INNLEIING
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.1 Administrasjon m.m., 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål, 21.5 Jernbaneformål og 22.1 Post. Sakene fordeler seg som følgjer:
Under 21.1 Administrasjon m.m.
Det blir gitt ei orientering om arbeidet med å utgreie prosjektet tunnel gjennom Gamlebyen i Oslo. Samferdselsdepartementet foreslår at det blir løyvd 8 mill. kr til prosjektet for å kunne følgje opp tidlegare stortingsvedtak.
Under 21.2 Luftfartsformål:
Det blir tilrådd å auke løyvinga til Oslo Lufthavn AS med 420 mill. kr på bakgrunn av eit tilsvarande redusert lånebehov i 1997.
Det blir gitt ei orientering om bruk av areal på Gardermoen.
Det blir gitt ei orientering om utviklinga i regional luftfart med omsyn til rutetilbod og forlenging av rullebanar.
Luftfartsverkets medverknad til bygging av nytt tårn på Sandefjord lufthavn, Torp blir vurdert, og det blir konkludert med at selskapet Sandefjord lufthavn AS har det økonomiske ansvaret for opprustinga av tårnet. Ein går likevel inn for å starte bygging av nytt tårn i Luftfartsverkets regi mot at utgiftene blir refunderte frå Sandefjord lufthavn AS.
I ei orientering om ny flyplass i Båtsfjord blir det konkludert med at flyplassen, trass i store overskridingar i forhold til dei opphavlege overslaga, blir bygd. Departementet legg likevel til grunn at realisering av nye Båtsfjord lufthamn må skje innanfor dei investeringsrammene som er sette av for dei regionale lufthamnene.
Det blir foreslått å redusere investeringsaktiviteten på flyplassanlegg med 50 mill. kr som eit bidrag til å dempe presset i økonomien.
Under 21.3 Vegformål:
Det blir orientert om kostnadsutvikling for vegprosjekt.
På grunn av kostnadsauke går departementet inn for at prosjektet rv 94 Stallogargoflågan ikkje blir starta i 1998. Departementet gjer i staden framlegg om at tildelte midlar for 1997 og 1998 blir mellombels omdisponerte til prosjektet Ev 69 Fastlandssamband til Magerøya (FATIMA).
Ev 69 Fastlandssamband til Magerøya (FATIMA) må tilførast 80 mill. kr ekstra i 1998 dersom anlegget skal stå ferdig 1. juni 1999, slik som det er føresett i St.prp. nr. 1 (1997-98).
Kostnadene for prosjektet Ev 134 Sentrumsring Drammen, parsell Bragernes er blitt høgare enn dei opphavlege kostnadsoverslaga slik at utbygginga blir seinka.
Når det gjeld Ev 134 Torespæren - Hegstad - Damåsen, er problemet at eit nytt vegstykke er blitt ståande ubrukt fordi det manglar ein tilknytingsveg til det eksisterande vegnett. Denne tilknytingsvegen vil med tida bli overflødig når heile prosjektet er ferdig. Ei framskunda utbygging utan tilknytingsveg vil likevel kunne resultere i at eit enda lengre vegstykke vil bli ståande ubrukt. Departementet går derfor inn for at tilknytingsvegen blir bygd, slik at vegen kan takast i bruk snarast råd. Dersom det frå lokalt hald kjem framlegg om alternativ finansiering for å framskunde i forhold til tidlegare planar (2002-2007), vil departementet sjå positivt på dette.
Kvelvet i Granfosstunnelen (rv 150 Granfosslinja i Akershus og Oslo) har fått større slitasje enn det ein i utgangspunktet rekna med. Utbetringa er kostnadsrekna til 150 mill. kr. Departementet tilrår at 60 mill. kr blir finansiert inneverande år over budsjettet til bompengeselskapet AS Fjellinjen.
Prosjektet rv 159 Knatten - Lørdagsrud - Vigernes x rv 22 er av ulike årsaker blitt dyrare enn rekna med. Departementet foreslår at Oslo låner inntil 75 mill. kr i bompengemidlar til Akershus til prosjektet, mot tilbakeføring i 1999. Behov ut over dette må dekkjast ved interne omdisponeringar i Akershus.
