5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Skipinga av eit system for handsaming og pådømming av saker etter direktivet, vil ikkje innebere vesentlege kostnader. Bruken av systemet vil derimot kunne føre med seg visse kostnader. Dei økonomiske konsekvensane vil vere avhengige av kor ofte systemet vil verte nytta, og kor kostnadskrevjande hansaming den einskilde staten har lagt opp til. Direktivet gjev styresmaktene eit viktig verkemiddel i arbeidet deira.