6 Finansiering
Dei vernepliktige mannskapa si økonomiske utvikling er særlig utsett ved null-oppgjer i staten. Forsvarsdepartementet har difor vedteke å fremja forslag om å løyva dei vernepliktige mannskapa ein kompensasjon svarande til auken i konsumprisindeksen frå april 2002 til april 2003, avrunda til næraste heile krone.
Kap 1719, post 43, Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, vert tilrådd minka med 8,693 millionar kroner til fordeling på dei andre kapitla på Forsvarsbudsjettet.
Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløysar tilsvarande verknad for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnektarlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvår 2003 er utrekna til 0,95 millionar kroner, som vert tilrådd dekt innafor eiga ramme på kapittel 450. Meirkostnadane førar til endringar i talet på sivile tenestepliktige som vert kalla inn og i mengda mannskap i siviltenesta.