1 Bakgrunn
Det ordinære avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli. Fordi fastlegeordninga blei innført 1. juni 2001, blei takstoppgjeret for legane framskunda til same datoen i fjor.
Ved oppgjeret per 1. juni 2001 blei det gitt tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 3,5 prosent for legane. For fysioterapeutane gav oppgjeret per 1. juli 2001 tillegg på 4,7 prosent og for psykologane tillegg på på 4,0 prosent. Reguleringane fekk verknad frå dei same datoane.
Dei respektive organisasjonane og staten, Kommunenes Sentralforbund og NAVO/helseforetaka har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og basistilskot/driftstilskot med 6,4 prosent, for fysioterapeutane ein auke med 6,2 prosent og for psykologane ein auke med 5,5 prosent. Rammejusteringane er rekna per 1. juli 2002. Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og tilskot inn i 2002, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå. Ved oppgjera i 2001 blei spørsmålet om kompensasjon for meirutgiftene som følgje av momsreformen i 2001 for dei tre gruppene utsett til oppgjera i 2002, og rammeaukene inneheld kompensasjon for desse meirutgiftene i 2002. I tillegg blir det gitt kompensasjon for andre halvår 2001 som eingongsavsetningar til dei ulike fonda.
Ved handsaminga av budsjettet for 2002 fatta Stortinget vedtak om at eigendelane for legehjelp, fysioterapi og psykologhjelp skal auke med 3,5 prosent frå 1. juli 2002. Det er teke omsyn til denne justeringa i løyvingane til refusjonar for 2002. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.