4 Endring i gradsnivå for militære embete
Med handsaminga av Innst S. nr. 198 (1995–96) til St.prp. nr. 38 (1995–96) blei den nedre grensa for militære embete fastsett til gradsnivå oberst/kommandør.
I proposisjonen gav departementet uttrykk for at det ville vurdere ei ytterlegare oppjustering av nedre grense for militære embete. I innstillinga har komiteen merka seg vurderinga til departementet og sagt seg samd i målet om betre jamstilling mellom militære og sivile leiarstillingar i Forsvaret og statleg verksemd elles, i høve til kva som blir definert som embete.
Etter den nedre grensa for militære embete som gjeld i dag, er det totalt omlag 240 embete frå gradsnivået oberst/kommandør til general/admiral. Av disse er om lag 164 oberst/kommandør, omlag 52 er brigader/flaggkommandør og omlag 25 har grad som general/admiral.
For å få betre jamstilling mellom militære og sivile leiarstillingar i Forsvaret og resten av statsforvaltninga, og å nå målet om reduksjon i talet på militære embete, er departementet kome til at det nå vil vere riktig å endre det fastsette gradsnivået for militære embete. Departementet vil derfor gjere framlegg om at gradsnivået for militære embete blir fastsett ikkje lågare enn brigader/flaggkommandør. Militære leiarstillingar i departementet vil på same vis som sivile leiarstillingar i departementet vere embetsstillingar.
Departementet finn det ikkje lenger naturleg at embetsgradsnivået for militære stillingar blir fastsett av Stortinget. På den måten vil departementet få den naudsynlege fleksibiliteten for justering av embetssnivået for militære stillingar sett i lys av samfunnsutviklinga elles.