P.g.a. budsjettsituasjonen er det føresett at rv 174 forbi Jessheim (prosjektrv 174 Nybakk x rv 2 - Nordmokorset x rv 120) først kan finansierast i perioden 2002-2007. På bakgrunn av venta miljøulemper i Jessheim sentrum har Ullensaker kommune tatt initiativ til alternativ finansiering (forskottering) slik at vegen kan byggjast i 1998-99.
Det blir orientert om status i prosjektet Ev 6 gjennom Melhus i Sør-Trøndelag.
Da finansieringa ikkje er i orden, kan ikkje departementet tilrå at det i år blir gitt klarsignal for start av prosjektet fv 220 Bru til Sundøya i Nordland, slik det blei opna for i St.prp. nr. 1 (1997-98).
Det blir gitt ein statusrapport om prosjektet gassferjer.
Det blir gitt ei orientering om fylkesvegferjesambandet til Lurøy.
Under 21.5 Jernbaneformål:
Det blir gitt ei orientering om prosjektet nytt dobbeltspor Skøyen-Asker. Samferdselsdepartementet vil ikkje tilrå at ein går vidare med det finansieringsopplegget som Stortinget våren 1997 la til grunn. I staden vil ein tilrå at finansiering og organisering av utbygginga inngår som ein del av Oslopakke 2.
Det blir gitt ei orientering om prosjektet tilrettelegging for krengjetog. Krengjetog skal fasast inn i perioden 1998-2001. Ein tilrår at det for 1998 blir gitt ei tilleggsløyving på 72 mill. kr. Saman med tidlegare løyving (75,3 mill. kr) og omdisponerte midlar (96,1 mill. kr) vil i alt 243,4 mill. kr stå til disposisjon for krengjetogtiltak i 1998.
Under 22.1 Post:
Det blir påpeikt at Postens driftsresultat, p.g.a. AFP-ordninga, er blitt monaleg dårlegare enn tidlegare venta. På denne bakgrunn blir det tilrådd at utbyttekravet i Posten Norge BA blir redusert frå kr 72 000 000 til kr 0.
«Komiteen viser til at prosjektet Skjerdingstad - Jaktøya skal avlaste Melhus sentrum for gjennomgangstrafikk, fjerne ulykkespunkter og muliggjøre en miljømessig opprustning av sentrum.
Komiteen ser dette som svært viktig etter hvert som Melhus sentrum utvikler seg til et stadig viktigere senter i Trondheimsregionen.
Komiteen viser til at prosjektet, slik det nå foreligger, kommer i konflikt med Gaula, som er et vernet vassdrag.
Komiteen ber om at det foretas en justering av prosjektet slik at man finner løsninger som sparer landskapet langs elva, og forutsetter at elva ikke blir berørt.
Komiteen forutsetter at framdriften i prosjektet ikke forsinkes vesentlig, og slutter seg til at det bevilges 5 mill. kroner til videre planlegging.»
Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)
Nytt dobbeltspor Skøyen-Asker
Planlegging av nytt dobbeltspor Skøyen-Asker starta i 1992 og konsekvensutgreiinga, som er grunnlaget for kommunedelplanane i Asker, Bærum og Oslo, er no godkjent. Planane kan dermed bli godkjende i dei respektive kommunane. Framlegget frå Jernbaneverket er å etablere eit nytt dobbeltspor som går frå Skøyen via Lysaker, Sandvika og til Asker stasjon. Planprosessen har så langt vist at det er brei semje om å byggje ut jernbanen i Vestkorridoren.
Det er sett i verk ei konsekvensutgreiing for å avklare ei transportløysing for Fornebu. Dette planarbeidet har som føresetnad at det skal kunne fullførast innan utgangen av 1998. Høyringa i samband med dette arbeidet syner at fleire sentrale instansar har bedt om ei utgreiing av transportløysingar som kan nyttast ved ei tung utbygging av Fornebu. For å kunne takle ei tung utbygging blir det i konsekvensutgreiinga gjort framlegg om ulike baneløysingar, inkludert buttspor for jernbane. Etter ønskje frå Oslo kommune og Statens vegvesen, vil det også bli utgreidd ein alternativ trasé (med stasjon på Fornebu) for det nye dobbeltsporet mellom Skøyen og Sandvika.
