5 Konsekvensar for budsjettet
Staten, ved Olje- og energidepartementet, har under føresetnad om samtykkje frå Stortinget inngått avtale med Norske Skog om heimfall og tilbakesal av 22,9 prosent av Hofsfoss kraftverk.
Olje- og energidepartementet rår til at Stortinget godkjenner avtalen i vedlegg 1 til proposisjonen, jf. Forslag til vedtak II. Overdraginga av 22,9 prosent av vassfallet får verknad frå 14. desember 2000. Salssummen på 42 mill. kroner vart inntektsført i statsrekneskapen for 2000 under kap. 4826 Hjemfalte anlegg, post 03 Salgsinntekter.
I samanheng med framlegg om sal av 22,9 prosent av Hofsfoss kraftverk til Norske Skog skal Ringerike kommune få 1/3 av salssummen. Dette utgjer 14 mill. kroner. Olje- og energidepartementet rår difor til at 14 mill. kroner vert løyvd under kap. 1826 Hjemfalte anlegg, post 60 Overføring til kommunale næringsfond.