1 Innleiing
Som eit ledd i arbeidet med å harmonisere rutiner og prosedyrar i samband med investeringane i Forsvaret, har Forsvarsdepartementet utvida den tidlegare bygg- og anleggsproposisjonen til og å omfatte materiellinvesteringar. Dette vart gjennomført første gong våren 1995.
Formålet med investeringsproposisjonen er å leggje fram for Stortinget Regjeringa sin politikk for ulike område av investeringsverksemda i Forsvaret og endringar og tillegg i investeringsprogramma. Utgangspunktet for godkjenning av investeringsbudsjettet vil framleis vere budsjettproposisjonen som vert fremja kvar haust, men investeringsproposisjonen gjer det mogeleg å ta opp med Stortinget naudsynte endringar i høve til budsjettproposisjonen.