Samferdselsdepartementet er tillagt ansvaret for at dette arbeidet, som ein del av utgreiinga i samband med bruk av bane til Fornebu, blir gjennomført i løpet av hausten 1998. Utviklinga av Fornebu vil få stor innverknad på transportsystemet i korridoren slik at dei samla kostnadene for utbygging av det nye dobbeltsporet og bruk av bane til Fornebu må utgjere grunnlaget for valet av transportløysingar. Samferdselsdepartementet vil i samband med dette sjå til at ei alternativ løysing for dobbelsporet Skøyen-Asker blir vurdert i den planprosessen som no er sett i verk for å få fram eit vedtak med brei lokal oppslutning.
Ved handsaminga av St.meld. nr. 39/Innst. S. nr. 253 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007 bad Stortinget Regjeringa leggje fram ein plan for gjennomføring av nytt dobbeltspor Skøyen-Asker. Av vedtaket går det fram at element i denne planen kan vere at utbygginga organiserast som eit eige selskap som får høve til å ta opp lån på inntil 1 600 mill. kr i perioden 1998-2001. I vedtaket blir det lagt opp til at rentekostnaden på lånet blir dekt ved kommunal, fylkeskommunal og statleg medverknad og ved brukarfinansiering frå dei togreisande, medan tilbakebetaling blir dekt av framtidige ordinære løyvingar frå staten.
Samferdselsdepartementet har teke denne saka opp med dei lokale styresmaktene dette gjeld, dvs. Akershus fylkeskommune, Oslo kommune, Asker kommune og Bærum kommune, og har bedt om deira syn på å medverke til ei slik finansiering. Ut frå dei tilbakemeldingane Samferdselsdepartementet har fått frå den politiske handsaminga i samferdsels- og miljøkomiteen i Oslo kommune og formannskapet i Asker kommune, og tilbakemelding frå Akershus fylkeskommune og Bærum kommune, er det ikkje vilje til å medverke med kommunale midlar til å dekkje rentekostnadene på lån til finansiering av utbygginga av nytt dobbeltspor Skøyen-Asker. Samferdselssjefen i Akershus fylkeskommune, som i denne saka har hatt eit koordineringsansvar for dei lokale styresmaktene, har opplyst til Samferdselsdepartementet at fylkeskommunen og kommunane meiner at finansiering av jernbaneutbygging er eit statleg ansvar og at utbygginga og dermed finansieringa av nytt dobbeltspor Skøyen-Asker må inngå som ein del av Oslopakke 2.
På bakgrunn av den negative tilbakemeldinga frå dei lokale styresmaktene dette gjeld, meiner Samferdselsdepartementet at ein viktig føresetnad for finansieringsvedtaket fell bort. Samferdselsdepartementet vil dessutan peike på at det vedteke finansieringsopplegget i realiteten er ei form for forskottering der mellom anna staten i tillegg til å dekkje utbyggingskostnadene også må vere med å betale rentekostnadene. Dette bryt med det som er vanleg for statleg forskottering, som så langt har vore at staten ikkje dekkjer rentekostnader. Samferdselsdepartementet vil derfor ikkje tilrå at ein går vidare med det finansieringsopplegget som Stortinget våren 1997 la til grunn, men foreslår i staden at finansiering og organisering av utbygginga av nytt dobbeltspor Skøyen-Asker inngår som ein del av Oslopakke 2. Samferdselsdepartementet viser i denne samanheng til at utbygginga av dobbeltsporet Skøyen-Asker er eit av dei viktigaste jernbaneprosjekta som vil gå inn i Oslopakke 2 og at organisering og finansiering av prosjektet derfor ikkje bør takast ut av planen, men sjåast i samanheng med eit samla finansieringsopplegg for Oslopakke 2 som Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til som eiga sak. Dette er også i samsvar med innhenta fråsegn frå alle lokale styresmakter som er involverte i arbeidet med Oslopakke 2.
Tilrettelegging for krengjetog
Ved handsaminga av St.meld. nr. 39/Innst. S. nr. 253 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007 vedtok Stortinget å auke investeringsplanramma for å leggje til rette for krengjetog på Sørlandsbanen, Bergensbanen og Dovrebanen med 600 mill. kr utover foreslått planramme for perioden 1998-2001. For ei nærmare omtale av krengjetogtiltaka viser ein til St.meld. nr. 39/Innst. S. nr. 253 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007.
