1 Innleiing
I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2006, var på kr. 24.571.822,-. Det er løyvd kr 20.900.000,- på kap. 1541, post 01, Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2007.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet vil nemne ei sak særskilt: