St.prp. nr. 6 (1999-2000)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 1999

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 1999. Formålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 1998 vart utarbeidd.

Saker Stortinget bør informerast særskilt om vert omtala under del I Formål og hovudoversikt og bak under del III Spesielle saker. Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen i denne proposisjonen.

1.2 Forhold som endrar ramma for 1999-budsjettet

1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 1998

Avslutninga av rekneskapen for 1998 synte eit meirforbruk under kap 1760, post 48, kap 1710, post 01 og kap 1795, post 01 på totalt 120,007 mill. kroner, eller høvesvis 110,354 mill. kroner, 8,672 mill. kroner og 0,981 mill. kroner. Desse midla vil verte dekte ved at ramma for 1999 vert foreslått redusert tilsvarande, fordelt på kapitla som stod for overskridingane.

1.2.2 Netto meirinntekter i 1999

I forhold til inntekter løyvde i Blå bok 1999 vert det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 107,057 mill. kroner. Desse inntektene vert foreslått tillagt ramma for 1999 under tilvising til vedtakspost IV i St. prp. nr. 1 (1998-99) som gir Forsvaret ein generell meirinntektsfullmakt for alle inntekter under Forsvarsdepartementet, unnateke militære bøter og inntekter frå refusjoner i samband med Internasjonale fredsoperasjonar. Meirinntekt grunna refusjonar frå FN utgjer 60,092 mill. kroner. Dette er refusjonar i samband med operasjonar frå tida før unntaket om inntekter i samband med Internasjonale operasjonar, vart lagt inn i meirinntektsfullmakta omtala ovanfor. Brutto meirinntekt 1999 utgjer samla 229,867 mill. kroner, jf. spesifikasjon i pkt 2.2. Brutto mindreutgift utgjer samla 122,810 mill. kroner med følgande fordeling:

Kap 4760, post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid er redusert med 105 mill. kroner grunna lavare refusjonar frå NATO enn venta, kap 1760, post 48 er tilsvarande redusert. Kap 4725, post 15 Refusjon frå lærlingeordninga er redusert med 14 mill. kroner, kap 1725, post 01 Driftsutgifter er tilsvarande redusert. Kap 4719, postane 70 Renter låneordning og 90 Lån til bustadformål, er til saman reduserte med 3,310 mill. kroner grunna lavt rentenivå og lavare innløysing av lån enn forventa.

1.2.3 Tilleggsløyving i 1999

Finansiering av Kosovo-styrka (KFOR)

Etter at luftoperasjonane mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) vart fullført i juni, vart det ved FN-sikkerhetsrådsresolusjon 1244 gjeve mandat til ein internasjonal styrke, Kosovo Force (KFOR), for å skapa trygge omgjevnader i Kosovo. Når det gjeld norsk deltaking i KFOR I, er Telemark bataljon (TMBN) initielt forsterka med eit ingeniørkompani, totalt 1,292 personell deployert til Kosovo, der operativ kommando vart overteke 12. oktober. I tillegg til TMBN deltar Noreg med informasjonsoffiserer, sambandselement og stabsoffiserar i hovudkvarter. Det norske bidraget inngår i den britisk leia brigaden i det sentrale Kosovo, der også Finland, Sverige og Canada stiller styrkebidrag.

Utgiftene i samanheng med å deployera nemnde einingar er for 1999 venta å vera 880 mill. kroner, som er foreslått tilleggsløyvde.

1.2.4 Midlar ført attende til statskassen

Det er for 1999 foreslått å føra tilbake til statskassen 163,035 mill. kroner i samanheng med mindreutgifter på kap 1792 Norske styrker i utlandet. Mindreutgifta kjem som følgje av at vårt styrkebidrag til SFOR (vår internasjonale styrke i Bosnia) er vesentleg redusert etter at KFOR (Kosovo) vart oppretta. Netto mindrebehov er 202,535 mill. kroner. Frå dette beløpet er det foreslått løyvd 38 mill. kroner til kjøp av SISU (pansra personellkjøretøy) og 1,5 mill. kroner til dekking av stabsoffiser i Øst-Timor.

1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperingsproposisjonen

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett (Blå bok) for 1999 og seinare løyvingsendringar som Stortinget har vedteke, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 1998. Det er og teke omsyn til Forsvarets del av lønskompensasjon for 1999, 54,5 mill. kroner.

I 1999 er det for Forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske løyvingsendringar ved følgjande:

  • St. prp. nr. 62 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 161 «Forsvarets bidrag ifm krisen i Kosovo» medført å auka utgiftsramma med 305 mill. kroner.

  • St. prp. nr. 67 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 236 (1998-99), «Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på Statsbudsjettet 1999» medførte å auke utgiftsramma med 682 mill. kroner og inntektsramma med 3,2 mill. kroner.

  • St. prp. nr. 87 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 223 (1998-99), «Om endringer i regulativ for tillegg mv til utskrevne vernepliktige mannskaper» medførte ein rammeauke på 10,566 mill. kroner.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 1999 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Blå bok 199924 439 244
Innst S nr 161 (1998-99)305 000
Innst S nr 236 (1998-99)682 000
Innst S nr 223 (1998-99)10 566
= Faktisk løyving før omgruppering25 436 810
Midlar ført over frå 1998341 967
Lønnskompensasjon for 199954 500
Disponible midlar i 1999 før omgruppering25 833 277

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 1999 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Blå bok 1999824 299
Innst S nr 236 (1998-99)3 200
= Løyving før omgruppering827 499

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 1998-120 007
Midlar ført attende til statskassen-163 035
Reduksjon løyving grunna mindreinntekter i 1999-122 810
Auka løyving grunna meirinntekter i 1999229 867
Tilleggsløyvingar880 000
=Sum behov ved omgrupperinga704 015
+ Løyving før omgruppering25 436 810
=Total løyving etter omgrupperinga26 140 825

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyving før omgruppering827 499
Netto meirinntekter107 057
=Sum behov ved omgrupperinga934 556

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at løyvingane vert endra med ein auke på 704,015 mill. kroner på utgiftsramma og ein auke på 107,057 mill. kroner på inntektsramma.

1.3.2 Utgifter

Tabell 1.5 Utgifter gruppert etter posttypar (i 1 000 kroner)

Mindreutg -
PostFormålMeirutg +
01Driftsutgifter711 116
21Spesielle driftsutgifter1 999
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-18 000
44Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeider, nasjonalfinansiert del-30 000
45Store nyskaffingar131 209
47Nye bygg og anlegg87 940
48Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid-125 354
50Overføringar til statsinstitusjonar-30 782
60Tilskot til kommunar430
70Rentestønad1 400
72Avgongsstimulerande tiltak-9 943
75Noregs tilskot til NATOs driftsbudsjett5 000
75Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, Noregs tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO-20 000
90Lån til private-1 000
Sum704 015

1.3.3 Inntekter

Tabell 1.6 Inntekter gruppert etter posttypar (i 1 000 kroner)

Mindreutg -
PostFormålMeirutg +
01Driftsinntekter66 954
11Salsinntekter21 726
15Refusjon arbeidsmarknadstiltak-14000
16Refusjon fødselspenger23
45Store nyskaffingar140 664
48Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter-105 000
70Renteinntekter-523
90Lån til bustadformål-2 787
Sum107 057

Tala i tabellane ovanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Til forsida