2 Samandrag og tilrådingar
Forslaget til regulering er basert på tilrådd forhandlingsresultat mellom staten og LO Stat, Akademikernes Fellesorganisasjon, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikerne og Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon frå lønsoppgjeret, med verknad frå 1. mai 2002. Dei vernepliktige mannskapa sine primærgodtgjersler blir tilrådd auka med 6,0 % frå 1. juli 2002. Meirutgiftene for 2002 er utrekna til 20,12 millionar kroner.
Det blir informert om omlegging av Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO).