1 Innleiing
I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om forskotsbompengar til rv 653 Eiksundsambandet med verknad frå 1. juli 1997, eller så snart som det er praktisk mogeleg. Føremålet med forskotsbompengane er å finansiere vidare planlegging og å lette ei eventuell seinare finansiering av prosjektet.
Eiksundsambandet vil gje fast vegsamband mellom øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande med til saman om lag 22 000 innbyggjarar, og fastlandskommunane Ørsta og Volda med til saman omlag 18 000 innbyggjarar. Øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande er i dag knytte saman med vegar og bruer, og mot omverda med fire ferjesamband og ei snøggbåtrute.
I St meld nr 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 s. 169 er prosjektet omtalt som eit mogeleg bompengeprosjekt. I St meld nr 34 (1992-93) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97 s. 223 er det gjort framlegg om midlar til prosjektet. Her står det vidare at «Samferdselsdepartementet tar sikte på å fremme en bompengeproposisjon så snart hovedplanen er endelig godkjent.» Samferdselskomiteen støtta prioriteringa av Eiksundsambandet, jf. Innst S nr 232 (1992-93) s. 64. I St meld nr 37 (1996-97) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 s. 123-124 er prosjektet omtalt. Det er her vist til at Samferdselsdepartementet tek sikte på å leggje fram ein proposisjon om forskotsbompengar i løpet av våren 1997.