1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak og 21.50 Jernbaneformål.
Proposisjonen gjeld desse sakene:
Samferdselsdepartementet gjer greie for oppfølging av tilrådingane i rapport frå Statens havarikommisjon for transport om flytryggleiken i norsk luftfart i samband med dei omstillingsprosessane som fann stad.
Det blir orientert om helikoptertrafikken til plattformene i Nordsjøen og høvet til EU-forordning om felles føresegner om tryggleik i sivil luftfart.
Departementet foreslår å utvide bompengeinnkrevjinga på E6 Trondheim – Stjørdal for å delfinansiere bygging av ny Nidelv bru.
Departementet foreslår å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand for å finansiere gang- og sykkelvegtiltak.
Det blir orientert om endringar i avtalane mellom Sverige og Noreg om innkrevjing av bompengar på Den nye Svinesundsforbindelsen.
Departementet gjer greie for forskotering og omdisponering av midlar for å forsere utbygging av E39 Stangeland – Sandved i Sandnes kommune, Rogaland.
Det blir gjort greie for forskotering for utbetring av eksisterande veg på strekninga E39 Renndalen – Staurset bru i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.
Departementet gjer greie for ny gjennomgang av arbeidet med utbetring av tunnelane på E134 over Haukeli.
Det blir orientert om auke av bompengetakstane på rv 2 Kløfta – Nybakk i Akershus.
Departementet orienterer om det vidare arbeidet med prosjektet rv 150 Ulvensplitten – Sinsen i Oslo etter at ny reguleringsplan er utarbeidd.
Departementet gjer greie for framdrifta av arbeidet med Oslopakke 3.
Det blir orientert om at staten dekkjer kostnadene til opprydding mv. etter raset på rv 5 Fatlaberget i Sogn og Fjordane.
Det blir orientert om oppgradering av tunnelane mellom Ålesund og Ellingsøy og mellom Ellingsøy og Valderøy på rv 658 i Møre og Romsdal.
For rv 64 Bremsnes – Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal blir tidlegare vedtak om fordeling av eventuelle innsparingar i høve til kostnadsoverslaget, presisert.
Departementet gjer greie for raset i Hanekleivtunnelen på E18 i Vestfold, m.a. hendingsgangen, funna i rapporten frå undersøkingsgruppa og reparering av denne tunnelen og andre tunnelar i Vestfold.
Det blir orientert om inspeksjon av tunnelar, korleis dei blir gjennomførte og om EU-direktiv om minimum tryggleikskrav til vegtunnelar.
Departementet gjer greie for spørsmålet om å opprette eit sjølvstendig organ med ansvar for tilsyn på vegsektoren. I samband med dette er det også gitt ein omtale av uavhengige rådgivande kvalitetsgrupper på gjennomførte og pågåande prosjekt.
Det blir orientert om vinterdrifta, m.a. standarden og eventuelle forbetringar.
Departementet orienterer om at arbeidet med nytt køyretøy- og førarkortregister (Au2sys) blir meir omfattande og komplekst enn planlagt.
Departementet orienterer om utskifting av brikker i AutoPASS-anlegga.
Departementet orienterer om auka kapasitet i Tau-sambandet.
Det blir orientert om status i forhandlingene mellom Hurtigruten Group ASA og departement på grunn av avgiftsendringar i 2007.
Departementet foreslår å leggje ned sidesporet Skoppum – Horten, slik at det kan nyttast til gang- og sykkelveg.
Det blir orientert om auka kostnadsoverslag på dobbeltsporet Sandnes – Stavanger og Alnabruterminalen.