursamarbeid. Norsk deltaking i MEDIA Plus vil gi norsk audiovisuell sektor høve til å utvikle både forretningsmessig og kulturell kompetanse. Norske produsentar, distributørar og yrkesutøvarar har oppnådd svært gode resultat innanfor ramma av MEDIA II. MEDIA Plus er i substans, innretting og organisering i all hovudsak ei vidareføring av MEDIA II.
Økonomien i norsk filmproduksjon er prega av at publikum i Noreg utgjer ein avgrensa marknad. Det er difor viktig å ta del i eit større internasjonalt samarbeid. Nettverksbygging ut over landegrensene vil kunne medverke til å styrkje den økonomiske og faglege utviklinga i den norske filmsektoren. Noreg har i mange år samarbeidd i Europa, mellom anna gjennom ein auke i talet på europeiske samproduksjonar. Desse internasjonale samproduksjonane har medverka til å utvide marknaden og det økonomiske grunnlaget for bransjen. Dette samarbeidet er òg viktig for å få impulsar frå andre land, og det kan lette tilgangen til utanlandsk kapital. Vidare kan norske filmar gjennom slikt internasjonalt samarbeid lettare bli distribuerte utanlands.
Noreg slutta seg til MEDIA 95 seint i 1993 og har vore med i MEDIA II sidan byrjinga i 1996. Røynslene frå programmet er svært gode. Norske yrkesutøvarar innanfor film- og fjernsynsmiljøa får verdefulle impulsar både når det gjeld økonomiske midlar og fagleg utvikling og kontakt gjennom ei aktiv utnytting av dei moglegheitene MEDIA II byr på.