4 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 25. mai 2004 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2004 - 30. juni 2005.
Avtalen føreset ei regulering av driftstilskotet med 4,5 prosent og av takstane med 1,7 prosent frå 1. juli 2004. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Departementet tilrår at løyvinga for 2004 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 14,0 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 134 300 kroner i 2003. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet for 2004 blir fastsett til den same summen, fordi eigendelsauken på 12 prosent frå 1. januar 2004 og framlegget til auke i eigendelane med 5 prosent frå 1. juli 2004 samla vil gje kommunane den føresette inntektsauken for 2004.
Departementet tilrår at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4,0 mill. kroner.