1 Bakgrunn
Det følgjer av kringkastingslova § 8-3 at Stortinget fastset kringkastingsavgift for den som har kringkastingsmottakar. Kringkastingsavgifta blir fastsett av Stortinget ved handsaminga av statsbudsjettet og gjeld for komande kalenderår. Vedtaket blir fatta medio desember. Kringkastingsavgifta for 2007 er sett til 1 948 kroner ekskl. meirverdiavgift.
Norsk rikskringkasting AS (NRK) kom i 2003 inn i meirverdiavgiftssystemet med full frådragsrett for inngåande meirverdiavgift og 12 pst. meirverdiavgift på kringkastingsavgifta. Selskapet fekk kompensasjon for utgiftene knytte til meirverdiavgifta gjennom ei eiga løyving under Finansdepartementets budsjett, jf. kap. 1632, post 71. I 2004 vart meirverdiavgifta redusert til 6 pst. og kompensasjonen over statsbudsjettet fall bort. I 2007 er meirverdiavgiftssatsen 8 prosent.
Ansvaret for å krevje inn avgifta er lagt til NRK, jf forskrift av 23. oktober 1980 nr. 8798 om fjernsynsmottakarar. I dag fakturerer NRK lisensbetalarane to gonger per år, med forfall 1. mars og 1. september. Avgifta blir kravd inn på forskott for seks månader av gongen, dvs. at innbetalinga 1. mars gjeld perioden 1. mars - 31. august, mens innbetalinga 1. september gjeld for perioden 1. september - 28. februar det påfølgjande året.
Nye lisensbetalarar betaler avgift frå og med månaden etter at mottakaren blir innkjøpt. Dersom mottakaren blir tatt ut av bruk i perioden fell neste forfall bort. Det blir ikkje gitt refusjon for innbetalt kringkastingsavgift.
Gjeldande praksis for avgiftsinnkrevjing inneber at NRK periodiserer to månader av kringkastingsavgifta som inntekt i regnskapet året etter kalenderåret. Etter at NRK kom inn i meirverdiavgiftssystemet har dette skapt problem for NRK sine innbetalingar av meirverdiavgift. Når meirverdiavgiftssatsen blir endra med verknad frå årsskiftet, vil NRK 1. september ha kravd inn feil meirverdiavgift for dei to månadene inn i det nye året. Dette skjedde både i 2005 da meirverdiavgifta på kringkastingsavgifta vart auka frå 6 til 7 prosent og i 2006 då meirverdiavgifta vart auka til 8 prosent. I 2006 vart kringkastingsavgifta auka med 48 kroner, mellom anna for å kompensere for denne faseforskyvinga mellom innbetalt kringkastingsavgift og opptent meirverdiavgift.
I generalforsamlinga for 2005 bad dåverande kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland NRK om å setje i verk dei naudsynte førebuingane for å leggje om kringkastingsavgifta slik at periodane for innbetalingane følgjer kalenderåret. Stortinget vart orientert om dette i St.prp. nr. 1 (2005-2006).
I Budsjett-innst. S. nr. 2 (2006-2007)uttalte stortingsfleirtalet følgjande:
«Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Venstre, viser til at Stortinget hvert år vedtar kringkastingsavgiften for det etterfølgende kalenderår. NRK har regnskapsført avgiften med en faseforskyvning på to måneder. Likviditetsmessig har dette ikke hatt noen betydning, idet avgiften betales inn i to terminer, 1. mars og 1. september. Som følge av at kringkastingsavgiften nå er pålagt merverdiavgift, ble NRK i generalforsamlingen 2005 og i budsjettproposisjonen for 2006, bedt om å sørge for at periodene for innbetalingene følger kalenderåret i regnskapet. Dette flertallet har merket seg at NRK derfor pålegges å inntektsføre hele kringkastingsavgiften i det kalenderåret den blir innbetalt fra 2007. Dette er en ren regnskapsteknisk endring. Det får dermed ingen betydning for lisensbetalerne. Dette flertallet vil understreke at lisensen forutsettes betalt pr. 1. mars og 1. september på nøyaktig samme måte som før.»
Departementet har tolka dette slik at stortingsfleirtalet har føresett at inntektene frå kringkastingsavgifta frå og med 2007 skal inntektsførast i det aktuelle kalenderåret og at denne omlegginga ikkje skal få konsekvensar for lisensbetalarane.