NSB BA har tinga nye krengjetog for levering i 1999 og 2000. For at verksemda skal få full nytte av krengjetoginvesteringane er det behov for ei opprusting av infrastrukturen på dei aktuelle strekningane. Krengjetogsatsinga til NSB BA vil auke kapasiteten og redusere reisetida til toga på dei aktuelle strekningane og er viktig for lønsemda til verksemda. NSB BA har ved investeringa i krengjetog lagt til grunn ei innsparing på ein time i reisetid på hovudstrekningane og oftare avgangar samanlikna med ekspresstoga i dag. Strekningane er prioriterte i følgjande rekkjefølgje: Oslo-Kristiansand, Oslo-Bergen, Oslo-Trondheim og Kristiansand-Stavanger. Auka kapasitet vil også vere til nytte for godstrafikken på desse strekningane.
Ved handsaminga av St.prp. nr. 1/Budsjett-innst. S. nr. 13 (1997-98) vedtok Stortinget ei løyving til krengjetogtiltak på 75,3 mill. kr. For å få gjennomført naudsynte tiltak i samband med innfasinga av dei nye krengjetoga har NSB BA meldt eit behov for å gjennomføre investeringar i 1998 på ytterlegare 250 mill. kr. NSB BA har samstundes søkt Samferdselsdepartementet om å få høve til å forskottere Jernbaneverket med desse midlane dersom Samferdselsdepartementet ikkje kan medverke til ei tilsvarande ekstraløyving i 1998.
Av omsyn til presset i norsk økonomi er det naudsynt å avgrense omfanget av nyinvesteringar i 1998, og Samferdselsdepartementet har derfor ikkje funne å kunne imøtekomme forslaget frå NSB BA fullt ut. Om ein finansierer dette i form av forskottering eller med ei ordinær løyving vil effekten på økonomien bli den same. Samferdselsdepartementet ønskjer samstundes å ta omsyn til behovet til NSB BA i samband med at verksemda allereie har tinga nye krengjetog og til at det er brei politisk semje om at dette er eit høgt prioritert jernbanetiltak. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at det for 1998 blir gitt ei tilleggsløyving på 72 mill. kr til krengjetogtiltak.
Ut frå den generelle budsjettsituasjonen i 1997 hadde Jernbaneverket ei stram styring av utgiftene, mellom anna ved at ein skauv på ein del investeringstiltak. Resultatet for 1997 på post 30 Investeringar i lina blei derfor eit mindreforbruk på til saman 96,1 mill. kr. Desse midla har Jernbaneverket fått overført til 1998, og Samferdselsdepartementet foreslår at dei blir brukte til krengjetogtiltak.
Inkludert vedteken løyving for 1998 på 75,3 mill. kr vil det dermed totalt for 1998 være disponibelt 243,4 mill kr til krengjetogtiltak. Løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, blir med dette auka frå 1 257,8 til 1 329,8 mill. kr.
Når det gjeld behov for ytterlegare midlar til gjennomføring av krengjetogtiltak i åra 1998-2001 på dei aktuelle jernbanestrekningane i samsvar med omtalte stortingsvedtak, jf. St.meld. nr. 39/Innst. S. nr. 253 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007, vil dette bli følgt opp i samband med handsaminga av dei årlege statsbudsjetta.
Kap. 5618 Innskottskapital i Posten Norge BA
Det er i St.prp. nr. 1 (1997-98) Samferdselsdepartementet lagt til grunn eit utbytte frå Posten på om lag 30 pst. av resultatet etter skatt for rekneskapsåret 1997. Ut frå forventa resultat er det i budsjettet lagt til grunn eit utbytte på om lag 72 mill. kr.
Utvidinga av AFP-ordninga i samband med lønnsoppgjeret 1997 har ført til at Postens driftsresultat er blitt monaleg dårlegare enn tidlegare venta. Ei vesentleg årsak til dette er at auken i pensjonsforpliktingar er ført som ein eingongskostnad i rekneskapen for 1997, jf. St.prp. nr. 15 (1997-98) Om endring av ein del løyvingar m.v. for 1997 på Samferdselsdepartementets område.
Postens rekneskap for 1997 syner eit underskott før skatt på 97 mill. kr for Posten Norge BA og 68 mill. kr for konsernet. Samferdselsdepartementet vil på bakgrunn av den framlagde rekneskapen for 1997 tilrå at det ikkje blir utbetalt utbytte frå Posten i 1998.