1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1.
Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1692/2006 av 24. oktober 2006 om innføring av det andre «Marco Polo»-programmet for tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem (Marco Polo II), og om oppheving av forordning (EF) nr. 1382/2003 2, retta ved EUT L 65 av 3.3.2007, s. 12.
Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007.
Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem (Marco Polo-programmet) 3, med endringar, er nå teken inn i protokoll 31 artikkel 3 (Miljø) i avtala.
Det er meir høveleg å vise til forordning (EF) nr. 1382/2003 under overskrifta «Transport og mobilitet», og forordning (EF) nr. 1382/2003 bør difor flyttast til protokoll 31 artikkel 12 i avtala –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I protokoll 31 artikkel 12 i avtala vert det gjort følgjande endringar:
Nåverande nr. 2 blir nytt nr. 4 og skal lyde:
«EFTA-statene skal gi tilskudd til finansieringen av tiltakene nevnt i nr. 1, 2 og 3 i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a.»
Nye nr. 2 og 3 skal lyde:
«2. EFTA-statene skal fra 1. januar 2004 delta i følgende program:
32003 R 1382: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem (Marco Polo-programmet) (EUT L 196 av 2.8.2003, s. 1), endret ved:
32004 R 0788: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 788/2004 av 21. april 2004 (EUT L 138 av 30.4.2004, s. 17).
3. EFTA-statene skal fra 1. januar 2007 delta i følgende program:
32006 R 1692: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1692/2006 av 24. oktober 2006 om innføring av det andre «Marco Polo»-programmet for tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem (Marco Polo II), og om oppheving av forordning (EF) nr. 1382/2003 4 (EUT L 328 av 24.11.2006, s. 1), retta ved EUT L 65 av 3.3.2007, s. 12.»
Etter det nye nr. 4 skal nytt nr. 5 lyde:
5. «EFTA-statene skal delta fullt ut i de EF-komiteer og øvrige organer som bistår Kommisjonen i å forvalte, utvikle og gjennomføre fellesskapsprogrammene nevnt i nr. 2 og 3.»
Teksta i protokoll 31 artikkel 3 nr. 7 bokstav c) vert oppheva.
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 5.
Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, [...]
For EØS-komiteen
Formann
[...]
Sekretærar for EØS-komiteen
[...]