2 Hovudinnhaldet i protokollen
I fortalen vert det mellom anna stadfesta at rettane til barnet krev særleg vern, og at det er naudsynt å styrkje vernet av barn mot deltaking i væpna konflikt. Partane fordømmer åtak på barn i situasjonar med væpna konflikt.
Artikkel 1 slår fast at partane i protokollen skal gjere alle gjennomførlege tiltak for å sikre at personar i dei væpna styrkane sine som ikkje er fylt 18 år, ikkje deltek direkte i stridshandlingar.
Artikkel 2 fastset at partane skal sikre at det ikkje skjer tvangsmessig rekruttering av personar under 18 år til dei væpna styrkane sine.
Artikkel 3regulerer frivillig rekruttering til dei væpna styrkane til partane. Etter nr. 1 skal partane heve aldersgrensa for frivillig rekruttering i heile år frå den aldersgrensa som er fastsett i barnekonvensjonen artikkel 38 nr. 3, det vil seie 15 år. Etter nr. 2 skal statane gje ei bindande erklæring ved ratifikasjonen eller tiltredinga til protokollen som fastset den nedre aldersgrensa for når rekruttering til dei væpna styrkane til partane er tillate. Regjeringa gjer framlegg om at Noreg gjer slik bindande erklæring ved ratifikasjon av protokollen:
Kongeriket Noregs regjering erklærer etter protokollen artikkel 3 nr. 2 at den nedre aldersgrensa for rekruttering til frivillig teneste i dei væpna styrkane er 18 år.
Etter nr. 3 skal partar som tillét frivillig rekruttering av personar under 18 år til dei væpna styrkane sine, halde ved lag vernetiltak for i det minste å sikre at rekrutteringa verkeleg er frivillig, at ho skjer med informert samtykke frå foreldra eller verja til personen, at personen er fullt ut informert om pliktene som følgjer av militærteneste, og at personen kan leggje fram påliteleg aldersprov før han eller ho vert teken inn i nasjonal militærteneste.
Nr. 4 opnar for at partane når som helst kan gje ei erklæring som set ei høgare aldersgrense for frivillig rekruttering. Etter nr. 5gjeld ikkje kravet om å heve aldersgrensa i nr. 1 for skular som vert drivne av dei væpna styrkane til partane, og som tek omsyn til prinsippa om barna si utdanning i barnekonvensjonen artikkel 28 og 29.
Artikkel 4 slår fast at væpna grupper utanfor dei væpna styrkane til ein stat ikkje under noko omstende bør rekruttere eller bruke personar under 18 år i stridshandlingar. Partane skal gjere alle gjennomførlege tiltak for å hindre slik rekruttering og bruk, mellom anna rettslege tiltak som krevst for å forby og kriminalisere slik praksis. Bruken av denne artikkelen skal ikkje røre ved den rettslege stillinga til nokon part i ein væpna konflikt.
Artikkel 5 presiserer at ikkje noko i protokollen skal tolkast på ein slik måte at det hindrar føresegner i lovgjevinga til ein part eller i internasjonale instrument eller internasjonal humanitærrett som kan verkeleggjere barnerettane på ein betre måte.
Artikkel 6 slår fast at kvar part skal gjere alle rettslege, administrative eller andre tiltak som krevst for å sikre ei effektiv gjennomføring av føresegnene i protokollen innanfor jurisdiksjonen til parten. Partane bind seg til å gjere prinsippa og føresegnene i protokollen allment kjende, både for vaksne og barn. Partane skal vidare gjere alle gjennomførlege tiltak for å sikre at personar under deira jurisdiksjon som er rekrutterte eller brukte i stridshandlingar i strid med protokollen, vert dimitterte eller på annan måte tekne ut av teneste. Når det krevst, skal partane gje slike personar all høveleg hjelp for å rehabiliterte dei fysisk og psykologisk og reintegrere dei sosialt.
I artikkel 7 vert det fastsett at partane skal samarbeide om gjennomføringa av protokollen, mellom anna om å hindre kvar aktivitet som er i strid med protokollen, og om rehabilitering og reintegrering av offer for handlingar i strid med protokollen. Samarbeidet skal omfatte fagleg samarbeid og økonomisk hjelp, som skal gjennomførast i samråd med dei partane i protokollen som saka kjem ved, og relevante internasjonale organisasjonar. Partar som er i stand til det, skal yte slik hjelp gjennom eksisterande fleirsidige, tosidige og andre program eller gjennom eit frivillig fond.
Partane er pålagde å rapportere til FNs barnekomité om gjennomføringa av protokollen, jf. artikkel 8. Overvakinga av at partane gjennomfører skyldnadene sine skjer såleis på den same måten som for barnekonvensjonen.
Artikkel 9 tillét alle statar som er partar i barnekonvensjonen eller har underteikna han, å bli partar i protokollen. At det blir opna for at også statar som ikkje er partar i barnekonvensjonen kan slutte seg til protokollen, representerer eit unntak frå det alminnelege prinsippet om at berre partar i ein hovudkonvensjon kan bli partar i tilhøyrande valfrie protokollar. Dette unntaket må sjåast på bakgrunn av at barnekonvensjonen står i ei særstilling med tilnærma universell tilslutning. Unntaket gjorde det mogeleg for USA å bli part i protokollen. Den valfrie protokollen om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi inneheld også same unntak. Instrument for ratifikasjon eller tiltreding skal deponerast hjå FNs generalsekretær. Generalsekretæren skal melde frå til alle partar i barnekonvensjonen og til statar som har skrive under barnekonvensjonen, om erklæringar etter protokollen artikkel 3. Avtrykk av FNs sertifiserte avtrykk av protokollen er nytta som vedlegg til denne proposisjonen. Ein må leggje til grunn at når dette avtrykket talar om artikkel 13 skulle det ha vore artikkel 3.
I artikkel 10 vert det slått fast at protokollen tek til å gjelde tre månader etter at det tiande instrumentet for ratifikasjon eller tiltreding er deponert. Protokollen tok til å gjelde 12. februar 2002. For statar som no blir partar, tek han til å gjelde ein månad etter at instrumentet for ratifikasjon eller tiltreding er deponert.
Av artikkel 11 følgjer det at kvar part kan seie opp protokollen når som helst ved skriftleg melding til FNs generalsekretær.
Etter artikkel 12 kan protokollen endrast etter visse prosedyrar. Artikkel 13 fastset at protokollen er inngått på arabisk, engelsk, fransk, kinesisk, russisk og spansk, og at alle tekstane er like gyldige. Protokollen skal deponerast i arkiva til FN.